God start på handballsesongen for Syril sine gutar 12
Laurdag 5. november spelte Syril 6-6 mot Åtil på Tangen, etter å ha starta kampen med 4-0 i sin favør. Dei slo til mot Jotun i Øvre i og vann 14-6.
- Dette var moro, sa gutane, og trenarane var heilt enige.
Gutane jobba veldig godt i forsvar i begge kampane, og det vart til slutt mange namn på scoringslista. Eit gult kort og ei straffe som me scora på.
Andreas fekk premie for "Fair play" etter kampen mot Åtil.
Dette var dei første kampane for sesongen, og no ser me fram til meir trening og fleire kampar!