Hjem >

Alpinkarusellen laurdag 13. mars er avlyst


Tysdag 9.februar 2010: Alpinkarusellen laurdag 13. mars vert avlyst pga snøforholda i bakken.
Det vert heller ikkje skikarusell denne laurdagen.
Ynskjer alle velkomen til siste karusell og premieutdeling laurdag 20. mars kl 1300.
NB! Dersom det vert betre snøforhold satsar vi på å arrangere eit skikrossrenn i
bakken seinare. Oppslag vil då kome.

TELEMARK-NM PÅ HALLO SOGN
hallosogn.jpg
Fredag 4. mars 2010: Det vert innslag frå NM i Telemark på nattsendinga på 
Hallo Sogn laurdag 6. mars kl.22:00. Radioen finn du på www.nettradio.tk

ÅRSMELDING SYRIL 2009
Måndag 1. mars 2010: Last ned årsmelding 2009 her

ÅRSMØTE I SYRIL 
Måndag 1. mars 2010: Vi minner om årsmøte i Saften i kveld 1. mars kl 19.00. Enkel servering. Vel møtt.
Hovudstyret


KLEPPA SKISENTER

Laurdag 27. februar 2010: Skitrekket på Kleppa er ope søndag 28. februar frå kl. 11.00 til 15.00. 
Trekket vil gå som vanleg komande veke. Sjå "Syrilfoldaren"

Plakat NM fjelltelemark og NM telemark 2010.jpg


Fredag 19. februar 2010: Syril telemark og Luster telemark inviterar til NM-helg 6-7. mars. Les meir


SKITREKKET - VINTERFERIEN 2010- OPNINGSTIDER OG VAKTER
 
Vinterferien opningstider og vakter.gif

Torsdag 18. februar 2010: Opningstider og vakter for Kleppa Skisenter i vinterferien. Les meir


Fotballskule flytta til fredag 19.mars
2010.01.09 Fotballskule 024.jpg
Biletet er teke 9.januar under fotballskulen. Nils Tore viser øvingar, og elevane fyl lærevilleg med.


Torsdag 18. februar 2010: Andre del av fotballskulen i Saften som var planlagt til søndag 7.mars er flytta til
fredag 19.mars frå kl 17.30 til 20.30. Sjå bileter frå forrige fotballskule som vart arrangert 9. januar her.

NM telemark - innkalling til dugnad i fjellet

dugnad telemark.JPG

Torsdag 18. februar 2010: Til helgi er det to veker att til NM i fjelltelemark med Syril som
arrangør. Syril telemark arrangerar dugnad. Les meir

SKITREKKET ER REPARERT. FULL DRIFT
Onsdag 17. februar 2010: Skitrekket er i full drift att. 
Opningstider og prisar, sjå Kleppafoldaren.
SYRIL oppmodar alle brukarar til å følgje skiltinga i skitrekket, 
slik at vi slepp unødvendige og kostbare driftsstansar i framtida.

ÅRSMØTE I FOTBALLGRUPPA
Søndag 14. februar 2010: Fotballgruppa i SYRIL har årsmøte onsdag 17. februar kl 19.00
i Saften - møterommet i øvste etasje.
Saker er ny sportsplan og andre årsmøtesaker.
Les utkast til sportsplan her og årsmelding her.
Vel møtt.

ÅRSMØTE I SYRIL
Torsdag 11. februar 2010: Det vert årsmøte i Syril måndag 1. mars kl 19.00 i Saften.
Hovudstyre
ALPINKARUSELLEN AVLYST
Torsdag 11.02.2010:
Alpinkarusellen laurdag 13. februar er avlyst pga for lite snø i bakken.
Trekket vil likevel gå for dei som vil ha det moro. Som erstatning vil det verte vanleg langrennskarusell.
Registrering ved skihytta mellom kl 1300 og 1400.

Telemarksamling på Hafjell
IMGP1985.JPG
Onsdag 10. februar 2010: Syril Telemark blir med Region Innlandet på samling i forbindelse med 
1. NM-helg i Telemark og Gondosleppet (sjå www.norgesskiforbund/telemark) 12.-14. februar. Les meir

KLEPPARENNET 2010
Klepparennet 2010.jpg
Nr 87 er Espen Røysum, 89 Ole-Morten Søderholm, mellom dei står Rolf Inge
Kristiansen – alle tre SYRIL.
Søndag 7. februar 2010: Klepparennet 2010 vart arranger søndag 7. februar. Det var 110 påmeldte løparar 
frå heile fylket. Flott ver, open kiosk og flotte løyper gjorde dette til ein festdag for langrennsporten i Leikanger. 
Takk til publikum, funksjonærer og løparar. Resultat finn du her

FOTBALLHELG I SAFTEN
DSCF2763.JPG
Søndag 7. februar 2010: KM Innandørs i Saften denne helga. Sjå oppsummering, kampoppsett og resultat her

Til telemarkarane i Syril
IMGP1510.JPG
Sogn Skisenter Heggmyrane (Foto: www.asken.no)
Tysdag 2. februar 2010: Ny trening på Sogn Skisenter Heggmyrane laurdag 6. februar 0800 til 1000. 
Avreise frå Essoen klokka 0715.
Me reknar med at det vert sett opp buss, slik som sist.
Pris pr. deltakar kr 100.- ved omlag 20 deltakarar. Ta med kontantar.
For spørsmål om turen, ta kontakt med Egil Johannes "egil vangsnes" <
egiljv@hotmail.com>, tlf 97713857

Syril Telemark

Kleppa skisenter



Tysdag 2. februar 2010: Skitrekket ope tysdag 2. og torsdag 4. februar kl 18.00 - 20.30

Det er flotte forhold på Kleppa og vi held difor skitrekket ope tysdag og torsdag kl 18.00 - 20.30.
Bruk den preparerte delen av bakken så slepp du skade på skia pga stein som kan forekomma i den
lause snøen.


Skitrekket på Kleppa ope
Søndag 31. januar 2010: Endeleg er det kome sopass med snø at skitrekket på Kleppa kan opne. 
Søndag 31. januar klokka 11.00 opnar trekket. Det vert sal av dagskort, årskort og Kleppakort i
vaktbua ved trekket.

Til Syril Telemark sine skileikarar 
Torsdag 28. oktober 2010: Egil Johannes har fått til avtale med Sogn Skisenter Heggemyrane 
om å trene i nypreppa bakke frå 8:00 - 10:00, dvs. før bakken opnar for andre. Dette kostar
kr. 2000,- som fordelast på dei som stiller frå Luster Telemark og Syril Telemark. Dvs, kostnaden
vert kr 100,- per telemarkar om vi vert 20 stk. Vi kan sjølvsagt halde fram etter kl. 10 og, men vi tek
sikte på å returnere med bussen før 12:00 For å nytte tida må vi sette 7:30 som avreisetidspunkt
frå Esso-en. Vi har bestilt Syril-bussen. Ved full buss, må foreldre stille opp med privatbil.
Helsing Syril Telemark



årets lagbilde1.jpg


Laurdag 23.januar 2010: Bli med på konkurransen om årets lagbilde og vinn minst 6000 kroner til laget ditt. Les meir

 


Terminliste 4. divisjon

DSCF1008.JPG


Laurdag 23. januar 2010: Sjå terminliste for 4. divisjon 2010 her


Resultat sonerenn Kleppa

Torsdag 21. januar 2010: Resultatliste frå Sonerennet på Kleppa 19. januar. Les meir

Oversikt over kiosk- og sekretariat i Leikangerhallen


Torsdag 21. januar 2010: Oppdatert liste fram til 14.03.10. Les meir


Kleppafoldaren 2010

Kleppafaldaren%202010%20finale[2].jpg


Fredag 15. januar 2010: Sjå kleppafoldaren her


Fotballskule i Saften

2010.01.09 Fotballskule 009.jpg

 

Torsdag 14. januar 2010: 36 ivrige fotballspelarar i alderen 11-15 år var laurdag 9.januar samla til fotballskule i Saften. Spelarane fekk ei innhaldsrik fotballøkt med nye og spanande øvingar. Les meir


Ølmheim gjer comeback

fotballfest 2008.jpg

Mandag 11. januar 2010: Joar Ølmheim som seinast i 2008-sesongen var kaptein og kanskje Syril sin viktigaste spelar har bestemt seg for å gjere comeback. Les meir


Sonerenn på Kleppa 19. januar

Mandag 11. januar 2010: Les meir


Telenor-karusellen 2010 på Kleppa startar 9. januar

Torsdag 7. januar 2010: Les meir


Kampoppsett volleyballturnering
sundag 27. desember

Laurdag 26. desember: Sjå kampoppsett her


Stem fram Elise til "Årets sogning"

Elise Thorsnes 1.jpgElise Thorsnes.jpg

Torsdag 10. desember 2009: "Elise Thorsnes tok dobbeltriumf med seriegull og cupgull for Røa. Leikangerjenta vart matchvinnar i cupfinalen med ei perlescoring. Er allereie godt varm i landslagstrøya." Ein suveren kandidat!! Gi di stemme til Elise innan 17. desember her.


Massevaksinasjon
- Leikangerhallen stengd for trening

massevaksinasjon.jpg

Mandag 7. desember: Frå tysdag 15. desember til torsdag 17. desember kl.18.00 vert hallen stengd for trening grunna massevaksinasjon.


Timeplan for Leikangerhallen

Sjå timeplan her


Grendacup i volleyball

volleyball.JPG

Fredag 27. november 2009: 3. juledag arrangerar volleyballgruppa i Syril grendacup i volleyball.  Les meir


Syril overtek ståtribuna på Bjørkesida

Fredag 27. november 2009: Syril skal overta deler av ståtribuna på Fosshaugane. I helga vert det arrangert dugnad for å demontere den historiske tribuna. Les meir


HUGS: registrer Grasrotandelen før jul!

grasrotandelen.jpg

Fredag 27. november 2009: STØTT SYRIL - registrer deg no og heile innsatsen for 2009 kjem med i bidraget til idrettslaget. Les meir


Jarle Andersen kåra til årets domar

Jarle Andersen årets domar 2009.jpg

Laurdag 21. november 2009: Jarle Andersen vart kåra til årets domar i Sogn og Fjordane under fotballtinget på Rica i Førde i dag. Jarle har ,trass sjukdom, dømt 39 kampar for kretsen i årets sesong. I tillegg har Andersen dømt mange kampar for Syril. Han stiller alltid opp, og får gode tilbakemeldingar både for innats og kvalitet.

Vi gratulerar Jarle Andersen med velfortjent utmerking, og ynskjer han lukke til vidare med det gode arbeidet for fotballen i fylket og ikkje minst for Syril.


Årets fyrste siger for handballdamene

Sponsorar overtrekk.jpg

Søndag 15. november 2009: Syrildamene slo Årdalstangen 24-22 i Leikangerhallen i kveld. Dette vart årets fyrste siger, etter knepne tap i dei tre fyrste kampane. Årsbeste og fortent 2 poeng til heimelaget. Dei vel 200 frammøtte skapte stemning i hallen, og fekk utan tvil valuta for inngangspengane. Les meir


Stem fram klubben i ditt hjarta

Klubben i ditt hjerte.gif

Fredag 13. november 2009: Klikk her og stem fram Syril som klubben i ditt hjarta.


Dugnad kunstgrasbane

Dugnad kunstgrasbane.jpg

Mandag 9. november 2009: Me er komne til siste dugnadsdagen i haust på kunstgrasbana. Les meir


Tap for juniorlaget i serieopninga

Sogndal-Syril gutte 2008.jpg
Arkivfoto: Biletet er teke då gutelaget møtte Sogndal i 2008.

