Nyhende
Administrator for Syril fotball: Kenneth Veastad mob: 950 31 247
Tap for SYRIL mot Dale
På grunn av mykje nedbør måtte SYRIL sin heimekamp mot Dale flyttast til kunstgrasbana på Kaupanger. SYRIL kom svært dårleg ut og låg under 1 – 6 til pause. Jamvel om andre omgang var langt betre, var kampen avgjort før det var spelt eit kvarter. Sluttresultatet vart 2 – 8.
Overflatevatn på Syril Stadion
Grunna mykje nedbør og overflatevatn vert 4. divisjonoppgjeret mellom Syril og Dale flytta til Kaupanger. Kampstart 19:30.
Knepent og surt tap for Syril J13/14
Verken spelarar eller trenarar var heilt nøgd etter tapet mot Førde 3 fredag ettermiddag.
Kaupanger - SYRIL
Syril tapte 7-1 på Kaupanger stadion i dag.
Skryt t spællaran
Trenar Rune Pettersen er godt fornøgd med innsatsen til spelarane sine i kampen mot Lærdal.
SYRIL tok sitt første poeng
I kampen mot Lærdal på SYRIL stadion fredag, vart sluttresultatet 1 -1 etter ein svært lang og dramatisk kamp. SYRIL tok leiinga etter 38 min i første omgang, medan Lærdal utlikna til 1 -1 30 min ut i 2. omgang. På grunn av ein stygg skade, vart kampen stoppa i 35 min medan ambulanse vart tilkalla.
Nytt tap for herrelaget borte mot Eid 2
Det vart diverre nok eit tap for herrelaget i borteoppgjeret mot Eid 2 i kveld. Nordfjordingane vann til slutt 3-1.
Jenter 12 spelte uavgjort mot ÅTIL
Det blei ein jamn kamp mot Årdalstangen på grusbana 16. mai, og sluttresultat var greitt nok, sjølv om Syril hadde eit visst overtak.
