syril.net


Kai Henning Slinde vann tippekonkurransen

Kai Henning Slinde stakk av med sigeren i tippekonkurransen vi hadde før siste serierunden i Firdaligaen og 4. divisjon. Slinde fekk 8 av 12 rette, medan Joar Strand og Leif Johannes Lunde fylgde like bak med 7 rette.

Alle innsendte kupongar bomma på Jølster og Skavøypoll som begge overraska og slo topplaga Stryn og Saga.

Kai Henning Slinde stikk av med 1. premien som er noko godt til laurdagskosen (som kan vera so mangt...)

Topp 6:

Kai Henning Slinde 8
Joar Strand 7
Leif Johannes Lunde 7
Erlend Husabø 6
Steinar Henjum 6
Torstein Kvam 6

Kommentarer