Framside / Fotball / Gutelaget på Dana Cup

Gutelaget på Dana Cup

Syril sitt gutelag vart utslegne i semifinalen i B-sluttspelet då laget i dag tapte 2-0 mot Mölnlycke IF (Sverige). Dei gjekk vidare frå kvartfinalen etter siger 6-0 over St.Paul Blackhawks (USA) (Artikkelen vert oppdatert etterkvart som Syril spelar sine kampar)

Dana cup 2010

Foran fra venstre:

Arve Lingjerde, Odd Ivar Njøs Rygg, Sondre Husabø, Sjur Storevik Moe, Brage Johannes Yndesdal, Øyvind Vagstad, Petter Andrè Salberg, Helge Gjerde Eggum og Håvard Lefdal Hove.

Bak fra venstre:

Jørgen Mollan Breisnes, Aslak Rockwell Djupedal, Kristian Thorsnes Talle, Anders Lunde Hjeltnes, Helge Henjum, Sigve Nilsen Nordnes, Øystein Svardal, Stian Dokken Skarsbø, Olav Røysum og Kristian Slinde.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

St. Paul Blackhawks (U.S.A) -1- Syril : 0 -6

Mål: Anders: 5 , Sondre 1

Syril tar initiativ i kampen med en gang og presser St. P. Bl. H. på defansiven fra start og produserer masse sjanser men det går 12 min. av kampen før Syril får sin første scoring.

Anders får en pasning og går mot hjørnet av 16 meteren og skyter utagbart for keeper i det lengste hjørnet. I det 17 min. kommer første angrep for St. P. Bl. H men dette blir stoppet effektivt av et godt forsvar som slår raskt opp til Anders som dribler av bakerste forsvarspiller til amerikanerne og setter ballen sikkert i mål.

3-0 kommer på siste sjanse før pause etter nok et flott gjeonnomspill fra midtbanen denne gangen.

2. omgang starter som første omgang sluttet med massivt Syrilpress.

Allerede etter 2 minutter spilles Anders fri ved en flott pasning fra Aslak og ballen settes kontant i nettet.

Etter 4 minutt blir det litt spill frem og tilbake i på 16-meteren til amerikanerne og ballen ender til slutt hos Sondre som lobber den fint i mål.

St. P. Bl. H klarer aldri å komme inn i kampen og har nesten ikke sjanser.

10 minutt før slutt får Syril frispark på ca. 20m hold og Anders skyter en høy ball i feltet som keeperen bommer litt på og ballen fyker i mål. (keepertabbe)

Kampen ebber ut uten flere mål.

Bjørn Salberg

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Syril – Trygg Lade SK : 1 -3

Mål: Helge Henjum 1


Første omgang:

5` Farlig frispark TL

6` 1-0 til Syril etter pasning fra Anders

7` Skudd mot mål fra TL

8` Flott avlsutning av Sigve

9` Corner Lade - ufarlig

10` Skudd mål Anders, utenfor

11` Skudd utenfor TL

12` Brage i feltet og rydder opp.

12` Skudd mot mål Anders, keeper redder.

14` Brage redning. Skudd mot mål TL

16` Skudd mot mål Sondre, utenfor.

16` Skudd over fra Helge

17` Gult kort Jørgen

18` Corner TL, Syril rydder opp.

19` Corner Syril, TL avklarer.

20` Innlegg Sigve, ingen klarer å ta imot dette.

20` Brage felten og rydder opp.

23` Straffe TL – redning Brage. TL scoring på retur

23` Innlegg Anders, ingen som tar imot innlegget

24` Scoring Lade 1-2

Miss i forsvaret – keeperen – Kristian var først, men trodde Brage tok ballen

25` Corner TL

Pause 1-2

Syril var ikke skikkelig på hogget i 1. omgang. Mye feilavklaringer

Andre omgang:

1` Aslak mot mål men klarer ikke å få sikkelig treff.

2` Corner TL – Brage ut til corner

2` Ny corner – i stolpen – Petter redda

3` Helge skudd mot mål

4` Anders mot mål – alene med keeper like utenfor.

