Etter seks strake sigrar, blei det tap borte mot Kaupanger
Det var Kaupanger som drog det lengste strået i lokaloppgjeret torsdag 26. august, framføre 14 systrendingar, 11 kaupsingar og 3 nør på tribuna.
Den første sjansen i kampen var det likevel Syril som skapte. Etter 5 minuttar spel kjem det ein lang ball frå midtsirkelen som går over midtforsvaret til Kaupanger og landar hjå Olav Selås Hauge, som set ballen like over Rune Loven i Kaupangermålet. 11 minuttar er spelt når Kaupanger får sin første sjanse i kampen. Syrilforsvaret ryggar, og ein Kaupangerspelar får skyta upressa frå 20 meter, men utan presisjon. 17 minuttar er spelt når Kaupanger prøver eit nytt skot, og denna gongen er det eit bra skot som går i tverliggaren.
Etter 18 minuttar utan sjansar til nokon av laga, får Kaupanger frispark ti meter inne på Syril sin banehalvdel. Frisparket går over heile forsvaret til Syril og Wilkinson får lov til å stå heil aleine på bakerste stolpe, og set ballen enkelt i mål frå 5 meter.
2. omgang opnar med lange ballar frå begge lag som også begge lag ryddar enkelt unna. Kampen er i ferd med å gå inn i ein liten dvale då det plutseleg oppstår i feil i Syril sitt bakre ledd. Ein Kaupangerspelar snappar opp ballen på høgresida, legg inn i feltet, og ballen hamnar til slutt hjå Henrik Førde som set ballen utagbart bak Eivind Røysum. 2-0 til Kaupanger og vi har passert timen spelt.
Etter 68 minuttar kjem Syril sin andre store sjanse i kampen. Olav Selås Hauge dreg seg fint forbi ein Kaupangerspelar ute på høgrekanten, får til eit godt innlegg, men både Steinar og Jan Tore er uheldige og bommar på ballen. 73 minuttar er spelt når Kaupanger gir frå seg ballen i skummel posisjon. Anders Hjeltnes skyt med breidsida, men Rune Loven reddar meistarleg. 78 minuttar er spelt og Kaupanger får lagt inn frå kanten. Inne i feltet er Kaupanger i overtal og har berre å setje ballen i mål, men ein Kaupangerspelar sleivar og ballen blir liggande i feltet til Jan Tore Slinde får klarert. Kaupanger ser etter dette moglegheitar til å få tiden til å gå, ved å bruka lang tid på dødballar og ved å byta spelarar. Syril prøvar ein liten sluttspurt med evigunge Cato Aalen i spissen, men utan å lykkast. Minuttet før ordinær tid er over, skyt Cato Aalen eit frispark som han skaffa sjølv, over frå 20 meter. Cato Aalen får prøva seg på ein ny dødball på overtid, men denne gongen er det eit hjørnespark. Cato sklir i det han skal ta hjørnesparket og gir dei tilreisande eit godt bilete på korleis kampen var. Kaupanger vann 2-0 og det må nok seiast fortjent. Kaupanger går etter denne kampen opp på andreplass på tabellen.
Lagoppstillingen til Syril: Eivind Røysum, Olav Haugen, Vegar Røysum, Jan Remø, Aslak Rockwell Djupedal, Eivind Gjerald (Steinar Henjum frå 64. min), Per Eirik Lunde, Endre Navarsete, Jan Tore Slinde( Benjamin Hundershagen frå 87. min), Olav Selås Hauge og Anders Lunde Hjeltnes
Kampfakta:
Kaupanger - Syril 2-0 (1-0)
1-0 Øystein Wilkensen (35.min)
2-0 Henrik Førde (58.min)
Domar: Ragnar Aamot
Neste kamp for Syril er heime mot serieleiar Saga onsdag 1.september kl.19.00.
Sogn Avis var tilstades på Kaupanger Stadion. Les artikkelen her
Dette skriv heimelaget Kaupanger på kaupanger.no
.

