Medlemsfordelar hjå Erling Røysum AS
Ved å bli medlem i Syril Idrettslag vil du få rabatt på alle varer i butikken som ikkje er på tilbod eller har nedsett pris.
Syril har følgjande avtale med Erling Røysum AS:
- Alle SYRIL-medlemar får 15 % på alle varer i butikken som ikkje er på tilbod eller har nedsett pris.
- Alle SYRIL-medlemar får 20 % på alt fortballutstyr som ikkje er på tilbod eller har nedsett pris.
- Det vert kun gjeve rabatt viss ein kan syne fram medlemskort ved betaling (her har vi bede Erling Røysum om å vere streng elles glir dette ut). Medlemskort for 2010 kan nyttast til nye kort for 2011 er på plass.
- Dei som er registrerte trenarar eller lagleiarar i fotballgruppa, får SYRIL sin overtrekksdress til sterkt redusert pris. Dressen kostar kr 1000,-. Erling Røysum gir 20 % rabatt, SYRIL fotball sponsar kr 450,- pr dress slik at trenarane eller lagleiarane slepp med å betale kr 350,- Den som ønskjer slik dress betalar eigendelen kontant i butikken og vert ført på i liste i SYRIL fotball sin perm i butikken. Dei som ekspederer kjenner til dette.
- Det er berre utstyrsansvarleg i fotballgruppa som har fullmakt til å gjere innkjøp på vegne av fotballgruppa i SYRIL hjå Erling Røysum (eller i andre butikkar). Treng de innkjøp av ustyr så ta kontakt med meg.
For meir informasjon om Erling Røysum AS sjå:
For å bli medlem klikk her