5` Corner Syril , TL rydder opp

6` Olav mot mål, men skudd ufarlig.l

7` Anders mot mål sentrer til Øystein som scorer, avblåst for offside.

(Ikke mulig da ballen ble slått utover fra Anders)

7` Brage rydder opp i feltet.

9` Kontring Helge, men TL avklarer.

10` TL får straffe – 1-3

Gult kort Olav som felte

13` Innlegg Anders

Ballen inne – offside!!(?)

14` Skudd TL over

18` Skudd mot mål Anders

Corner til Syril ingen god avlsutning.

19` Reint tilbakespill fra TL, Syril får ikke frispark.

Anders aleine med keeper. Redning

20` Håvard gult kort – for munnbruk

22` Øyvind mot mål men klarer ikke å få avlsuttet sikkelig.

24` Anders innlegg som endrer med Corner.

25` Corner til Syril som ikke gir noe resultat, kampen er slutt.

Nils Erling Yndesdal.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

SYRIL-FÄSSBERG IF 14.JULI 2010 KL.15.10. DANACUP NO 1 I FREDRIKSHAVN. BANE 1.

Syril stillar med følgjande første 11’ar: Brage Yndesdal, Sjur Mo, Jørgen Breisnes, Kristian Slinde, Petter Salberg, Aslak Djupedal, Håvard Lefdal, Øystein Svardal, Sondre Husabø, Kristian Talle, Anders Hjeltnes. På benken desse fem: Øyvind Vagstad, Odd Ivar Rygg, Arve Lingjerde, Olav Røysum, Stian Skarsbø.

1. omgang:

0 min: Fässberg med avspark. Godt og varmt med sol i dag, men det bles ein del.

1 min: Anders skot mot mål. Lett for keeper.

2 min: Jørgen avklarar til innkast.

5 min: Petter avklarar innafor 16-metaren. Fässberg har klart presset i starten. Medvinden hjelp dei nok ein del. Syril bør få ballen ned på bakken.

7 min: Skot mot mål frå Fässberg. Lett for Brage.

8 min: Syril omsider i angrep att. Sondre får eit innlegg på hovudet, men ikkje retning mot mål.

9 min: Fässberg med frispark frå vel 20 meter. Skyt utafor.

10 min: Gult kort Fässberg for felling.

11 min. Gult kort nr.2 Fässberg for felling/klage på dommaren.

12 min: Anders skyt utafor. Like etterpå nok eit skot frå Anders. Denne gongen mot mål. Keeper reddar enkelt.

14 min: Øystein aleine med keeper, men skrått hald og litt i ubalanse. Keeper avklarar. Syril har no verkeleg overteke – trass sterk motvind.

16 min: Frispark Anders frå 30 meter som det ikkje vart noko ut av.

18 min. Nok eit frispark frå Anders. Litt for lågt til at det blir noko av dette.

21 min: Gult kort nr.3 Fässberg. Anders tar frisparket. Skyt utafor.

22 min: Odd Ivar inn for Øystein.

23 min: MÅL TIL SYRIL! 1-0 ved Kristian Talle frå spiss vinkel. Innlegg: Odd Ivar (raskt fram etter at han kom inn!)

24 min: Dommaren bles av over eit minutt før tida! Syril har teke meir og meir over i kampen, og det er fullt fortent at dei leiar.

2.omgang:

25 min: Olav Røysum kjem inn for Sjur på høgre backplassen.

27 min: Brage reddar enkelt på frispark.

31 min: Dårleg utspark frå keeperen til Fässberg. Han blir nok litt forstyrra av vinden. Syril har fordel av medvind no. Det skjer lite til no i 2.omgang.

32 min: Kontring frå Fässberg. Blir ikkje noko ut av det angrepet. Forsvaret til Syril er solid.

32 min: Anders aleine med keeper, men keeper reddar til corner.

33 min: Aslak styrer ein perfekt slått corner frå Anders mot mål. Rett på keeper.