Mandag 9. november 2009: Juniorlaget tapte 3-0 mot Sogndal sitt juniorlag heime på eigen grus søndag kveld. Les meir


Nok eit knepent tap for handballdamene

IMG_3014.jpg

Søndag 8. november 2009: Les meir her


Juniorserien startar fredag

angrep.jpg

Tysdag 3. november 2009: Det vart ikkje lange ferien for juniorane til SYRIL fotball. Juniortreningane er alt inne i andre veka og seriestart vert heime på SYRIL-grusen mot Sogndal. Les meir


Trenarduoen Røysum/Slinde held fram i 2010.

svein1.jpg DSCF1018.JPG

Mandag 2. november 2009: Styret i Syril fotball og Svein Røysum og Jan Tore Slinde er einige om å føre vidare trenarduoen sitt arbeid i 2010 og 2011. Dette ved at det blir inngått ein to-årig avtale med Svein som hovudtrenar og Jan Tore som assistent-trenar. Dette meinar styret skal bli ei god løysing for 4. divisjonslaget - og den sikrar litt meir langsiktig perspektiv.


Stemningsrapport frå dugnaden

Dugnad kunstgrasbane.jpg

Tysdag 27. oktober 2009: Her er ein stemningsrapport frå kunstgrasbanedugnaden laurdag. Godt oppmøte og godt humør prega dugnaden. Me fortset komande laurdag og håpar på like fint ver og godt oppmøte då også.

Helsing

Nils Magne


Dugnad kunstgrasbana

kunstgras.jpg

Søndag 18. oktober 2009: Her er dugnadsliste for dei to første dugnadsdagane på kunstgrasbana sett opp ut frå tilbakemelding frå nokre lagleiarar. Les meir


Tidenes fyrste herretrening 

DSCF2916.JPG

Mandag 12. oktober 2009: Det var overraskande godt oppmøte då Syril hadde sin fyrste herretrening. Heile 17 spelarar var møtt opp, og fekk god instruksjon frå handballveteranane Tor Fotland og Per Ove Fossheim. Les meir


Endring av treningstid i hallen

Handballdamene og handballherrane som startar opp mandag har fått endra treningstid.
Ny tid er:

Mandag 19.00 - 20.30   Handballdamer
Mandag 20.30 - 21.30   Handballherrar


Kunstgrasbane - no startar vi opp arbeidet

kunstgras.jpg

Onsdag 7. oktober 2009: Endeleg er vi klare til å starte bygging av kunstgrasbane. Første jobb blir å planere mellom grusbana og grasbane, heise opp ballnett  og rydde skog. Les meir


MAGNUS VANN SYKKELEN      

 

Vinnar av hoovudpremie.jpg

 

Onsdag 7. oktober 2009: På heimekampen mot Førde 2 i mai bestemte Magnus Risnes Wolff seg for å investere lommepengane i lodd i kamplotteriet framfor å bruke dei i kiosken. Søndag viste dette seg å vere eit særs godt valg av Magnus. Les meir


Trenar for 4. divisjonslaget

svein1.jpg
Dette dobbeltgjengarbiletet av Svein Røysum går aldri ut på dato. Svein er saman med rutinerte Ole Erik Grinde (Tidlegare spelar for Syril, Sogndal, Fjøra og Bray Wonderers (Irland)) aktuell som syriltrenar neste sesong.

Tysdag 6. oktober 2009: Styret i Syril er i gang med å finne hovudtrenar for 4. divisjonslaget for neste sesong. Så langt er det gjennomførte gode samtalar både med Svein Røysum og Ole Erik Grinde. Dette lovar godt uansett kven som skal trene Syril-gjengen inn i 2010! Styret legg opp til ha avtale med ny trenar på plass  i løpet av oktober månad!


Tung sesongavslutning for 6. divisjonslaget

DSCF0848.JPG
(Arkivfoto) Av 47 nytta spelarar i årets sesong var det Tomas Ølmheim
som fekk flest kampar for 2.laget. Han spelte 12 av 14
kampar

Tysdag 6. oktober 2009: Det vart ein tung avslutning på sesongen i 6. divisjon for SYRIL 2. Heile 0 – 12 vart det i tap mot serievinnar Hafslo. Vi gratulerar Hafslo med velfortent opprykk til 5. divisjon. Les meir 


5. divisjon sin mest gåvmilde

Terje Husabø BA.jpg
Foto: Arne Ristesund, Bergensavisen

Mandag 5. oktober 2009: Tidlegare Syril, Fjøra og Jotunkeeper Terje Husabø får eit 2-siders oppslag i dagens BA. Han er 5. divisjon sin mest gåvmilde i Hordaland sin 5. divisjon. Les meir


Fullt hus og god stemning i hallen

DSCF2763.JPG

Søndag 4. oktober 2009: Det var trangt om plassen i den nye hallen då Syril spelte opningskamp mot Fjøra i dag. Truleg var det over 400 tilskodarar som fekk med seg kampen. Diverre vart det 2-målstap for syrildamene til slutt, men stemninga var stor og det var spenning heilt til siste minutt. Sjå bilder frå kampen her.


Supersøndag på Systrond

Søndag 4. oktober

Kl.13:00 - 14:45  Fotball Syril - Dale
Syril - Dale 2-2

Kl.15:00 - 16:15 Handball Syril - Fjøra
Syril - Fjøra 14-16
(Følg kampen live på
Fjora.no)


Syril-Fjøra.jpg

Les meir om kampen på  Fjøra sine nettsider som vil gi resultatoppdatering frå kampen frå kl.15.00. Les også kva sognavis.no skriv i forkant av kampen her.  Handballdamene ladar opp til kamp med felles frukost. Sjå bilder her

Presentasjon av spelarane
Statistikk


Stortap i 6. divisjon

Syril2 300909.jpg

Torsdag 1. oktober 2009: SYRIL gjekk på ein skikkeleg smell i Sognahallen onsdag mot Sogndal 3. Sogndal leia 8-0 til pause etter ein omgang der vi vart utspelt over store delar av bana. 2. omgang opna betre og det sto 2-2 20 min ut i 2. omgang, men med 8 baklangs i bagasjen frå første omgang var sluttresultatet gitt. I tillegg rakna det enno meir siste 25 min i 2. omgang slik at sluttresultatet vart 16 - 2. Debutant på Syril 2, Cato Aalen, uttalte etter kampen at dette var det største tapet i karrieren. Lyspunktet måtte vere at Cato scora det eine målet til SYRIL. Det andre målet var det Frode Alme som sette inn. Men humøret er likevel godt. På bilete ser vi Daniel Montero, Frode Alme og Kjetil  Kristiansen som smiler og rister av seg tapet. Siste kamp i 6. div går tysdag 6. okt kl 18.00 heime mot Hafslo. Hafslo må vinne om dei skal rykke opp i 5. divisjon medan vår tabellposisjon vert uendra.


Håndball laurdag

hallosogn.jpg

Onsdag 30. oktober 2009: Søndag 4. oktober startar den lokale 4. divisjon i handball. Hallo Sogn vil i år ha eit ukentleg handball magasin der dei tek føre seg den lokale handballen i Sogn. Første sending er laurdag 3. oktober kl 18:00. Her vert det intervju med spelarar, trenarar, gjester i studio , konkuranse og musikk.

Radioen finn du på www.nettradio.tk


Syril startar herrehandball

syrildrakt.jpg

Mandag 28. september 2009: For fyrste gong i historia prøver Syril seg med eit herrelag i handball. Det nyoppstarta laget har sin fyrste trening mandag 12. oktober. Alle som ynskjer å vere med kan møta i Leikangerhallen mandagar klokka 19. Dei fleste som møter her har knapt teke i ein handball før, så alle møter med blanke ark.

Det fyrste året vil vere eit prøveår med trening ein gong i veka. Nokre treningskampar mot damelaget vil det også bli. Møt opp alle som ynskjer - Detta blir gøy!!

Det er oppretta eit eige spelarforum på syril.net for herrelaget der informasjon vert lagt ut. Gå inn på spelarforum her


Historisk premiere i ny hall

DSCF26521.JPG
Biletet er teke under internkampen mellom Syril I og Syril II mandag 21.september. (Foto: Jan Rune Mardal)

Tysdag 22. september 2009: Søndag 4.oktober brakar det laust i Leikangerhallen. Nyoppstarta Fjøra handball møter syrildamene i den historiske handballkampen. Det er venta fulle tribunar og god stemning i hallen, og det er allereie spørsmål om kor mange tilskodar hallen rommar. Det ryktast at Fjøra møter mannsterke på tribuna. Oppmodinga går då til "Syrilhandballens venner" - Møt opp!!

Fjørasupporterar, systrendingar og alle andre er hjarteleg velkomne.

4.divisjon damer
Syril - Fjøra
Leikangerhallen
Søndag 4.oktober
kl.15:00


6. divisjon
Tysdag 22. september

Syril 2 - Årdal/Jotun/Åtil 3  4-5

6.div.JPG
Dette "blinkskotet" er teke under forrige møte med Årdal 3 heime på Syril stadion. Dette bilde er skremmande likt det bilde eg laga for nokre år sidan. Sjå nøye på bilde og samanlikn med dette (Foto: Jan Rune Mardal)

Onsdag 23. september 2009: SYRIL 2 starta svært bra i kampen mot Årdal 3 på Ylvisaker tysdag. Kay Roger Hauge scora både etter 5 og 10 min og då Ruben Tøfte la på til 3 – 0 etter 16 min med eit flott langskot, såg det lyst ut. Men Årdølene kom attende og  reduserte til 3 -2 etter scoringar 28 min (på straffe) og etter 40 min. Men Syril leia 3 – 2 til pause.

I andre omgang miste vi mykje av spelet på midtbana og Årdølene utlikna etter 16 min og tok leiinga 3 – 4 etter 32 min i andre omgang. Vi var sikre på å berge eit poeng då Syril utlikna til 4 – 4 i det 45. minuttet etter eit kanonskot av Svein Jarle Slinde frå 25 m heilt oppe i vinkelen.  Men på overtid fastsette Årdal 3 sluttresultatet til 4 – 5. Ein målrik kamp som Syril ikkje burde ha tapt. Thor Kristian Sortevik var kampens gode dommar.

resultat/tabell


Thrilleravslutning i 4.divisjon

DSCF1049.JPG
Foto: Jan Rune Mardal

Fredag 18. september 2009: Det er duka for ein thriller i serieavslutninga i 4. divisjon. Dale er allereie klare for opprykk, og 4 andre lag kjempar om den siste plassen opp i Firdaligaen. Les meir


4. divisjon
Syril - Årdal 2  2-1 (0-0)

DSCF1033.JPG
Arkivfoto (Foto: Jan Rune Mardal)

Onsdag 16. september 2009: Syril vann fortent 2-1 heime mot Årdal 2 i kveld. Heimelaget burde avgjort kampen tidlegare, men ein god Vegard Skjeldestad stod som ein vegg. Årdølene var farleg frampå ved fleire høve, og hadde blant anna to stolpeskot. Johnny Aspeseter sette inn Årdal sitt mål etter 74 minuttar. Det vart nokre nervepirrande minuttar på slutten då Årdal pressa på for å få ei utlikning, men Syril drog i land sigeren. Tomålsscorar Jan Tore Slinde vart dagens mann på Syril stadion.

Med 3 poeng klatra Syril på delt 2. plass på tabellen, men med ein kamp meir spelt enn dei andre laga i toppen (tabell).

