Framside / Skigruppa / Tinderittet som sosialt renn - med fellesstart utan tid

Tinderittet som sosialt renn - med fellesstart utan tid

Tinderittet skulle vore laurdag 30. april. Tinderittet er eit fjellrenn for telemark, alpint og snøbrett, frå Nordre Dyrhaugstind (2100 moh) til Turtagrø (900 moh).  På grunn av litt for dårlege snøforhold for fartsrenn, kan ein ikkje arrangera Tinderittet som planlagd.

Fellesstart utan tidtaking

Løypesetjarane frå Syril Telemark, i samarbeid med IL Fanaråk og Turtagrø Hotel, inviterar derfor til ei anna morosam løysing. For fyrste gong skal ein prøva Tinderittet med fellestart. Men, det blir utan tidtaking. Nedfarten vil bli filma, og lagt ut på nettsida til Tinderittet i ettertid.

 

T-skjorter til alle

Dette blir ikkje eit organisert skirenn i vanleg forstand. Det er gratis deltaking, og alle deltek på eige ansvar, som på ein vanleg fjelltur. Alle deltakarane får høve til å kjøpe Tinderitt T-skjorter til kr 50.-.

 

For heile familien

Målet er å samla så mange personar som mogleg på startstreken på 2100 moh laurdag 30. april klokka 1400. Dette er eit opplegg som passar heile familien. Det er ingen aldersgrense, og alle typar utstyr er lov. Turen opp Dyrhaugsryggen tek kring 4 timar. Ein må ha med mykje mat, drikke, klede, solbriller, solkrem og skifeller. det kan også vera lurt med hjelm og slalombriller.

 

Panorama over Hurrungane

Dyrhaugsryggen er ein av dei flottaste skibakkar i landet. Frå Nordre Dyrhaugstind er det panoramautsikt til dei andre tindane i Hurrungane, som Store Skagastølstind og Store Ringstind.

 

Sosialt renn

I Sogn har ein lange tradisjonar med fjellrenn. Tinderittet drog det heile i gang i 1992. Arrangørane vonar at sosiale renn av denne type skal vera med å halde i hevd tradisjonane.

 

Påmelding via e-post - fyrst i køen for å få T-skjorte

Påmelding innan fredag 29. april kl 20.00 som e-post  til tinderittet@gmail.com . Skriv namn, klubb, adresse og fødselsår på alle personane, saman med storleik på T-skjortene de eventuelt vil kjøpa. Ta med kontant betaling.

 

Påmelding renndagen

Påmelding skjer på terrassen utanfor Turtagrø Hotel frå klokka 0900 - 1030. Ta med kontant betaling for T-skjorter. Dei som melder seg sist på kan risikera at T-skjortene, eller visse storleikar er utselde.

 

Les meir på www.tinderittet.com

Kommentarer