Bedrift ynskjer anna parkeringsløysing
Tidlegare har medlemar i Syril vorte oppfordra om ikkje å parkere utanfor Saften. No har også Hermansverk Servicesenter gitt beskjed om at dei treng parkeringsplassane sjølve.
I alle år har Syril sine medlemar nytta parkeringsplassen til Hermansverk Servicesenter. Essoen har vore møteplass for alle lag som skal ut av bygda på trening og kamp. No har bedrifta gitt beskjed om at dei ikkje ynskjer at parkeringsplassane vert okkuperte kvar ettermiddag og helg.
Servicesenteret treng parkeringsplassane til kundane i butikken og til bilar som skal til/frå verkstad. Det har i tillegg vore eit stort problem med å brøyta plassen den siste tida.
Hermansverk Servicesenter framhevar at Syril-medlemar er gode kundar for dei, men at vi må sjå etter andre alternativ når det gjeld parkering av privatbilane. Parkeringsplassen på fylkeshuset (ovanfor riksvegen) er som regel ledig på kveld og helg, og kan vera eit godt alternativ.
Syril.net ber alle trenarar og leiarar formidle dette vidare, og respektere bedrifta sitt ynskje.