Syril - Årdal 2 2-1 (0-0)

1-0 Jan Tore Slinde (53 min)
2-0 Jan Tore Slinde (57 min)
2-1 Johnny Aspeseter str (74 min)


Grasbana opna for kampar

Tysdag 15. september 2009: Endeleg vart det så mykje opphaldsvêr at grasbana kunne slåast. Den er no opna for kampar, men fortsatt for våt til at den toler full bruk med trening. Dersom nokon treng enkelttreningar på gras som førebuing til kampar på gras, må de ta det opp i kvart einskild tilfelle med Geir Ove Røysum eller Nils Magne Slinde.


Tap mot Vik 2 i 6. divisjon

DSCF0852.JPG
Arkivfoto: Kay Roger Haugen scora nok ein gong for Syril, men også denne gong enda det med 2-1 tap. (Foto: Jan Rune Mardal)

Tysdag 8. sept 2009: Det var eit tett og spennande oppgjer i 6. divisjon mellom SYRIL og Vik på grusen i Vik i kveld. Vik startar best og dominerte midtbana i byrjinga av kampen. Det var difor fortent då dei gjekk opp i leiinga 30 min ut i første omgang. Men trenar Leo Cirotzki gjorde ein del endringar i pausen og mana til meir spel på fot og val av enkle løysingar. Det gav resultat og 5 min ut i 2. omgang utlikna Kay Roger Haugen etter eit av Svein Jarls Slinde sine lange innkast heilt inn i Vik sitt målfelt. SYRIL hadde mykje banespel, men likevel klarte Vik å få ei scoring til to minutt før full tid.  Erlend Husabø, Daniel Montero og Even Børve debuterte i 6. div i kveld så no har 45 spelarar vore innom laget hittil i sesongen.


Nedtur for 4. divisjonslaget

Eid-Syril.jpg
(Foto: Jan Rune Mardal)

Søndag 6. sept 2009: Den imponerande sigersrekka til Syril vart broten borte mot Eid 2. Kampen enda 6-4 til botnlaget. I mangel på referentar på a-kampane kan du lese kva den største supportaren, Siri Andresen, skriv om kampen. Les her (Eller du kan gå inn på www.haugenfotball.no å lese meir)


Tap mot serieleiar Hafslo

Eirik Stensvand mot hafslo.jpg
Eirik Stensvand (i blå vest) var SYRIL sin kaptein i dagens kamp og var Syril sin beste. (Foto: Nils Magne Slinde)

Onsdag 2. september 2009: SYRIL 2 møtte serieleiar Hafslo på ein svært våt, men likevel flott Hafslo stadion i kveld. Det vart tap 5 – 2. SYRIL vann 2. omgang 1 – 2, men kampen var nok avgjort då Hafslo leia 4 – 0 til pause. Marius Aaberge og Erlend Lunde scora kvart sitt mål for SYRIL.


Nye treningstider for Syril fotball

treningstider.jpg

Mandag 31. august 2009: Nye treningstider for hausten 2009 finn du her


Grasbana stengt

Mandag 31. august 2009: Regnet vil ingen ende ta og vi kan ikkje opne grasbana att før det vert opphaldsvêr. Slik vêrmeldinga ser ut no skal det regne nokså kraftig fram til onsdag / torsdag. Eit høgtrykk er på gang til helga att så kanskje vi får godvêr då. Så lenge skiltet står oppe, er det stengt både for trening og kamp.


Syril - Veitastrond  3-2

DSCF2451.JPG
Veitastrond pressa på dei siste minuttane for å få ei utlikning, men sjølv om domaren la til 5 minuttar klarte ikkje Veitastrond å setje ballen i nota. (Foto: Jan Rune Mardal)

Onsdag 26. august 2009: Syril sitt 4. divisjonslag vann i kveld 3-2 i ein utruleg spanande kamp mot Veitastrond. Syril klatra med dagens siger opp på delt 2.plass på tabellen. Målscorarar for Syril var Olav Selås Hauge (2) og Steinar Henjum sette inn vinnarmålet 10 minutt før full tid.

Veitastrond som nyleg vart trekt 3 poeng frå kretsen, ligg fortsatt nest sist på tabellen. Sjølv om det ser mørkt ut, trur eg at dette laget vil plukke dei naudsynte poenga dei treng for å halde seg i divisjonen. I dag var dei fullt på høgde med heimelaget, og berre tilfeldigheitar gjer at sigeren bikka i Syril sin favør.

DSCF2445.JPG
Mange løyste billett til dagens kamp, og dei par hundre frammøtte fekk valuta for pengane. (Foto: Jan Rune Mardal)


Syril 2 - Sogndal 3  1-2

DSCF0864.JPG
Arkivfoto: Kay Roger Haugen scora det einaste målet for Syril 2. (Foto: Jan Rune Mardal)

Onsdag 26. august 2009: Det vart knepent tap for SYRIL 2 i 6. div i kveld mot Sogndal 3. Sogndal tok leiinga etter 20 min i ein underhaldande og fartsfylt 1. omgang. Kanskje årsbeste av SYRIL 2 sitt lag. Etter pausen kjempa SYRIL for å få utlikning. I staden gjekk Sogndal opp til 0 – 2 åtte minuttar ut i omgangen. Men SYRIL var farleg frampå fleire ganger og reduserte til 1 – 2 etter 12 min ved Kay Roger Haugen. Men SYRIL klarte ikkje å utlikne og Sogndal var nok like nær 1 – 3 som SYRIL 2 -2.

Dommar Yngve Håkonsen hadde god kontroll over kampen og dei mange tilskodarane fekk sjå ein spennande og fartsfylt kamp.



Grasbana stengt

Mandag 24. august 2009: Etter miniputturneringa søndag og varsel om ein del regn, vert grasbana stengt for både trening og kampar denne veka. Kampar har prioritet på grusbana.
Treng nokon treningstid på Ylvisaker så ta kontakt.

Nils Magne Slinde og Geir Ove Røysum


Miniputturnering søndag 23. august

Miniputturnering 2008.jpg
Foto: Jan Rune Mardal

Fredag 21. august 2009: Søndag brakar det laust med miniputturnering på Syril Stadion. Frå klokka 10.30 skal heile 93 kampar gjennomførast. Sjå kampoppsett og arbeidslista her


4. divisjon
Førde 2 - Syril 2-6 (2-2)

DSCF1007.JPG
Arkivfoto (Foto: Jan Rune Mardal)

Torsdag 20. august 2009: Syril sitt 4. divisjonslag tok i kveld ein sterk bortesiger mot Førde 2.

0-1

Jan Tore Slinde
(15 min)

0-2

Joar Strand
(26 min)

1-2

Thomas Fjørestad
(38 min)

2-2

Tord Langedal Ness (41 min)

2-3

Tomas Ølmheim
(59 min)

2-4

Cato Aalen
(70 min)

2-5

Steinar Henjum
(79 min)

2-6

Steinar Henjum
(89 min)


Tabell
1 Dale 14 37
2 Sandane 14 24
3 Askvoll/Holmedal 14 24
4 Syril 15 24
5 Selje 14 23
6 Årdal 2 14 20
7 Lærdal 14 19
8 Saga 14 19
9 Skavøypoll 14 17
10 Førde 2 15 17
11 Veitastrond 14 12
12 Eid 2 14 5


6. divisjon
Årdal 3 - Syril 2   7-1

Ivar henjum.jpg
Syriltrenar Ivar Henjum debuterte som seniorspelar etter fleire års pause
(Foto: Nils Magne Slinde)

Onsdag 19. august 2009: I første runde i haustsesongen vart det stort tap for SYRIL sitt 6. divisjons lag. Vi sleit med å stille nok mannskap og det var svært trøytte bein som kjempa dei siste minuttane på kunstgraset i Øvre Årdal. Årdal leiar 3 – 0 til pause og auka jamt og trutt til 7 – 0 utover i 2. omgang før Frode Alme reduserte eit minutt før slutt. Syril sine karar kjempa godt, men Årdølene var for gode. Lite med spelarar gjorde at SYRIL-trenar Ivar Henjum debuterte som seniorspelar etter fleire års pause.


Kampar på Syril Stadion hausten 2009

DSCF1059.JPG
(Foto: Jan Rune Mardal)

Tysdag 18. august 2009: Kampoppsett for kampar på Syril Stadion samt domaroppsett finn du her eller i margen til høgre.


Syril - Lærdal 4-2 (1-1)

Fredag 14. august 2009 kl. 18.00

0-1

Voll

1-1

Olav Selås Hauge

2-1

Jan Tore Slinde

3-1

Steinar Henjum

4-1

Jan Tore Slinde

4-2

Lindesteg


Askvoll/Holmedal - Syril 2-4

Jan Tore .jpg
(Foto: Stein H. Hellebø)

Fredag 14. august 2009: Les referat her


Miniputturnering 23. august

Miniputturnering 2008.jpg

Onsdag 12. august 2009: Søndag 23. august er det klart for ei ny miniputturnering på Syril stadion. Last ned arbeidslista her (Word dokument)


Smågutelaget i Norway Cup
-Klar for kvartfinale i B-sluttspelet

STP82640.JPG

Fredag 31. juni 2009: Syril sitt smågutelag kom heilt til kvartfinale i B-sluttspelet etter at laget slo Lyn 2 1-0 i går. I går kveld beslutta Norway Cup å avlysa resten av kampane i B-sluttspelet grunna mykje nedbør. Syril havna dermed på ein plass mellom 1 og 8 i B-sluttspelt. Kjempebra innsats!!

Smågutelaget har fått ei eiga side der det vert oppdatert frå turneringa.
Nettsida finn du her, eller på lenkja til høgre.


Tine Fotballskule 2009

fotballskulen.jpg

Torsdag 23. juli 2009: Me er no om lag 100 påmelde til fotballskulen 2009 som vert arrangert 10.-13.august. Me har enno plass til fleire, so om du har gløymt å melde deg på er det ikkje for seint. Les meir


Møter Fjøra i treningskamp

einan og kvam.jpg

Mandag 20. juli 2009: Syril møter Fjøra i treningskamp på Syril stadion laurdag 25. juli kl. 14.00 Les meir


Ny trenarduo for Syril sitt 4. divisjonslag!

svein3.jpg

Søndag 19. juli 2009: Svein Røysum har sagt ja til å trene Syril sitt 4. divisjonslag saman med Jan Tore Slinde haustsesongen 2009. Etter at Svein Inge Nesset har reist tilbake til Sunnmøre har det vore litt spenning omkring kven som skulle trene laget saman med Jan Tore - det er no avklara! - og Svein går inn i plassen til Svein Inge frå og med i dag! Dette trur vi blir ei god løysing og vi ser fram til ein sportsleg god haustsesong! Samstundes med dette har Styret i Syril Fotball starta arbeidet med å få på plass trenar for 4. divisjonslaget for sesongen 2010. Aktuelle kan vere dagens trenarar - eller andre dersom dei ikkje ønskjer å fortsette. Har du kandidatar? Ta då kontakt med Kjartan J Hove eller Roar Midtun.


Syril tapte kvartfinalen

Aslak.jpg

Torsdag 9. juli 2009: Les alt om kampen og om Dana Cup her


Fyrste trening i ny hall

DSCF1575.JPG

Tysdag 30. juni 2009: Handballdamene hadde i går den fyrste treninga i hallen. Les meir


Syril - Sandane 1-0 (0-0)

DSCF1029.JPG
Joar Strand vart matchvinnar mot Sandane

Søndag 28. juni 2009: Joar Strand scora det einaste målet i kampen då Syril slo Sandane heime på Syril stadion søndag. Headinga til Strand i 2. omgang sikra Syril 3 nye poeng. Syril klatra, og tek fotballferie med ein 7. plass på tabellen. Dei andre kampane i 4. divisjon enda slik: Årdal 2 - Dale 3-4, Selje - Saga 2-2, Førde 2 - Lærdal 4-0, Eid 2 - Skavøypoll 0-3, Veitastrond - Askvoll/Holmedal 5-6.

