Vi startar opp att med friidretten!
Andreas Thorkildsen kjem neppe - han er reist på VM.. Men kanskje du kjem..?
Etter ein aaaltfor lang pause i sommarferien, startar friidrettstreningane opp att onsdag 17. august kl. 18.30.
Det blir det same trenarteamet som tidlegare som vil leie treningane; Tove, Torunn, Ingunn, Torgeir og Jørn. Foreldre som har lyst å hjelpe til - særleg dei med friidrettsbakgrunn - er velkomne.
Den første treninga blir eit godt høve til å "spisse" formen fram mot DM i Balestrand på f.k. søndag 21. august. Om du vil vere med på DM; meld deg på til Ingunn Nyhammer innan 18. august. Øvingane på DM finn du på speaker.no .
Det er kanskje ein ekstra inspirasjon at systrending Joakim Urdahl tok sølv i tresteg på Noregsmeisterskapen på Byrkjelo sist helg; sjå Sogn Avis sitt oppslag om saka.
Velkomen på friidrettstrening!
Mvh. trenarane