syril.net


Sesongstart også for støttespelarane

Arrangementskomiteen i Syril handball har sett seg eit stort mål for denne sesongen: Vi skal bli best på arrangement her i Sogn! 

Syril har fått mange gode tilbakemeldingar frå dommarar og lag om at vi har ein flott hall og eit veldig godt arrangement rundt kampane.Vi håpar denne sesongen vert like flott med mange kampar og mykje tilskodarar på tribuna.

Men positive tilbakemeldingar og eit godt omdømme kjem ikkje av seg sjølv. Klubben er avhengig av at foresatte har tid, anledning og lyst til å stille opp for både ungar, handball og Leikangerhallen for å skape ei fantastisk ramme òg rundt denne sesongen.
- Skulle det verte vanskeleg for dykk å stille opp forstår vi det, men de må ordne erstatning sjølv. Sjølv om borna dykkar ikkje skal spele på den dagen de er sett opp, må de fortsatt stille opp i sekretariat/kiosk, er oppmodinga frå Arrangementskomiteen.

Arbeidsoppgåver for sekretariat og kiosk:

Kiosk

Til dagens første kamp må ein møte opp 1 time før kampstart. For dei som skal ta 2. skiftet held det med 15 min før start.
Nøkkel til kiosk og pengeskrin skal hentast hjå Elin Christensen – Sognefjordvegen 99 – tlf 971 93 890.
Dei som skal ha kioskvakt lyt bake ei kake kvar.
Det ligg INFOMAPPE i kiosken over arbeidsoppgåver ein lyt utføre.
Om ein diverre ikkje har anledning til å stille opp, lyt ein finne erstatning sjølv.

Sekretariat

Til dagens første kamp må ein møte opp 45 min før kampstart. For dei som skal ta 2. skiftet held det med 15 min før start. Alle som skal sitte i sekretariatet og ikkje kan med displayet må lære seg dette før kampstart. Hent INFOMAPPE for sekretariat i kiosken. Her står all info som ein treng vite.
Om ein diverre ikkje har anledning til å stille opp, lyt ein finne erstatning sjølv.

Kommentarer