35 min: MÅL TIL SYRIL! 2-0 ved eit innlegg frå Anders som Kristian Talle er klar til å ta, men ballen går via ein Fässbergspelar og inn. SJØLVMÅL!

36 min: Odd Ivar skyt mot mål. Keeper reddar.

38 min: Fässberg skyt utafor.

39 min: Kristian Talle blir felt rett utafor 16-metaren. Aslak tar frisparket som det ikkje blir noko av.

40 min: Sondre skyt til venstre for mål.

41 min: Anders har fart og vinn ein ball heilt ute ved cornerflagget på venstre sida. Han får med seg ballen forbi to Fässbergspelarar og skyt frå skrått hald. Keeper slår til corner. Syril styrar kampen heilt no.

41 min: Anders legg ein låg corner som blir avklart til ny corner.

42 min: MÅL TIL SYRIL! 3-0. Den neste corneren legg Anders høgt inn og perfekt på hovudet til Aslak som styrer ballen inn i mål. Dette må vere den flottaste scoringa til Syril i turneringa!

42 min: Kristian Talle ut. Øyvind inn.

43 min: Aslak er godt i siget etter den flotte scoringa, og legg eit godt innlegg frå høgre og over forsvaret til Fässberg. Sondre når nesten ballen inne på 5-metaren.

45 min: MÅL TIL SYRIL! 4-0. Corner til Syril. For tredje gong er det Anders som legg corneren. Lågt inn mot første stolpe. Håvard flikkar vidare ut i feltet der Aslak skyt i mål! Nok eit flott mål. Alle måla til Syril har kome som følgje av innlegg frå høgre sida; to av desse på cornere.

45 min: Anders ut. Arve inn.

46 min: Brage tar ein ball ute i felten. Godt samarbeid med midtstoppar Jørgen no.

46 min: Olav avklarar og hindrar Fässberg på eit løp. Frispark til Fässberg på ca 20 meter midt på. Skot i muren og rask avklaring av Syril.

46 min: Kristian Slinde ut. Stian inn. Alle 16 spelarane som Syril får stille med i kvar kamp har såleis fått speletid i denne kampen.

47 min: Fässberg skyt over.

47 min: Aslak skyt i tverrliggaren frå over 20 meter!

48 min: Jørgen avklarar. Ballen går langt ut i skogen. Syril held fram med å presse vidare trass i at dei leiar med heile 4-0.

48 min: Stian får gult kort.

49 min: Langt og høgt innlegg frå Fässberg mot Brage. Han feilreknar pga motvinden og Fässbergspelaren når ballen på hovudet før Brage. Rett utafor mål.

50 min: Jørgen avklarar nok ein gong.

50 min: Fässberg får kampen sitt siste skot. Laust mot mål. Brage tar ned ballen ute i feltet.

SLUTT! Syril vinn enkelt 4-0 i ein kamp der dei, med unntak av dei ti første minuttane av kampen, hadde full styring. Alle gutane kjempa skikkeleg og hadde tydeleg fokus på spelet sitt. Syril har no to sigrar og eit tap på dei tre første kampane. 6 poeng og målforskjell 11-3. Alle tre måla i mot kom i førre kampen mot Trygg Lade (to straffer og eit mål pga misforståing mellom forsvar og keeper).

Referent: Nils Erling Yndesdal

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

SYRIL-ALLAGIR ALANIA (RUSSLAND) 14.JULI 2010 KL.19.10. DANACUP NO 1 I FREDRIKSHAVN. BANE 1.

Syril stillar med følgjande første 11’ar: Brage Yndesdal, Olav Røysum, Jørgen Breisnes, Kristian Slinde, Petter Salberg, Aslak Djupedal, Håvard Lefdal, Sigve Nornes, Sondre Husabø, Helge Henjum, Anders Hjeltnes. På benken desse fem: Kristian Talle, Øyvind Vagstad, Arve Lingjerde, Stian Skarsbø og Øystein Svardal.

