Syril 2 - Sogndal 3 4-3 i 6. divisjon
SYRIL sine rekruttar vann kampen mot Sogndal3 etter flott innsats i 90 min. Sluttresultatet vart 4 – 3.
SYRIL tok leiinga alt etter 2 min då Olav Selås Hauge sette full fart og scora flott. Den same Olav var i gjennom og vart felt etter 30 min Det vart straffe som Daniel Montero sette inn sikkert.2 – 0 vart og pauseresultatet.
SYRIL opna 2. omgangen på same måte som dei slutta første med full innsats på heile bana. Kristian Slinde fekk full treff opp i krysset frå 30 m etter 10 min og SYRIL leia 3 – 0. Men Sogndal var det beste laget den siste halvtimen. Dei starta opphentinga og reduserte til 3 – 1 etter 14 min. Men SYRIL slo tilbake og gjekk opp til 4 – 1 etter 18. minutt ved Aslak Rockwell Djupedal. Sogndal reduserte til 4 – 2 etter 28 min og til 4 – 3 etter 43 min, men SYRIL kjempa sigeren i mål. Og det var stor stemning både på bana og benken då SYRIL 2 sikra sin første siger i år.
Dommar i kampen var Michael Labarca frå Lærdal som kom fram i tide trass i problem med bilen. Men det løyste Michael fint med å låne seg ein scooter frå Sogndal slik at han vann kampen. Raskt tenkt slik at kampen kunne gå som planlagt og spelarar og publikum vann heim og fekk sjå at Norge slo Portugal.

