Framside / Handball / Syril jenter 11 vann overlegent i Vik

Syril jenter 11 vann overlegent i Vik

Søndag 6.november tok 12 spente jenter turen til Blixhalli i Vik. Der skulle både Syril og Syril 2 spele mot Vik.

Første kampen vann Syril 2 suverent med 11-2, der Vik ikkje fekk inn eit einaste mål i andre i omgang.

Etter ei velfortent pause var Syril på bana og slo Vik med suverene 13-1.

Stolte foreldre og søsken var på plass på tribuna og jubla jentene til seier. Hadde det vore konkurranse mellom supporterane, hadde Syril-supporterane vunne suverent her og.

Kommentarer