Neste seriekamp er heime mot Skavøypoll laurdag 1. august. Helga før kjem Fjøra på besøk for å testa formen etter sommarferien.


Syril - Bjørn  5-0

Olav i kampII.jpg
Olav i kamp  (Foto: Håkon Nesse)

Fredag 19. juni 2009: Syril sine gutar -97 vann heile 5-0 mot Bjørn på syrilgrusen onsdag. Gutane kan dermed no ta ein velfortjent sommarferie. Sjå bilder frå denne kampen


Syril slo United og City på veg til finalen

Syriljenter seljecup 2009.jpg

Torsdag 18. juni 2009: Syril sine 95 og 96 jenter gjorde det godt i Seljecup, som gjekk av stabelen den 12-14. juni 2009. Eit blanda lag kom til B-finalen på sundagen, etter å slått ut både United og City frå Kristiansund og laget Frei. I finalen tapte dei 2-1 mot Davik og Leirgulen. Les meir


6. divisjon

Aurland/Lærdal 2 - Syril 2  2-4

marius midtun aaberge.jpg
Marius Midtun Aaberge kom frå benken og scora 2 mot Aurland/Lærdal 2 i går.

Tysdag 16. juni 2009: Syril 2 vann den siste bortekampen for vårsesongen på Aurland stadion i går. Ruben Tøfte, Steinar Henjum og Marius Midtun Aaberge (2) scora Syril sine mål mot Aurland/Lærdal2. No tek 2.laget ferie med ein sosialkveld saman med 1. laget på laurdag etter kampen borte mot Dale. Vi vonar mange av spelarane på 2. laget blir med supportarbussen til Dale. Les meir om turen her

Syril stilte med følgjande spelarar: Geir Ove Røysum, Per Eirik Lunde, Ole Erik Grinde, Eirik Stensvand, Thomas Ølmheim, Benjamin Hundershagen, Stian Nilsen Nornes, Kay Roger Haugen, Kristian Slinde, Ruben Tøfte, Steinar Henjum, Johan Landøy, Bjørn Orrestad og Marius Midtun Aaberge.

Tabell og resultat


Turposttrimmen 2009

Fin utsikt over Sognefjorden. Dag på veg ned Njøsadalen.JPG

Tysdag 16. juni 2009: Alle bøkene er no lagde ut med unntak av Hestfjellet. Utfordringa er dei same 17 turpostane som i fjor. Bøkene blir tekne ned ca. 15.10. Det er sett opp 4 premiar. Les meir


Supportartur til Dale

tur til hornindal.jpg

Mandag 15. juni 2009: Laurdag møter Syril topplaget Dale i den siste bortekampen for vårsesongen. I år som i fjor vert det sett opp ein stor buss frå Sogn Billag som alle supportarar kan fylgje. Les meir


Kjegler og tau sporlaust borte...

k.jpg
Tips syril.net om saka her

Søndag 14. juni 2009: I SYRIL sin trafikktryggingsplan er det vedteke at parkeringsplassen over tribuna skal stengast av for parkering i samband med kampar. Til dette vart det kjøpt inn tau til avsperring og vi har lånt kjegler frå Kjeringi Open. Men no har nokon reist med både kjeglene og tauet. Kanskje nokon har lånt det til eige bruk eller tenkt å rydde det vekk. Vi ber om dei som har teke dette tek kontakt eller leverer kjeglene og tauet tilbake til stadion.

Helsing

Styret i fotballgruppa


4. divisjon

Torsdag 11. juni

Syril - Saga 3-1

Mål Syril: Jan Tore Slinde (2) og Svein Inge Nesset


6.divisjon

Tap 6-1 for Vik 2

DSCF0902.JPG
Frode Alme og Syril 2 tapte mot Vik 2

Tysdag 9. juni: I 6. divisjon var Vik 2 det klart beste laget på SYRIL stadion og vann kampen fortent 1 – 6. Jan Tore Slinde scora SYRIL sitt trøstemål på straffe 20 min ut i 2. omgang.


Terje Kvam gjer comeback

Terje_Kvam.jpg

Laurdag 6. juni 2009: Terje Kvam har i dag sagt ja til meir spel i syrildrakta. Kvam var ein av dei viktigaste spelarane for Syril i fjor, og bidreg positivt både på og utanfor bana. Les meir


Årdal 2 - Syril 7-3

cato.JPG

Fredag 5. juni 2009: Syril fekk det ikkje uventa tøft borte mot Årdal 2. Les meir


6. divisjon

Syril 2 - Hafslo 0-4

Hatlevoll.jpg
Steinar Henjum takkar Hafslo sin 2-målscorar Ole Petter Hatlevoll for kampen.

Tysdag 2. juni: Syril tapte i kveld 4-0 mot Hafslo på Syril Stadion.

0-1    

Erling Linde (20 min)

0-2

Ole Petter Hatlevoll (23 min)

0-3

Lars Bruhaug (36 min)

0-4

Ole Petter Hatlevoll (63 min)

Syril stilte med følgjande lag: Geir Ove Røysum, Benjamin Hundershagen, Tomas Ølmheim, Stian Nilsen Nornes, Eirik Stensvand, Erlend Nilsen, Torbjørn Stølen, Kjetil Kristiansen, Odd Rune Våge, Ingar Husabø, Steinar Henjum, Steinar Eggum, Erlend Lunde, Jon Håkon Odd, Svein Jarle Slinde, Jan Tore Slinde, Ole Erik Grinde og Øystein Uglum Henjum.

Hafslo stilte med følgjande lag: Marius Sviggum, Lars Bruhaug, Ole Petter Hatlevoll, Hans Petter Fardal, Knut Bø, Tom Fransen, Torgeir Kjos Wenjum, Vegard Sohoel, Erling Linde, Atle Handeland, Alexander Loftesnes, Espen Solberg, Ørjan Fåberg, Kristian Lomheim, Kristoffer Sterri Karlsen, Øyvind Einan, Runar Hatlevoll, Morten Nes

Gult kort: Tomas Ølmheim (Syril)

Domar: Asbjørn Kjetil Håre Grinde (Fjøra FK)

Resultat og tabell


Selje - Syril 2-0

bilde090531seljesyril11.jpg
Kaptein Cato Aalen og spelande trenar Svein Inge Nesset måtte reise heim frå Selje utan poeng. 
Foto: Stig Høynes,
www.haugenfotball.no

Mandag 1. juni: Syril tapte 2-0 borte mot Selje i 4.divisjonsoppgjeret søndag. Heimelaget scora to kjappe like før pause og Syril hadde nok av sjangsar til å få med seg poeng heim til Sogn, men lukkast ikkje. Kampen mot Selje vart dekka av Stig Høynes. Godt og upartisk referat, bilder og kampfakta frå kampen kan de lese på www.haugenfotball.no


SYRIL lillegut 12 spelte uavgjort mot Sogndal 2

Krysset.bmp

 

Fredag 29. mai 2009: Den svært spennande kampen gjekk på Hafslo 28. mai. Sogndølene leia med 3-1 til pause, men SYRIL-gutane viste at dei ikkje gir opp. Bilda frå kampen viser at det var action frå start til slutt. Godt kjempa! Neste kamp blir på heimebane mot Jotun den 3. juni. Sjå bilder frå kampen her


Tap for 6. divisjonslaget

DSCF0859.JPG
Steinar Henjum scora Syril sitt einaste mål

Onsdag 27. mai 2009: Syril sitt 6. divisjonslag leia 1-0 til det gjenstod 30 minutt mot Sogndal 3 i går kveld. Mange fine angrep vart rulla opp, men siste finishen mangla. Andre omgang vart årsverste. Les meir


God start av smågutelaga

Onsdag 27. mai 2009: Syril sine smågutelag har fått ein fin start på sesongen. 11-arlaget varta opp med festfotball mot Sogndal 2 på Syril stadion mandag og vann heile 14-1. I går vann 7-arlaget 6-1 mot Vik. Les kamprapport frå smågutane på deira område her


Grasbana stengt

meteogram.png

Tysdag 26. mai 2009: Etter litt fram og tilbake, har vi saman med kommunen konkludert med at grasbana må kvile nokre dagar. Kommunen gjødsla i går og det passar då godt med regn slik det er meldt i dag og i morgon (onsdag). Regn gjer og at grusbana er godt brukande.

Konklusjon: Det går fire kampar på grasbane denne veka. Anna aktivitet går på grusen fram til og med 2. pinsedag.


Målkalas mot Eid 2

DSCF1078.JPG
Olav Selås Hauge var dagens mann på Syril stadion. Lynvingen scora to og vart kåra til dagens syrilspelar.

Laurdag 23. mai 2009: Syril sitt 4.divisjonslag gjekk sigrande ut av målkalaset på Syril stadion i dag. I strålande solskin fekk publikum valuta for pengane med heile 9 scoringar. Heimelaget vann til slutt 5-4. Jan Tore Slinde, Cato Aalen, Svein Inge Nesset og Olav Selås Hauge (2) scora Syril sine mål. Kampfakta / Sjå bilder frå kampen her


Til topps i 6. divisjon

Geir Ove Røysum.JPG
Evigunge Geir Ove Røysum (48) holdt Syril inne i kampen med nokre kjemperedningar,
og var Syril sin beste spelar mot Årdal 3

 Tysdag 19. mai 2009: Syril gjekk til topps i 6. divisjon etter at laget slo Årdal 3 3-1 på Syril stadion i kveld. Årdølene gjekk opp til 1-0 allereie etter 10 minuttar, men med to scoringar frå Stian Nilsen Nornes og eit av Eirik Stensvand (straffe) sikra laget seg 3 nye poeng. Les meir /  Sjå bilder frå kampen


4. divisjon

Veitastrond - Syril

Hauge.jpg
Arkivfoto: Syril tok årets fyrste siger i kveld, og etter rapportar frå tribuna - fullt fortent.
Cato Aalen, Svein Inge Nesset og Olav Selås Hauge (2) (Bilete) scora måla for Syril.

Fredag 15. mai 2009
Sogndal Stadion

Fortløpande oppdatering av scoringar:

3-4 (Slutt)

Cato Aalen, Svein Inge Nesset, og Olav Selås Hauge 2 for Syril
Vidar Vadseth og Richard Nes 2 (eit på straffe) for Veitastrond

Resultat og tabell


Syril 6. divisjon vann 7-0 over Aurland/Lærdal 2  

6-div lagbilete.BMP

Tysdag 12. mai 2009: I flott vårvêr på SYRIL stadion spela 6. divisjonlaget sin andre seriekamp for sesongen. Les meir


God start av lillegutt 12

Søndag 10. mai 2009: Lillegutt 12 har hatt ein god start på sesongen. Første kamp var mot Balestand der det vart ein klar 8-0 seier. Andre kamp var heime mot Aurland der dei vann  5-1.

Det har vore mange ulike mål skorar og det er kjempe kjekt. No har dei kampfri til den 28. mai då Sogndal står for tur.


