Grendacup i volleyball 2. juledag 2011
Det vert arrangert grendacup i volleyball 2. juledag kl.10.00 i Leikangerhallen.
Kvart lag må ha 6 spelarar + innbytar, og ein må ha minst 2 spelande kvinner på laget. Laga må melde på alle spelarane med namn.
I tillegg må kvar lag stilla med ein domar, to linjemenn og poengdomar.
Meld på lag til Svein Røysum: 90126884 eller Aase Njøs: 41563448 eller på e-post til: aase.njos@leikanger.kommune.no senast innan 19.12.11.
Påmeldingsavgift kr. 300 pr. lag må betalast ved start.
Svein og Aase