1. omgang:

0 min: Syril med avspark. Allagir Alania stillar i raud drakt. Vi har fått hint frå det norske laget Trygg Lade og våre eigne spionar at det russiske laget spelar hardt og tøft. Dei har ikkje sleppt inn eit einaste mål i dei tre første kampane.

1 min: Syril får frispark frå knappe 20 meter. Anders skyt i muren. Kampen startar med tøffe duellar med ein gong. Mange høge ballar og hovudduellar.

5 min: Helge skyt rett på keeper. Kampens første sjanse.

8 min: Allagirspelar prøver seg på brasse innafor 16-metaren, men mislukkast. Brage får sin første berøring med ballen.

9 min: Gult kort til Allagir. Dei er tøffe, men ikkje direkte stygge taklingar. Dommarane tar raskt fram det gule kortet i Dana cup.

10 min: Helge på hovudet rett utafor etter innlegg frå Sondre.

12 min: Jørgen, Kristian og resten av forsvaret ryddar opp.

13 min: Corner til Syril. Dommaren gir klar melding til Allagirspelar om halding i feltet. Blir ikkje noko ut av corneren.

18 min: Allagir pressar meir på no, og Syril slitar noko på midtbana. Det er stor fart og kampen er heilt open.

19 min: Kontring Allagir. Avklaring frå forsvaret.

21 min: Skot på mål Allagir. Brage reddar. Allagir har no meir og meir overtaket.

24 min: MÅL TIL ALLAGIR! 0-1. Corner til heading frå ein Allagirspelar i tverrliggaren. Ballen treff Brage høgt i ryggen og i mål. Uflaks!

2.omgang:

25 min: Aslak ut. Øystein inn.

27 min: Gult kort nr.2 til Allagir for ureglementert takling.

30 min: Skot over mål frå Allagir.

31 min: Brage tar ballen i feltet.

33 min: Kjempesjansen til Allagir. Skot himmelhøgt over frå fem meter etter corner. Helge må ut med naseblod.

34 min: Gult kort nr.3 til Allagir. Sigve ut. Øyvind inn.

40 min: Syril litt meir med no, men slit med dei kraftige karane frå Russland. Trenar Steinar brukar kraft i stemma si no. Spelarane blir jaga framover og dei har sjeldan jobba så hardt som i denne kampen.

41 min: Håvard ut. Helge inn.

44 min: Gult kort nr.4 til Allagir. Keeper prøver å hale ut tida.

45 min: MÅL TIL ALLAGIR! 0-2. Syril satsar så offensivt at det er opent for kontringar. Raskt løp på venstresida til spiss som kjem aleine på midten. Brage går ut men Allagirspelaren smeller ballen inn til side for Brage. No er nok løpet kjørt for Syril som har jobba svært godt i kampen, men russarane vart for sterke. Allagir vinn dermed gruppa utan å sleppe inn baklengsmål.

50 min: SLUTT. Syril tapar denne kampen med 2-0. Sjølvsagt surt med tap og såleis ikkje til A-sluttspelet, men langt betre å tape for betre motstand enn pga dommaren slik det skjedde mot Trygg Lade i går kveld. Syril blir med dette nr.3 i gruppa og går vidare til B-sluttspelet. Torsdag blir fridag. Fredag morgon blir det kvartfinale og forhåpentlegvis også semifinale seinare på dagen. Finalen går laurdag formiddag……..

Referent: Nils Erling Yndesdal

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

SYRIL IL-ST.PAUL BLACKHAWKS-1 (USA) 6-0 (2-0)

KVARTFINALE B-SLUTTSPEL GUTAR16, 16.JULI 2010 KL.09.40. DANACUP NO 1 I FREDRIKSHAVN

Syril stilte med følgjande første 11’ar: Brage Yndesdal, Olav Røysum, Jørgen Breisnes, Stian Skarsbø, Petter Salberg, Aslak Djupedal, Håvard Lefdal, Sigve Nornes, Sondre Husabø, Helge Henjum, Anders Hjeltnes. På benken desse fem: Kristian Talle, Odd Ivar Rygg, Arve Lingjerde, Sjur Mo, Kristian Slinde.