Nytt garderobeanlegg

garderobe.bmp
Illustrasjonsfoto

Fredag 8. mai 2009: Nye garderobar på barneskulen går ut på anbod no før sommarferien. Byggjestart vert etter sommarferien slik at til neste sesong vil vi ha nye garderobar både i Idrettshallen og på barneskulen. Dette er svært godt jobba av Leikanger kommune.


Dugnad på tribune

fotballskulen.jpg

Fredag 8. mai 2009: Vi minner om dugnaden på tribuna på grasbana i morgon laurdag 9.mai kl 12.00. Ta med drill.

Neste veke fortset vi måndag 11., onsdag 13. og fredag 15. mai kl 18.00 slik at tribuna vert klar til 17. mai. Håpar nokon har tid til å bli med. Ta gjerne med drill og skøyteledning.

Helsing
Nils Magne


8 mål og poengdeling mot Førde 2

scoring.jpg

Torsdag 7. mai 2009: 4 mål var ikkje nok til å dra i land sesongens fyrste 3-poengar på Syril Stadion i kveld. Gutane fekk fleire moglegheiter, men lukkast ikkje. Les meir


Vik 2 - Syril 2  5-3

Steinar Henjum.JPG
Benjamin Hundershagen, Steinar Henjum (Bilete) og Endre Navarsete scora måla for Syril 2 i kveld

Tysdag 5. mai 2009: Syril sitt 6.divisjonslagt tapte seriepremiera mot Vik sine nest beste i kveld. Etter ei fin opphenting i 2. omgang klarte Vikjene til slutt å dra det lengste strået. Les meir 


Tilbod om keepertrening

Øystein Uglum Henjum.jpg
Øystein Uglum Henjum - Keeper på gutelaget

Tysdag 5. mai 2009: Geir Johan Aase og Eivind Røysum startar onsdag 6. mai keepertrening for alle interesserte frå lillejente/lillegut t.o.m jenter/gutar.

Tilbodet vert fast kvar onsdag kl. 18.30 - 20.00, dersom det er nok interesserte. 
Kvart lag kan i utg.punktet stille med 2 deltakarar

Ingen påmelding

Vel møtt til keepertrening!


Troppen mot Vik er klar

viklogo.jpg  VS   syrillogo.jpg

Mandag 4. mai 2009: Tysdag 5. mai startar 6. divisjonslaget borte mot Vik 2.
Sjå Ivars utvalgte ved å gå inn på "spelarforum 6. divisjon"


Ny tribune på Syril Stadion

publikum.jpg

Søndag 3. mai 2009: Me er no i gang med skifte av tribune på grasbana. Satsar på å bli ferdig til 17. mai, men då er det fint om me får litt hjelp. Det vert arbeid med tribuna måndag 4. mai kl 17.00 og komande helg frå kl 12.00. Møt opp om du har lyst og har høve.


Trafikktryggingsplan for Syril fotballgruppa 2009

Onsdag 29. april 2009: Les trafikktryggingsplanen her


Lærdal banka Syril 6-0

joar ølmheim scorar.jpg
Biletet er sjølvsagt arkivfoto, og teke i fjor då Syril slo Lærdal 6-1 både heime og borte. I kveld var det lite å juble for då lærdølene fekk sin revansj. I kveld får vi berre mimra over lyden av ein av syrilscoringane mot Lærdal i fjor. Les referat frå denne kampen her

Onsdag 29. april 2009: Syrilherrane gjekk på nok eit pinleg nederlag i 4. divisjon då laget tapte heile 6-0 mot Lærdal i kveld. Stillinga til pause var 5-0. Les meir


Tap mot Askvoll/Holmedal

Syril-Ahil 2009.JPG

Søndag 26. april 2009: Syril tapte 3-0 i ein svak kamp på syrilgrusen i dag. Dei over 180 frammøtte måtte gå skuffa heim etter ei tafatt oppvising av heimelaget. Askvoll/Holmedal tronar fortsatt på toppen av tabellen etter 2. serierunde. Resultat og tabell her. Les meir om kampen her.


Poengdeling mot Skavøypoll

skavøypoll logo.jpg

Søndag 19. april 2009: Syril sitt 4. divisjonslag fekk med seg eit poeng frå Måløy i ettermiddag. Erlend Husabø og Cato Aalen (str) sikra laget eit sterkt poeng i serieopninga. Håvard Tennebø scora to for Skavøypoll. Kampen enda 2-2.

Referat her

Sjå resultat og tabell
Les kva Skavøypoll skriv om kampen på deira nettside
Sognavis.no


Tabelltips 4. divisjon 2009

Laurdag 18. april 2009: Sjå tabelltipset for 4.divisjon 2009 her


Ikkje dugnad på NAV søndag 19. april

Laurdag 18. april 2009: Etter flott oppmøte og god innsats før i veka og laurdag, vart vi ferdige med flyttejobben for NAV raskare enn venta. Difor får alle dugnadsfolk fri søndag og kan nyte vårsola.


DALE KNEPEN FAVORITT

dale.JPG

Tysdag 14. april 2009: I følgje spelselskapet NordicBet er Dale den største favoritten til opprykk til 3. divisjon. Sterke utfordrarar vert Selje, Saga og Skavøypoll trur NordicBet. Syril er tippa under midten med 15 i odds.

Årets vinnarodds frå NordicBet

Lag

Odds

Dale

4

Selje

5

Saga

5

Skavøypoll

6

Askvoll/Holmedal

8

Sandane

9

Førde 2

12

Syril

15

Veitastrond

15

Årdal 2

20

Lærdal

20

Eid 2

40


SYRIL HAR PASSERT 10.000

grasrotandelen.jpg

Tysdag 14. april 2009: Syril har passert 10.000 i grasrotandelen, og 70 har registrert Syril som sin grasrotmottakar. Grasrotpotensiale totalt i Leikanger i 2008 var på kr. 148.000.
Vi håpar på di støtte! Les meir og registrer deg her (Idrettslaget SYRIL - orgnr.975700526)


DUGNAD PÅ STADION

Miniputturnering 2008.jpg
Slik ser det forhåpentlegvis ut på Syril stadion mandag 20. april. Biletet er teke under fjorårets miniputturnering.

Mandag 13. april 2009: Som tidlegare år vert det også i år dugnad på stadion før 17. mai. 20. april kl 17.00 er peika ut som tidspunkt. Ta med kaffi og rive og bruk kvelden på stadion til vårpuss.


Treningstider 2009

miniputt.jpg
Bildet er teke under ein miniputtrening 2008. Trenar Rune Wolff i bakgrunnen.

Torsdag 9. april 2009: Treningstider for gras/grusbana 2009 finn du under "fotball/treningstider", eller klikk her


Flyttedugnad

Søndag 5. april 2009: Som de kanskje kjenner til gjennom nettsida syril.net, er det mykje dugnadsarbeid i regi av SYRIL denne våren. Vi er no ferdig med første flytterunde hjå Nav og dugnaden i Saften vart ferdig til påske. Det har vore gjort ein kjempejobb av alle som har vore med. Men enno står det att ein siste jobb med flytting av NAV før vi kan avslutte ein svært travel dugnadssesong. Les meir og sjå dugnadslista her (Word)


Nettsida vil vere nede

Fredag 3. april 2009: Syril.net vil vera nede i perioden laurdag 4. april kl. 16.00 til søndag 5. april kl. 12.00 grunna vedlikehald hjå leverandør.


2. laget vert ikkje trekt

Mandag 30. mars 2009: Syril stiller med to seniorlag på herresida, det vart konklusjonen etter eit spelarmøte søndag kveld. Ein del gamle ringrevar har sagt ja til å vera med og det kan bli ein spanande mix med gamle rutinerte, og unge lovande på årets lag i 6. divisjon. Sjå kampoppsett her


Dugnaden søndag er avlyst

Laurdag 28. mars 2009: Dugnaden i Saften er avlyst søndag pga at merking av golv ikkje vart ferdig i dag. Vi satsar på mandag og tysdag som planlagt.


Avsluttande dugnad i Saften idrettshall

Fredag 27. mars 2009: Parketten er no komen på plass og handballdamene arbeider med å rydde og vaske. I tillegg har vi teke på oss ein siste jobb med å få opp panelen på veggane. Det har vore jobba mykje dugnad i hallen så me har stor forståing for at dugnadsfolka no tykkjer det er nok. Vi har difor ikkje sett opp lister, men oppfordrar alle som har høve og lyst til å ta ei ekstra økt, om å bli med. Det vert jobba dugnad søndag 29. mars frå kl 10.00 og måndag 30. mars og tysdag 31. mars frå kl 18.00.

 Helsing

dugnadsgjengen v / Per, Geir, Olav og Nils Magne


Siste sjanse for 6. divisjonslaget

09032008416.jpg
Syrilherrane treng fleire spelarar for å stilla lag i 6. divisjon (Illustrasjonsbilete)

Fredag 27. mars 2009: Det vert gjort eit siste forsøk for å unngå å trekka laget frå 6. divisjon denne sesongen. I heile vinter har oppmøte vore for dårleg, og søndag er siste sjanse for å bevise at det er grunnlag for eit andrelag, seier lagleiar Nils Magne Slinde.

Dersom det ikkje er tilfredstillande med folk på neste trening vil vi beklaglegvis måtte trekka laget. Dette vil gå ut over unge og lovande spelarar, som ikkje får speletid i 4. divisjon. Desse vil då stå utan tilbod. Det vert forhåpentlegvis mobilisert for fullt for å få med gamle og nye spelarar for å redda laget. Alle som ynskjer å vere med kan møte på treninga i Sognahallen søndag kl. 18.15. Det vert avreise frå Essostasjonen kl. 17.30.

6. divisjon har kampdag tysdagar, og det er kun lag i indre Sogn som er med.
Dersom du vurderar comeback, eller veit om nokon som kanskje vil vera med - møt opp søndag.

Dersom det vert nok folk på denne treninga vil vi ikkje trekka laget, seier Nils Magne Slinde og trenar Ivar Henjum.

Møt opp!


Årsmøte Syril

Mandag 30. mars kl. 19.00
Sognefjord hotell

Vel møtt!


DSC_0114 plakat sognefjordrennet ver2-1.jpg

Torsdag 26. mars 2009: Minner om Sognefjordrennet laurdag 28.mars.  
Les meir om rennet på www.sognefjordrennet.com  og  sognavis.no


Syril på veg til Birkebeinerrennet

Birkebeinar 2009.jpg
Syril sin delegasjon består av: Monica Åsen Gjerald, Rigmor Wathne, Torunn Grut, Jan Remø, Ole Inge Gjerald, Trond Killingrød, Stein I. Dyngen, Bjørn Salberg, Erling Holden, Øyvind Myrmel, Nils Magne Slinde, Gunnar Søderholm, Audun Aaland, Ingar Hals, Per Hauge, Ivar Henjum, Lars Magnar Røneid, Torgeir Urdahl, Jan Rømmen, Odd Arve Rakstad, Nils Henjum og Magne Strand.

Fredag 20. mars 2009: Ein stor delegasjon, med heile 23 deltakarar, frå Syril stod klare til avreise på Essostasjonen i dag tidleg. Vi ynskjer alle lukke til med turen og rennet!

Sjå startliste og statistikkar frå deltakarane frå Syril

Følg gjengen frå Syril på Birkebeinerrennet sine nettsider


Pause i dugnaden

lerumbygget.jpg

Fredag 20. mars 2009: Det vert pause i dugnadsarbeidet i fleirbrukshallen i helga. Ny melding om vidare dugnad vert lagt ut på nettsida seinare.


