Thriller på Hafslo
På lagbiletet ser me (bak frå venstre): Gjermund, Eirik, Olav, Sander, og (framme frå venstre): Halvard, Andreas, Tommy, Christer, Tord, Hans og (liggjande): keeper Alex.
Syril sine 98-gutar spelte haustens fyrste bortekamp i lillegutserien på den flotte grasmatta på Hafslo torsdag 19. august.
Etter ei fartsfyld og sjanserik opning på kampen, kom Sogndal i føringa med 1-0 etter om lag 10 minuttars spel. Like etter drog Sander og Olav opp eit flott angrep på høgresida som enda med eit flott innlegg som Christer (99) møtte og banka inn i næraste hjørnet: 1-1! Sogndal kjempa godt i forsvar, og skapte sjansane sine med raske kontringar. Også etter at SIL tok leiinga 2-1, svara Syril sine lettbeinte og tekniske lillegutar med ei flott utlikning. Christer lyfte blikket ute på høgrekanten og fann Tommy sitt flotte løp framover på venstresida. Tommy var sikker som banken åleine med keeper: 2-2.
Tommy la etterkvart også på til 2-3 etter litt klabb og babb inne i Sogndal sin femmeter, men kort tid etter var det Sogndal sin tur til å utlikne til 3-3. Jamnt og intenst no. Hans, Tord, Eirik og keeper Alex vart i denne perioden hardt pressa i forsvaret, men dei stod i mot med iherdig ballgjenvinning og målretta avklaringar framover. Andreas (99) styrte midtbana med stor autoritet gjennom sine innhopp i kvar omgang, og både han og Olav fordelte ei rekkje flotte ballar ut på dei raske kantspelarane Sander og Christer. Framme var Gjermund og Halvard ein konstant trussel mot Sogndalskeeperen, og begge hadde presise skot som anten toucha stolpen eller keeperen så vidt fekk fista ut over sideline. Fleire sjansar hadde fortent ein betre skjebne. Kampen vippa, og publikum på sidelina gløymde heilt å drikke opp kaffien sin; for dette var ein av årets store grøssarar i serien.
Då domaren byrja sjå på klokka si, valde Ivar å halde att midtforsvaret litt. Særleg Eirik fekk eit klart defensivt ansvar mot slutten av kampen. I kampens siste speleminutt fekk Syril corner frå venstresida. Gjermund la eit presist innlegg innover i feltet. Duellane var mange då ballen segla gjennom lufta. Og då keeperen valde å bli ståande på streken, ruva Olav høgast i feltet. Han stanga inn 3-4-målet frå om lag 3 meter, og laget jubla ellevilt utpå bana. Sogndalsgutane kjempa forgjeves dei siste sekundane for ei ny utlikning, men fleire mål vart det altså ikkje i thrilleren på Hafslo. Alt i alt var sigeren vel fortent, og tradisjonen tru spanderte Ivar is på alle spelarane og dei tilreisande supportarane før heimreisa.

På lagbiletet ser me (bak frå venstre): Gjermund, Eirik, Olav, Sander,
og (framme frå venstre): Halvard, Andreas, Tommy, Christer, Tord, Hans og
(liggjande): keeper Alex.