Dette var andre gongen i Danacup at Syril møtte St.Paul Blackhawks-1. Første kampen vann Syril lett 6-0. Syril kunne godt ha vunne den kampen med tosifra tal. Det kunne såleis vere ei utfordring å få gutta motiverte nok til ein slik kamp. Men det viste seg at innstillinga og innsatsen til laget var på topp.

Vêret var flott denne dagen. Likevel mykje vind på langs av bana. No var også assistentdommarane på plass. Kampane var utvida frå 2 x 25 min i gruppespelet til 2 x 35 min. i sluttspelet.

Syril let seg ikkje skremme av verken motvind i 1.omgangen eller eit St.Paul-lag som var meir på hogget enn i førre kampen dei møttest.

1-0: Første målet til Syril kom alt etter 3 min. Aslak heada inn ein corner frå Anders kontant til side for keeper.

2-0: Etter 29 min. lurte Aslak alle – både keeper og oss andre. Då alle venta eit innlegg frå venstre (25 meter?), fekk ballen ein elegant bue over keeper og i mål! Vi var ikkje heilt sikre på om dette var meint slik frå Aslak si side, men dei som følgde ekstra godt med la merke til at Aslak så at keeper var langt ute, og såleis prøvde seg på eit skot. Flott mål var det i alle fall. Målet kom etter mykje press og mange skot i retning mot mål og utafor mål frå Syril. Mange spelarar prøvde seg med skot: Håvard, Helge, Anders, Odd Ivar, Sondre, Sigve og Aslak.

3-0: Like tidleg som i 1.omgang, scora Aslak i 2.omgang (etter 38 min.). Eit frispark frå høgre side ca 25 meter frå mål gjekk rett i mål. Ekte hattrick av Aslak!

4-0: Etter 47 min. kom endå ei scoring frå Aslak! Corner frå Anders, via Helge H. til Aslak som heada ballen i mål. Fjerde scoringa til Aslak i denne kampen, og sjette scoringa hans totalt i Danacup. Han har då passert Anders sine 5 mål (som alle kom i den første kampen mot St. Paul Blackhawks). Like etter fann Steinar ut at Aslak hadde scora nok i dag og bytta han ut…

5-0: Etter 52 min. var det innbyttar Arve sin tur. Helge H. hadde eit flott løp på venstre sida og la inn i feltet. Etter litt klabb og babb på 5-metaren der Kristian Talle var involvert, klinka Arve ballen i mål utafor rekkevidda til keeper.

6-0: Helge fekk æra å sette inn det siste målet i denne kampen. Eit lågt slått frispark frå ca 30 meter gjekk rett forbi alle spelarane og i mål. Som i 1.omgangen var det i tillegg mange av Syril-spelarane som fekk prøvd seg med skot i 2.omgangen: Odd Ivar (fleire), Sondre, Håvard og Anders (m.a. redning på strek av keeper). Blackhawks hadde lært av førre kampen, og dei var flinkare til å pakke inn Anders no. Ikkje lett for Anders å kjempe mot 2-3 motspelarar heile tida. Ein god keeper hindra elles at Syril fekk fleire mål.

Syril vann altså i dag med same siffer mot St.Paul Blackhawks som i den første kampen. Men motstanden var tøffare no. Brage vart heller ikkje denne gongen sett på dei store prøvene i mål, men måtte ut å snappe ballen i feltet eit par gongar. St.Paul Blackhawks hadde berre eit skot som Brage trengte å anstrenge seg litt på. Syril hadde 7 cornerar, Blackhawks ingen.

Syril-spelarane jobba alle godt. Forsvaret var solid, og midtbana jobba godt både defensivt og offensivt. Spelarane var no spente på kven som ville bli motstandar i semifinalen om ca 3 timar.