Årsmelding Syril 2008

Vinnarar av NC 2008.JPG
Norway cup: gutar 1994 vann sin klasse

Torsdag 19. mars 2009: Last ned årsmelding


grasrotandelen.jpg


DSC_0232 plakat 2009c.jpg

Onsdag 18. mars 2009: Laurdag 28. mars arrangerar Syril telemark Sognefjordrennet 2009.
Les meir


Nye treningstider i Sognahallen søndag 15. mars

Eldste gruppe - bilde 4.jpg

Laurdag 14. mars 2009: Grunna treningskampar i Sognahallen søndag 15. mars er treningstidene endra, og Syril disponerar heile hallen. Treningstidene vert slik:

Herre 4. divisjon              

19:30 -       

21:00

Herre 6. divisjon

18:00 -

19:30

Gutar

18:00 -

19:30

Damer/jenter

19:30 -

21:00

Smågutar

18:00 -

19:30

På denne måten får også smågutane ei ekstra trening i hallen som vi må nytte oss av. Endringa gjeld kun i morgon, søndag 15. mars.


Alpintkarusellen laurdag 14. mars er avlyst

Onsdag 11. mars 2009: Grunna snømangel på Kleppa vert Alpintkarusellen laurdag 14. mars avlyst. Det vert heller ikkje arrangert langrennskarusell laurdag . Les meir (Syril ski sine nettsider)


Dugnadsliste fleirbrukshallen mars

Dugnadsliste for mars sortert på dag
Dugnadsliste for mars sortert på etternamn


Årsmøte i Syril fotball

 Tid:  Torsdag 12. mars kl.19.30
Stad:   Kantina på "gamle hotellet"

Vel møtt!


Heggmyri Rett Ned 2009

heggmyri2009.jpg

Torsdag 5. mars 2009: Les meir


Årsmelding Syril Fotball 2008

Vinnarar av NC 2008.JPG

Tysdag 24. februar 2009: Last ned årsmeldingane her

Årsmelding Syril Fotball 2008  Word, lite
Årsmelding frå alle lag           Word, lite


Kleppa skisenter i vinterferien

Kleppa.jpg

Søndag 22. februar 2009: Les meir


Dugnad

lerumbygget.jpg

Søndag 22. februar 2009: Dugnaden i Saften går vidare. Vi nærmar oss 1000 dugnadstimar så dette går kjempebra. Tribunen er no ferdig, men manglar parkett som kjem seinare. Enno står det att mykje arbeid med innreiing, paneling, rydding og støvsuging. Det er difor arbeid for alle.  Vedlagt finn de dugnadslister for dei to komande vekene. Ei liste er sortert på dag og ei på etternamn.

Dugnadsliste sortert på dag
Dugnadsliste sortert på etternamn

Dugnaden er alle kvardagar frå kl 18.00 – 21.00 og laurdag og søndag frå kl 10.00. Dersom det ikkje høver nokre dagar, er det berre å finne seg ein anna dag som passar betre.

Vi legg opp til matservering laurdagane og søndagane kl 12:30. 

 Helsing

SYRIL

Nils Magne Slinde


Syril Telemark arrangerar fellestrening/tur i Systrondsfjelli (Kallbakk - Fagereggi) laurdag 21. februar

Sist var det med 25 personar. Sjå bilder her

Oppmøte ved skihytta klokka 10:00

Trakkemaskina køyrer til Fagereggi, om fint ver.
Ta med spade til hopp, klede, mat, drikke, etc..

Etter turen blir det video (truleg) og saft / kaffi i skihytta
Ta med videoapparat om du har (hugs kabel til TV)

Sjå også www.sognefjordrennet.com

Helsing

Syril Telemark

Arne M og Egil Johs


Rabatt på KLEPPAKORTET.

Fredag 13. februar 2009: Formann Per Hauge har bestemt at prisen på Kleppakortet skal reduserast. Les meir


Treningskampar 2009

Torsdag 12. februar 2009: Treningskampane til herrelaget er no klart:

Dato:

Motstandar:      

Kvar:

Kl.

14. februar     

Kaupanger

Årdal

12.00  

22. februar

Bjørn

Sognahallen       

 

6. mars

Årdal 2

Årdal

 

13. mars

Lærdal

Lærdal

 

18. mars

Balestrand

Balestrand

 

29. mars

Loen

Kaupanger

12:00

10. april

Sogndal 2

Sognahallen


Gutelag frå Syril til finalen i KM innadørs.

Syril gutelag 08.02.09.jpg 

Tysdag 10. februar 2009: Syril stilte med 2 gutelag på KM-kvalifisering i Balestrand, og det vart ei nervepirrande oppleving, der det eine laget til slutt kvalifiserte seg til sluttspel. Les meir


DUGNAD

Tysdag 10. februar 2009: Dugnaden i Saften går vidare. Til no er det jobba fleire hundre timar dugnad, men det enno mykje att. Tribunen er snart ferdig gipsa, men det står att arbeid med innreiing, paneling, rydding og støvsuging. Det er difor arbeid for alle. Vedlagt finn de dugnadslister for dei to komande vekene. Ei liste er sortert på dag og ei på etternamn.

Dugnadsliste sortert på dag
Dugnadsliste sortert på etternamn

 Dugnaden er alle kvardagar frå kl 18.00 – 21.00 og laurdag og søndag frå kl 10.00. Vi legg opp til matservering laurdagane og søndagane kl 12:30. Kiwi og Prix sponsar oss med mat for kr 1000 kvar.

Helsing

SYRIL

Nils Magne Slinde


Ny siger for handballdamene 

Fredag 6. februar 2009: Det var tynt i rekkene hjå Syril då dei møtte Vik borte torsdag. Dei leia likevel det meste av kampen, med heile 8 mål på det meste. Men Vik skulle ikkje gje seg så lett, og henta etterkvart innatt leiinga til Syrildamene. Det vart ein spanande avslutning på kampen, men Syril rodde i land sigeren og vann til slutt 23-22.

Anja Thune storspelte for Syril og sto eigenhendig for ca. halvparten av måla til husmødrene, til tross for at vikjene hadde frimerke på Thune gjennom store delar av kampen.


Skikarusell laurdag 7. februar

Torsdag 5. februar 2009: Oppdatering om skikarusellar på Kleppa til helga les du her


Dugnad i hallen til helga

Onsdag 4. februar 2009: Vi ligg litt føre planen i dugnadsarbeidet i idrettshallen. Difor treng vi ikkje så mykje folk som først oppsett laurdag 7. og søndag 8. februar. Dei som kan, møter difor 14. og 15. februar i staden. Ny mannskapslister for neste veke kjem i løpet av helga. Alle er velkomne til å delta også dei som ikkje står på listene. Stikk innom ein kveld om du vil sjå korleis det ser ut i den nye hallen. Det er dugnad i hallen alle dagar mellom kl 18.00-21.00 og laurdag og søndagar frå kl 10.00. Sjå mannskapslista her.


Gutelaget slo Sogndal 4-2 i treningskamp

Lagbilde feb09.jpg
Foto: Nils Magne Slinde

Mandag 2. februar 2009: Eit forsterka Syril-lag tok ein grei seier i den fyrste treningskampen i år. Sogndal sitt gutelag inviterte til treningskamp sundag 1.februar i Sognahallen, men måtte innsjå at Syril vart for sterke. Les meir


Syril vann lokaloppgjer

P1010041.JPG
Linda Kannelønning ute med skade for resten av sesongen

Mandag 2. februar 2009: Syril har fått ein fin start på 2009. Sidan nyttår har damene vunne 3 av 4 kampar, og trenar Tor Fotland har verkeleg fått fart på laget. Laurdag slo dei naborival Balestrand i Sogndal Idrettshall. Les meir


Invitasjon til dugnad i idrettshallen

lerumbygget.jpg

Mandag 2. februar 2009: Les meir


Damer i medgang

Syril-Sogndal 2009.jpg

Torsdag 22. januar 2009: Etter å ha tapt 32-10 forrige gong laga møttest, skulle det i realiteten bli slakt då Syril møtte serieleiar Sogndal i går kveld. Syrildamene jubla faktisk etter kampen.. Les meir


Avlyst alpinkarusell 24. januar

Torsdag 22. januar 2009: På grunn av snømangel i bakken vert det ikkje arrangert alpinkarusell laurdag 24. januar. Dersom det er nok snø nede på Kleppa vil det vere folk der som registrerer oppmøte til vanleg langrennskarusell. Ellers er det fine løyper på Øvstestølen der det er mogleg å registrere seg i boka i brakka.


Dugnadsarbeid skal dekke Sognahall-leige

Torsdag 22. januar 2009: Dugnadsarbeid skal dekke store leigeutgifter i Sognahallen. Dette krev at alle stiller opp på dugnadsarbeid framover. Les meir


Nye treningstider i Sognahallen

Yngste gruppe - bilde 1.jpg

Torsdag 22. januar 2009: Sjå oppsett for treningstider for Syril Fotball i Sognahallen for februar og mars 2009 her


Kunstgras må venta til 2010

kunstgras.jpg

Onsdag 21. januar 2009: Les artikkelen på sognavis.no her


Husmorlaget overraskar med ny trenar

pia.jpg
Syrilmålvakt, Pia Hickman, vart matchvinnar mot Åtil

Fredag 16. januar 2009: Syril sitt damelag i 4. divisjon framstår som eit friskare innslag i serien enn før jul. Med Tor Fotland som ny trenar har husmorlaget overraska motstandarane dei to siste kampane. Les meir


SIGER TIL HANDBALLDAMENE

Syril handball dame 2008.jpg
Arkivbilde

Onsdag 14. januar 2009: Handballdamene fekk sesongens andre siger då dei søndag slo Bjørn 16-15 i Gaupne. "Målet for denne sesongen er faktisk nådd", seier trenar Linda Kannelønning. Les meir


SESONGKORT SOGN SKISENTER – HEGGMYRANE HAFSLO

Sogn Skisenter.jpg
Søndag 4. januar 2009:
Det er gjort avtale mellom Sogn Skisenter og Syril om at ein kan få rabattar ved kjøp av sesongkort hos Sogn Skisenter i skisesongen 2008/2009. Les meir


Triveleg juleturnering i Sognahallen

Eldste gruppe - bilde 4.jpg

Tysdag 30. desember 2008: Som tidlegare år, vart det arrangert juleturnering for aldersbestemt gutefotball i romjula. Les meir


Dugnad i januar

Mandag 22. desember 2008: Som dei fleste kanskje kjenner til, hadde ikkje kommunen høve til å delta i finansieringa av kunstgrasbane. Det vert difor ikkje råd å få søkt om tippemidlar til dette i 2009. Utan at vi får tak i ein ekstern sponsor, vert det difor ikkje bygging i 2009.

Men det vert andre dugnadsjobbar i januar og februar. Den eine er ein tradisjonell flyttejobb for NAV og det passar godt innafor ein av SYRIL sine spesialistområde – Flyttebyrå. NAV skal flytte frå 2. til 4. etasje i Aarskogbygget. Dette skjer helga 9. – 11. januar. Her kan vi nytte alle som kan delta med bering. I tillegg treng vi nokre få som kan handtere batteridrillar for demontering / montering av møblar.

I tillegg er det ein føresetnad om stor dugnadsinnsats i Idrettshallen. Det er fire hovudaktivitetar vi skal utføre (ut frå det vi veit i dag):

1.       Bygge tribune

2.       Panele vegger

3.       Rydde

4.       Vaske

Vi kan starte dette arbeidet like over nyttår og må vere ferdige til vinterferien. Her treng vi minst to snekkarkyndige på kvart skift. Vi kjem tilbake til om det vert kvelds- eller helgajobbing.

