syril.net


Saga 3 poeng nærare 6.divisjon!

Einaste likheiten på laga i dag var capsane til trenarane..
Ute på bana hadde Saga full kontroll, og var betre i alle ledd.

Saga var fleire hakk betre enn Syril i dag, og vann til slutt heilt fortent 6-2. Førdelaget aukar dermed leiinga i 4.divisjon.

Saga har tidlegare gått ut i media og sagt at dei ikkje vil rykka opp til nye 3. divisjon. Laget kan difor ironisk nok vere 3 poeng nærare degradering til 6.divisjon. I dag var det klasseskilnad mellom laga.

Syril - Saga 2-6 (1-2)

1-0 Jan Tore Slinde (8.min)
1-1 Odd Anders Vie (32. min)
1-2 Alexander Rygg (39.min)
1-3 Odd Anders Vie (50.min)
1-4 Steffen Fjørestad (55.min)
1-5 Bernt Helge Nilsen (71.min)
2-5 Per Eirik Lunde (72.min)
2-6 Kai Vidar Nygård (90.min)

Referat:

Knallopning av Syril
Kampens første sjanse kom til Saga etter 5 min. spelt på Syril stadion. Ein sagaspelar skyt frå kanten av 16 m. men skotet går hårfint over målet til Syril. Minuttet etter får Saga hjørnespark etter god hjelp av sola, men den ebbar ut i ingenting. Etter ei lita Sunnfjordbølgje i startfasen, dreg syrilspelarane capsen ned i pannebrasken og gjer seg klare for å angripe.

Samarbeid
Kampen er 8 min. ung når heimelaget får sin første sjanse, og den viste seg å gi kampens første mål. Eit frispark frå Jan Tore blir slege inn i boksen til Saga, og etter samarbeid med Saga sin keeper går ballen i mål.

Fryd og gammen
No skin sola kraftigt på Syril stadion, publikum applauderar og Syril leiar 1-0. Alt verkar fryd og gammen i fylkeshovudstaden. Enda bedre kunne det bli etter 9 minuttar spelt, men skotet til Endre Navarsete blir redda ved stolperota. Alt tyda på ein svært så livleg kamp.


Syril fekk ein knallstart og leia 1-0 etter berre 8 minutt. Det var litt diskusjon
om det var eit sjølvmål, men Jan Tore Slinde vert her kreditert målet.

Saga rullar opp
10 min. var spelt då Saga kjem til sin andre store sjanse i kampen. Saga får til eit innlegg frå venstrekanten og inne i boksen blir det heada mot mål, som Eivind Røysum reddar og Syril får klarert. Vi passerar kvarteret av kampen og Saga rullar opp igjen. Ballen hamnar hjå ein Sagaspelar som fyrer av frå 20 meter, men skotet går langt utanfor.

17 min. er spelt, og Syril går i angrep. Endre Navarsete lempar ballen bak stopparane til Saga som ser ut til å ha full kontroll, men plutseleg dukkar Anders Lunde Hjeltnes opp og snappar ballen. På spretten får Anders til eit skot, men skotet går ein meter utanfor mål. Etter ei hektisk opning av kampen får skribentane endeleg ein liten pause, og pausen blei på 8 minuttar. For no ville Saga bite seg fast på banehalvdelen til Syril.

25 min. er spelt og Saga får sin største sjanse so langt i kampen. Saga rullar opp på venstrekanten, sler inn i boks til ein Sagaspelar som strekkjer hovudet fram, men ballen stussar pannebrasken og ballen går over til innkast for Syril.

Saga utliknar
Vi passerar halvtimen spelt, og Saga set i gang eit kontring som viser seg å vera giftig. Ballen hamnar hjå Odd Anders Vie som set inn utlikninga og stillingen er 1-1 på Systrond. Syril går direkte i angrep etter utlikninga og Jan Tore Slinde skyt hårfint over med høgrefoten. Heldigvis for Syril venta Jan Tore med å visa fram høgresleggja si til overgangsvindauget stengde i går kveld. (Hadde kanskje spelt for Leeds til helga, om ein av dei mange agentane som har vore på stadion i år hadde visst om at han har to gode føter).

Klabb og babb 1
40. min spelt og Saga teke leiinga etter klabb og babb. Enkelt og Saga leiar 2-1. 41 min. spelt når Saga får nok ein god sjanse, denne gongen etter innkast. 42. min spelt og Saga kjem på nytt, men Bård er tilbake og gjer ein kjempetakling. Kampen ebbar ut til pause.

Klabb og babb 2
50 min. spelt og Saga aukar til 3-1, nok ein gong etter klabb og babb. Då var det duka for to vetaranar på bana. Joar Ølmheim og Steinar Henjum entrar bana til applaus frå dei mange frammøtte på stadion. Steinar Henjum hadde drakt nr. 7 for anledningen, men om ikkje lenge må han levere den nystroken tilbake til Syrils Ronaldo.

Kjempetreff 1
55 min. spelt og Steffen Fjørstad får til eit kjempetreff frå 40 meter, Saga aukar til 4-1. 56 min. er spelt når spelaren med den lånte drakta lurar offsidefella, men skyt over. Kvarteret seinare får Saga til eit nytt kjempeskot.

Kjempetreff 2
Kampen er 71 min gamal når Bernt Helge Nilsen hamrar ballen i mål frå rundt 30 meters hald. Saga leiar no 5-1 og det ser veldig mørkt ut for Syril. Men litt lysare blir det når Per Eirik Lunde bryt seg framover direkte frå avspark. Han reduserar til 2 -5 og tilskodarane augnar ein sluttspurt frå heimelaget.

På rompa
74 min. spelt og Jan Tore Slinde blir riven ned på skothald for Syril. Cato Aalen har scora mange mål frå dette haldet før og kjem til å gjere det mange gonger i framtiden, men denne gongen går skotet rett på keeper. Førre gong Cato skulle ta ein dødball sklei han på rompa, denne gongen traff han mål, so neste gong blir det mål.

Snytt for straffespark?
82 min er spelt og Per Eirik Lunde har bestemt seg for å gå i angrep igjen. Denne gongen blir han takla inne i straffeltet men dommaren vinkar spelet vidare. Godt mogleg at Syril blei snytte for eit straffespark.
Aalen spurtar
Kampen går mot slutten og Saga får eit hjørnespark og denne gongen er hjørnespark mål. Saga aukar til 2-6 med scoring av Kai Vidar Nygård.Det siste som skjer i kampen er at Cato Aalen spurtar frå heile Saga, sentrar til Joar Ølmheim, men han skyt diverre utanfor. Dommaren bles av kampen.

God kaffe i kiosken
Ikkje mykje bra i denne kampen, men Syril kjem garantert sterkt tilbake. Saga spelte ein god kamp og dommaren dømde bra, i tillegg til at kaffien i kiosken var god.

Laget til Syril: Eivind Røysum, Olav Haugen (Aslak Rockwell Djupedal 38. min), Vegar Røysum (Tomas Ølmheim 80. min), Jan Remø, Per Eirik Lunde, Eivind Gjerald (Steinar Henjum 52. min), Jan Tore Slinde,Bård Henjum (Joar Ølmheim 52. min), Endre Navarsete, Anders Lunde Hjeltnes og Cato Aalen


Ein jury kåra Vegar Røysum til dagens syrilspelar.

Kommentarer