Bilder frå kampen:

Referat:Nils Erling Yndesdal
Foto: Bjørn Salberg

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

SYRIL IL-MÖLNLYCKE IF (GØTEBORG, SVERIGE) 0-2 (0-1)

16.JULI 2010 KL.14.00. DANACUP NO 1 I FREDRIKSHAVN, SEMIFINALE B-SLUTTSPEL GUTAR16

Syril stilte med følgjande første 11’ar: Brage Yndesdal, Olav Røysum, Jørgen Breisnes, Kristian Slinde, Petter Salberg, Aslak Djupedal, Håvard Lefdal, Øystein Svardal, Sondre Husabø, Helge Henjum, Anders Hjeltnes. På benken desse fem: Øyvind Vagstad, Odd Ivar Rygg, Arve Lingjerde, , Kristian Talle, Sigve Nornes.

Svenskane hadde vunne 7-1 over Hana IL i kvartfinalen. Syril rekna såleis med rimeleg hard motstand i denne kampen. Men innstillinga var klar: Her skulle alle kjempe for å nå finalen i B-sluttspelet. Det skulle likevel vise seg at svenskane var ballsikre og meir effektive og heldigare enn Syril.

Begge laga hadde gule trøyer og svarte bukser så Syril måtte stille med raude vestar.

0-1: Etter 17 min. fekk Mölnlycke ballen på løp på høgresida. Vingen kom forbi forsvaret til Syril – ballen hadde nok også litt hjelp av medvinden. Aleine med keeper gjorde høgrevingen til Mölnlycke ingen feil. Inn i mål til side for Brage som var på veg ut for å gjere målet mindre.

I 1.omgangen spelte Syril mot vinden. Både Syril og Mölnlycke hadde vanskar med å få kontroll på dei høge ballane i vinden. Syril sleit mest. Spesielt utsparka frå 5-meter hadde Syril-spelarane problem med. Brage hadde ein flott redning på ein god målsjanse til Mölnlycke. Utanom scoringa var kampen heilt jamnspelt i 1.omgang (35 min. per omgang).

0-2: Etter 45 min. vart det litt fram og attende innafor 16-metaren til Syril på ein corner. Brage mista ballen på eit skot på kort hald og ein Mölnlycke-spelar var raskt fram og sette ballen i mål før Brage kom opp att. Surt sidan Syril no var meir på hogget i medvinden.

Resten av kampen vart prega av fleire store målsjansar til Syril. Både Anders og Helge hadde ballen bak keeper, men Mölnlycke-utespelarane var på plass og hindra scoring. Anders hadde i tillegg 3-4 sjansar mest aleine med keeper og ein corner gjekk nesten direkte inn (dels med hjelp av vinden). Keeperen til Mölnlycke redda alt og hadde nok dagen. Det hadde ikkje Anders, diverre. Sjeldan har nok gutelaget til Syril hatt så mange målsjansar utan å få utteljing.

Svenskane jobba godt i 2.omgangen, men det var ikkje tvil om at Syril var det førande laget og det som skapte sjansane. Øystein fekk prøve seg som back, og dette fungerte godt.

Merkeleg nok så var det Mölnlycke som vart mest negative i ordbruken i 2.omgangen – sjølv etter 2-0-målet. Trenaren likte ikkje spelet deira, ropte og klaga til spelarane. Spesielt var han oppteken av ”Jokke”. ”Slå over på Jokke, grabbar” vart brukt mykje. Ein Mölnlycke-spelar vart så sur at han ikkje ville spele meir!

Gutane og lagleiinga (Bjørn og Steinar) var sjølvsagt skuffa over at spelet – spesielt i 2.omgang – ikkje gav utteljing. Likevel – i nokre kampar går det berre ikkje – og dette var ein slik kamp. No skal alle dei 19 spelarane heller ha fokus på diskotek i Fredrikshavn fredagskvelden, og handling og bading på laurdag før avreise til Norge søndag.

6 kampar på 3 kampdagar gav som resultat 3 sigrar og 3 tap. Målforskjell 17-7. Og Syril var med fram til semifinalen i B-sluttspelet. Kampane har gitt svært verdfull påfyll til haustsesongen!

Bilder frå kampen:

Referat: Nils Erling Yndesdal
Foto: Bjørn Salberg

Kommentarer