Skikarusell 2012
Skikarusellen på Kleppa starter 7. januar 2012 . Barneskigruppa har planlagt 5 langrennskarusellar og to alpinkarusellar. Eventuelle endringar vert lagt ut på Syril si heimeside www.syril.net.
Bok for registrering av turar til Øvstestølen er lagt ut i varmebua.
Skikarusellen på Kleppa starter 7. januar 2012. Barneskigruppa har planlagt 5 langrennskarusellar og to alpinkarusellar. Eventuelle endringar vert lagt ut på Syril si heimeside www.syril.net .
- 07. januar - langrenn
- 21. januar - langrenn
- 04. februar - sonerenn/langrenn
- 11. februar - alpin/telemark
- 03. mars - langrenn
- 10. mars - alpin/telemark (evt. 11. mars i samband med Sognefjordrennet)
- 24. mars - langrenn/premieutdeling
Vanleg tid for avvikling av skikarusellar er 13.00 - 14.00. Premiutdeling siste dagen blir kl 14.30.
Ved skikarusell i langrennsløypa, kan deltakarane møte til start mellom dei oppgitte klokkesletta. Ved alpinkarusell er det påmelding i skihytta på Kleppa innan kl. 12 på renndagen. Nærare informasjon om karusellen 10 eller 11. mars kjem seinare.
Skikarusellen er eit tilbod til barn til og med 4. klasse. Alpinkarusellane har ikkje noko øvre aldersgrense.
Startnummer, som gjeld alle karusellane, kostar 100 kroner og vert seld i skihytta (gratis for dei som har Kleppakort). Startnummeret skal brukast på alle renna.
Turar til Øvstestølen
Inntil to turar til Øvstestølen kan telje med i karusellen. Det er lagt ut bok i varmebua. Vi tel med registreringar frå perioden 04.desember 2011 til 20. mars 2012.
Premiering
Det blir gitt eit poeng pr. karusellrenn/fjelltur. Det vert premiering for alle med 4 poeng eller meir. Premieutdeling laurdag 24. mars.