Framside / Fotball / Trening og kampar / Kunstgrasbane

Kunstgrasbane

Kunstgrasbane - no startar vi opp arbeidet

 

Onsdag 7. oktober 2009: Endeleg er vi klare til å starte bygging av kunstgrasbane. Første jobb blir å planere mellom grusbana og grasbane, heise opp ballnett og rydde skog.
Dei to siste laurdagane i oktober (24. og 31) frå kl 10.00 – 16.00 er sett av til dugnad. Vi treng difor dugnadsfolk. Alle som er spesialistar som røyrleggjarar, maskinførarar, elektrikarar ol er det fint om vi får eit hint om slik at vi kan reservere dei til spesialjobbar. Men alle vi andre kan delta på arbeidet no i haust. Vi legg opp til ein sosial profil på dugnaden med servering av enkel mat og drikke. Vi treng difor dugnadsfolk som ønskjer å stille opp med det også.
Meld inn personar til nmslinde@frisurf.no innan 15. oktober (namn og e-post eller postadresse).
24. oktober kl 10.00 startar vi med ein kort orientering om heile prosjektet
før dugnadsarbeidet tek laust.
Helsing
Nils Magne Slinde
- utstyrs- og anleggsansvarleg i SYRIL fotball -