Dei som har lyst å vere med kan melde seg ved å sende ein E-post til nmslinde@frisurf.no eller ein SMS til 901 54550. I tillegg vert arbeidet fordelt mellom dei ulike gruppene i idrettslaget.

Helsing

Nils Magne Slinde

- dugnadsleiar -


Treningstider i Sognahallen vinteren 2009

P1010035c.JPG

Søndag 14. desember 2008: Sjå treningsoppsettet her


Elise-overgang til Røa

elise_thorsnes.jpg

Fredag 12. desember 2008: Elise Thorsnes forlet Arna/Bjørnar til fordel for topplaget Røa som i år vann "The double". Les meir om overgangen på desse nettsidene: Arna/Bjørnar, Røa, BT og fotballmagasinet.no


Seniorlaga startar treningane

Senior herre 4. divisjon startar sesongen med trening på Kaupanger torsdag 4. desember kl 19.00 – 20:30

Senior herre 4. divisjon trenar i Sognahallen søndag 7. desember 16.30 – 18.00

Senior herre 6. divisjon og gutelaget startar i Sognahallen søndag 7. desember kl 19.30 – 21.00


Spelarmøte onsdag kl.20.00 på Sognefjord Hotel

mål.jpg

Tysdag 24. november 2008: Det vert spelarmøte for SYRIL Senior Herre onsdag på Sognefjord hotel kl 20.00. Vi startar med ein kort felles samling for både 4. og 6. divisjon før vi deler i to grupper. Det er viktig at alle aktuelle spelarar møter.

Fint om alle hjelper til med å spreie denne informasjonen til alle aktuelle spelarar.


Bylagsturneringa i Florø er utsatt

Fredag 21. november 2008: Bylagsturneringa som skulle vore arrangert i Florø i morgon mellom sonelaga frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn er flytta til 7. desember grunna domarmangel. 5 spelarar frå Syril skulle delteke denne helga. Ifølgje kretsen er spelarane informert om dette via sms.


Syril med gode publikumstal

fotballskulen.jpg
Illustrasjonsfoto

Torsdag 20. november 2008: Syril hamna på ein god 2.plass på publikumstoppen i årets 4. divisjon. Berre Dale hadde betre publikumstal ifølgje kretsen sine nettsider.

Syril gjorde ein brukbar sesong i år, sjølv om kvaliteten både på spel og innsats varierte enormt frå kamp til kamp. 1220 tilskodarar var innom Syril Stadion, og enda var det god plass til enda fleire. Målet for Syril neste sesong bør ikkje vera noko anna enn nr.1.

4. divisjon

Dale

1415

Syril

1220

Lærdal                

1055   

Firdaligaen

Florø

3388

Førde

2207

Tornado Måløy    

1971   


Trenarkabalen for 2009 er løyst

svein6.jpg

Onsdag 19. november 2008: Endeleg er trenarkabalen for 2009 løyst. Det er også klart at Syril stiller med to lag i seriesystemet komande sesong.

For å gi eit tilbod til alle, vert det meldt på lag både i 4. og 6. divisjon. Syril er inne i ein periode med særs god rekruttering, og dei neste åra kjem det ytterlegare store kull med fotballspelarar som har talent, og som ynskjer å satsa. Det er difor viktig for Syril og Leikanger at desse får eit tilbod vidare. Satsing på to seniorlag, ny fleirbrukshall og forhåpentlegvis kunstgrasbane lovar godt for treningstilbodet i bygdi.

Styret har jobba på spreng med å få trenarkabelen til å gå opp, og etter møte med dei aktuelle partane i går kveld, vart endeleg dei siste brikkene lagt. Svein Inge Nesset og Jan Tore Slinde skal trene 4. divisjonslaget komande sesong. Svein Inge Nesset kom til Syril føre denne sesongen og har vore ein viktig spelar. Han kjem frå Hareid på Sunnmøre, og tek no utdanning på Idrett grunnfag i Sogndal. Som makker får han Jan Tore Slinde som er blitt eit kjent namn i syrilmiljøet. Svein Røysum kjem også til å vere ein ressurs rundt laget.

Trenaren for 6. divisjonslaget vert Ivar Henjum. Han har i år trent gutelaget med stort hell, og vil dermed følgje ein del av desse spelarane vidare også neste sesong. Med seg får han trenarveteran Leo Fred Cirotzki, som har vore hjelpetrenar for 4.divisjonslaget ei årrekkje.

Dei nye trenarane ynskjer eit spelarmøte med alle dei aktuelle spelarar i neste veke. Kjem meir informasjon om dette seinare.


5 syrilspelarar uttekne til bylagsturnering

 Gjerald og Hjeltnes.JPG
Eivind Gjerald og Anders Hjeltnes er uttekne til bylagsturneringa i tillegg til Jørgen Mollan Breisnes, Jannicke Skorpen og Sonja Njøs Eikeland

Onsdag 19. november 2008: Syriljentene Jannicke Skorpen og Sonja Njøs Eikeland er uttekne til bylagsturnering i Florø fyrstkomande laurdag. Turneringa skulle i utgangspunktet gått på Eid, men grunna snø på bana og undervarmeanlegg som streikar vert turneringa halden i Florø i staden. På gutesida er Eivind Gjerald, Anders Lunde Hjeltnes og Jørgen Mollan Breisnes uttekne. Dei skal representere Sogn, som møter Nordfjord og Sunnfjord i kampen om vidare spel mot vinnaren i Møre og Romsdal.

Dette er kampdag nr 2. Tidlegare har Sunnfjord arrangert turneringa, og alt om kampdag 1 kan du lese her. Siste kampdag vert arrangert i Sognahallen 13. desember. Vi ynskjer spelarane lukke til.

Kampoppsett laurdag:

kl.12.00     

Jenter       

Nordfjord vs Sogn

kl.13.00

Gutar

Nordfjord vs Sogn

kl.14.00

Jenter

Sunnfjord vs Sogn

kl.15.30

Gutar

Sunnfjord vs Sogn

kl.16.30

Jenter

Nordfjord vs Sunnfjord

kl.17.30

Gutar

Nordfjord vs Sunnfjord         


VIK - Syril 2-2 (1-0)

09032008418.jpg
Terje Thorsnes og Henrik Førde scora Syril sine mål mot Vik

Tysdag 17. november 2008: Vik  og Syril spela uavgjort 2-2 i juniorserien i Vik  mandag kveld.  Vik i sterk medvind pressa Syril heile første omgang. Syril var heldig som kun låg under 1- 0 ved pause. I medvind i andre omgang var det Syril som styrde spelet, men  Vik scora sitt andre mål på ein god kontring. Syril sette inn ein god sluttspurt og scora to mål det siste kvarteret. Først Henrik på eit skot fra 16 meter som var innom ein Vik spelar før den gjekk i mål. Eit par minutter før slutt passa Sigurd eit kort frispark til Terje som skaut  i mål frå 30 meter. Sterk vind gjorde at det ikkje vart nokon god kamp, men Vik var det beste laget og Syril juniorane skal være svært nøygd med at dei klarte uavgjort.

Vik - Syril 2-2 (1-0)

1-0  

Gustav Valsvik

2-0

Anders Helleland          

2-1

Henrik Førde

2-2

Terje Thorsnes


Syril - Høyang 3-2

erlend_nilsen.jpg
Erlend Orrestad Nilsen scora 2 i åpningskampen i vinterserien mot Høyang på Syrilgrusen.

Tysdag 12. november 2008: Syril sitt juniorlag vann 3-2 over Høyang tysdag kveld. Erlend Orrestad Nilsen scora dei to fyrste, medan Ruben Tøfte sette inn vinnarmålet. Juniorlaget, som er forsterka med nokre spelarar frå Fjøra, Kaupanger og Sogndal fekk dermed ein god start på årets vinterserie. Neste kamp er allereie fredag kl. 19.00 borte mot Vik. Vik tapte 4-1 mot Lærdal i fyrste kamp. Sogndal vann 2-1 i sin kamp borte mot Årdal.

Syril - Høyang 3-2 (1-0)

1-0     

Erlend Orrestad Nilsen       

2-0

Erlend Orrestad Nilsen

2-1

Kjell Rune Verlo

2-2

Espen Nygård

3-2

Ruben Tøfte


Spelarmøte

Torsdag 6. november 2008: Det vert spelarmøte søndag 9. november for ALLE aktuelle herrespelarar for sesongen 2009. Syril skal i år stille to lag i seriesystemet, så vi håpar alle som vurderer fotball til seste år kan møta her.

Dersom de veit om spelarar som kan vere aktuelle ber vi om at dette vert formidla vidare. Alle er velkomne.

Stad: Vegkontoret (Inngang på nedsida ved gamle posten)
Tid:    Søndag 9. november
Kl.:     20.00


Kampen er flytta til Tysdag

Torsdag 6. november 2008: Vinterseriekampen mot Høyang er flytta til tysdag. Tidspunkt kjem vi tilbake til seinare.


Kampoppsett vinterserien

Hauge.jpg

Tysdag 4. november 2008: Syril er i år påmeldt vinterserien for juniorar. Laget er forsterka med 3 juniorar frå Kaupanger og 3 frå Fjøra. Allereie fredag kl.19 går kampane i 1. runde, og Syril møter Høyang heime på Syrilgrusen. Andre lag i gruppa er Sogndal, Lærdal, Vik og Årdal. Kampoppsett for vinterserien 2008/2009 finn du her

Oppfordrar alle til å møta på Syrilgrusen å heia juniorane fram til siger. "Skal vi danse" kan alle sjå i reprise seinare..


Husmødrene fekk bank

Handball 2008-2009 034.JPG
Lene Borlaug og Kari-Anne Hamre kunne ikkje forhindra stortap mot Sogndalsdamene

Torsdag 30. oktober 2008: Handballdamene fekk, ikkje uventa, tøff motstand då dei møtte topplaga Jotun og Sogndal borte. Les meir


Fotballfest 2008
for dame- og herrelaget

fotballfest 2008.jpg

Tysdag 28. november 2008: Spelarar, trenarar og støtteapparat for dame- og herrelaget vert med dette invitert til fotballfest laurdag 8. november. Les meir


Fredagsquiz

Fredagsquiz.jpg

- Dette var ein historisk fotballkamp. På kva måte?

Svar: Veitastrond tok sin fyrste siger i seriesystemet på seniornivå nokon sinne. Veitastrond vann 4-3 over Syril 2 i 6. divisjon på Syril-grusen. Kampen vert nok hugsa for stygge taklingar, mange kort og ei tilleggstid frå domar Per Oddvar Lien på 10 minutt.

Kampreferat frå Veitastrond sine gamle nettsider finn du her

Av innkomne svar var det 5 rette svar. Dei som svarte rett var Joar Strand, Frank Heggestad, Kay Roger Haugen, Eirik Stensvand og Cato Aalen.

Cato Aalen vart uttrekt som vinnar, og får tilsendt flaxlodd i posten.


Elise går glipp av toppscorartittelen?

elise_thorsnes.jpg

Fredag 24. oktober 2008: Elise Thorsnes har scora nest mest i Toppserien so langt i år. Med berre eit mål bak Røas Guro Knudsen, kan toppscorartittelen ryke grunna kneskade. Les meir


Noregs yngste gjennom tidene

Sandra Hansen Melås.jpg
Sandra Hansen Melås

Onsdag 22. oktober 2008: Systrondsjenta, Sandra Hansen Melås (16), vart historisk. Les meir


Sonja Njøs Eikeland utteken til bylagsturneringa

fotball2.jpg

Onsdag 22. oktober 2008: Sogn og Fjordane Fotballkrets har no teke ut laget som skal representere Sogn i bylagsserien. Sjå uttaket her


Handballdamene i gang att

Syril handball dame 2008.jpg

Tysdag 21. oktober 2008: Då er serien i full gang att for damelaget til Syril. Husmorlaget har sjølvsagt store utskiftingar i spelarstallen kvart år grunna graviditet, og i år er ingen unntak. Likevel har laget overraska i starten. Etter tre kampar ligg laget no på 9. plass av 12 lag. Les meir


Treningstider i gymsalen

Mandag 13. oktober 2008: Treningstider i gymsalen er no fordelt. Oppsettet gjeld fram til jul.
Sjå fordelinga her


Sikra 5. plassen med 5-0

A-laget 2008.JPG
Troppen mot Hornindal: Bak frå venstre. Bjørn Orrestad, Terje Kvam, Thomas Ølmheim, Per Eirik Lunde, Joar Ølmheim, Jan Remø, Eirik Stensvand, Vegar Røysum, Erlend Nilsen, Terje Thorsnes, Bård Henjum.
Framme frå venstre: Ruben Tøfte, Kay Roger Haugen, Benjamin Hundershagen, Cato Aalen, Eivind Røysum, Joar Strand, Svein Inge Nesset og Per Sindre Aaland.

Syril - Hornindal 5-0 (2-0)

Syril grus
Søndag 12. oktober 2008 kl. 15.00

1-0

Svein Inge Nesset (12 min)

2-0

Terje Thorsnes (40 min)

3-0

Jan Remø (51 min)

4-0

Erlend Nilsen (53 min)

5-0    

Svein Inge Nesset (80 min)     

Gule kort Syril: Terje Thorsnes, Joar Ølmheim og Vegar Røysum

Syril sitt lag: Eivind Røysum, Joar Strand, Terje Kvam (Per Eirik Lunde frå 45 min),
Jan Remø, Vegar Røysum, Bård Henjum, Joar Ølmheim (Bjørn Orrestad frå 70 min),
Cato Aalen, Erlend Nilsen (Eirik Stensvand frå 65 min), Terje Thorsnes (Ruben Tøfte
frå 60 min), Svein Inge Nesset.

Hornindal sitt lag: Olav Otterdal, Per Ottar Lien, Sindre Fannemel, Marius Grodås,
Martin Seljeset, Jan Rune Oppheim, Edvin Haugen, Ole Chr. Nygård,
Kim Rune Heggen,  Håvard Maurset og Kristian Haugen.                                            

Andre resultat i den siste serierunden:

Eikefjord - Førde 2               0-3
Lærdal - Askvoll/Holmedal    3-4
Saga - Dale                          3-1
Vik - Sandane                       6-1
Årdal 2 - Jølster                    4-5

Tabell 4. divisjon 2008

1 Vik 22 17 3 2 81-29 54 
2 Jølster 22 15 3 4 61-38 48 

3 Dale 22 14 3 5 68-37 45 
4 Saga 22 13 3 6 80-36 42 
5 Syril 22 11 1 10 66-56 34 
6 Førde 2 22 10 4 8 46-43 34 
7 Årdal 2 22 9 3 10 67-56 30 
8 Sandane 22 6 6 10 50-58 24 
9 Lærdal 22 7 3 12 48-68 24 
10 Askv./Holmedal 22 7 3 12 52-73 24  
11 Hornindal 22 4 3 15 41-83 15 
12 Eikefjord 22 0 3 19 21-104 3

Vi gratulerar Vik og Jølster med opprykk, og ynskjer dei lukke til i 3. divisjon.
Eikefjord er for lengst klar for 5. divisjon. Hornindal må håpa på at Førde klarar opprykk til 2. divisjon.


Fredagsquiz

- 10. oktober for 10 år sidan var ein mørk dag for Syrilfotballen. Kva skjedde?

Skriv ditt svar
her og sjå andre innkomne svar.

(Fyrste som svarar rett får eit flaxlodd)

God helg!


Gutelaget seriemeistrar

Gutelaget seriemeistrar 2008.jpg
Gutelaget fekk mykje å juble for i årets sesong.
Laget scora 80 mål og vart seriemeistrar. Les andre saker som er lagt ut om gutelaget i 2008 her

Tysdag 7. oktober 2008: Trass i tap 2-3 i den siste kampen mot Vik fredag, er gutelaget puljevinnarar i haustsesongen i 2. divisjon avd 1. Både SYRIL og Vik har 18 poeng,  men vi har betre målforskjell enn Vik. Oppsummert har laget scora 80 mål i serien i år-  43 i vår og 37 i haust. Olav Selås Hauge er laget sin klare toppscorar med 20 mål i serien. Les meir


JØLSTER - SYRIL  5-2 (1-1)

Jølster kunstgras
Søndag 5. oktober kl.15.00

1-0       

Trond Vegard Ripe (17 min)       

1-1

Cato Aalen straffe (42 min)

1-2

Sjølvmål (47 min)

2-2

Knut Øystein Ripe (61 min)

3-2

Tom Erik Sandal (71 min)

4-2

Trond Vegard Ripe (77 min)

5-2

Trond Vegard Ripe (90 min)

Gult kort Syril: Terje Kvam

Syril sitt lag: Eivind Røysum, Vegar Røysum, Terje Kvam, Jan Remø, Per Eirik Lunde (Debutant Thomas Ølmheim frå 32.min), Bård Henjum, Joar Ølmheim, Cato Aalen, Terje Thorsnes, Benjamin Hundershagen, Ruben Tøfte (Bjørn Orrestad frå 84. min).

Andre resultat:

Dale - Eikefjord                          12-0
Førde 2 - Vik                                1-3
Saga - Hornindal                        10-0
Sandane - Lærdal                        4-4
Askvoll/Holmedal - Årdal 2           2-2    

Tabell når ein kamp gjenstår:

1 Vik 21 16 3 2 75-28 51 
2 Dale 21 14 3 4 67-34 45 
3 Jølster 21 14 3 4 56-34 45 
4 Saga 21 12 3 6 77-35 39 
5 Syril 21 10 1 10 61-56 31 
6 Førde 2 21 9 4 8 43-43 31 
7 Årdal 2 21 9 3 9 63-51 30 
8 Sandane 21 6 6 9 49-52 24 
9 Lærdal 21 7 3 11 45-64 24 
10 Askv./Holmedal 21 6 3 12 48-70 21 
11 Hornindal 21 4 3 14 41-78 15  *
12 Eikefjord 21 0 3 18 21-101 3


(* Beheld plassen dersom Førde rykkjer opp til 2. divisjon)

Siste serierunde
søndag 12. oktober kl.15:00              

Eikefjord - Førde 2
Lærdal - Askvoll/Holmedal
Saga - Dale
Syril - Hornindal
Vik - Sandane
Årdal 2 - Jølster


Gutelaget vann toppkampen mot Balestrand

Gutelaget 2008

Onsdag 24. september 2008: Gutelaget viste storspel mot tabelltoar Balestrand i går kveld på Kreklingen stadion. SYRIL er difor no åleine på toppen av guteserien, men Vik kan enno vinne serien om dei slår oss mykje i sluttkampen 3. oktober. Mot Balestrand gjekk SYRIL raskt opp til 1 - 0 med scoring av Tomas Ølmheim, men Balestrand beit seg fast og utlikna til 1 -1 raskt etterpå. Men utover i omgangen overtok SYRIL meir og meir. Det er uvant for SYRIL-gutane å spele på kunstgras og dei brukte ein omgang på å finne ut av ballfart, duell- og pasningsspel. Men dette var på plass i 2. omgang. Det gjorde at SYRIL dominerte resten av kampen og vann til slutt 1 - 6 etter tre scoringar av Tomas Ølmheim, to av Olav Selås Hauge og ein av Marius Aaberge.

Vi har enno att ein kamp mot Vik, men først skal 93-gutane ei veke i Polen på skuletur. 92-gutane trenarar i mellomtida med A-laget og 94-gutane trenar med smågutelaget. Slik håpar vi å halde på den gode formen fram til den siste kampen mot Vik på SYRIL stadion 3. oktober.


Syril - Askvoll/Holmedal 8-4 (5-3)

Syril stadion
Søndag 28. september kl.14.00

0-1   Andreas Takle (9 min)
1-1   Erlend Nilsen (16 min)
2-1   Cato Aalen (straffe) (18 min)
3-1   Joar Ølmheim (26 min)
4-1   Cato Aalen (Straffe) (26 min) 
4-2   Frank Ask (33 min)
5-2   Joar Ølmheim (34 min)
5-3   Andreas Takle (42 min)
6-3   Svein Inge Nesset (62 min)
6-4   Frank Ask (72 min)
7-4   Svein Inge Nesset (79 min)
8-4   Cato Aalen (Straffe) (89 min) 

Kort Syril: Ingen

Syril sitt lag: Eivind Røysum, Terje Thorsnes (Steinar Henjum frå 69 min), Jan Remø,
Vegar Røysum, Per Eirik Lunde (Dag Skoge frå 77 min), Erlend Husabø
(Benjamin Hundershagen frå 56 min), Joar Ølmheim, Cato Aalen, Olav Selås Hauge
(Debutant Torbjørn Stølen frå 85 min), Erlend Nilsen, Svein Inge Nesset.


Gutelaget slo ÅTIL 5 – 3

Per Eirik.jpg
(Arkivfoto): Per Eir Lunde, Lars Richard R Hellebø og Sindre Hus Melås (nr 9) rydda
godt opp i SYRIL sitt forsvar i kveld også. Foto: Stein Helge Hellebø

Torsdag 18. september 2008: I ein tett og dramatisk kamp, slo SYRIL sitt gutelag ÅTIL 5 – 3 på SYRIL-grusen i kveld. ÅTIL kom best i gang og leia 0 – 2 før det var vi var halvveges i 1. omgang. Men SYRIL vakna etter kvart og Tomas Ølmheim scora to mål før pause slik at det var 2 – 2 til sidebyte. Etter pause spelte SYRIL godt og gjekk raskt opp i leiinga etter ein flott scoring av Olav Selås Hauge. Eivind Gjerald scora det fjerde målet før Olav Selås Hauge scora sitt andre og SYRIL sitt femte for kvelden. ÅTIL reduserte på straffe. 

Det var ein tøff kamp der alle SYRIL –spelarane gav alt for å vinne. Vi leiar no serien, men det er tett i toppen med like mange poeng til Balestrand  og Vik hakk i hel. Dei to siste kampane er mot Balestrand og Vik så det vert ein spennande serieavslutning. Jan Remø stilte sporty opp som dommar og hjelpe oss ut av ei dommarknipe.


Kunstgras

- Ideverkstad mandag 22. september

kunstgras.jpg

Mandag 15. september 2008: Prosjekteringsarbeidet er vi i full gang med. Mange har gode idear som er viktig vi får med oss i det vidare arbeid. Det vert difor ideverkstad 22. september kl 18.00 i formingssalen på barneskulen. Der kan alle som har meiningar og idear om korleis bana, kiosk, tribune og mykje anna, kan utformast, møte opp og hjelpe oss vidare. Slik kan dei som gjer ferdig teikningar og planar vere sikre på at alle gode idear og innspel kjem opp no og ikkje etter at arbeidet er kome i gang.

Ideverkstad kunstgras

Tid: Mandag 22.september kl.18.00 Stad: Formingssalen på barneskulen.

Vel møtt!


Informasjon om kunstgrasbana finn du
her.


Kampar på Syril Stadion denne veka

Hauge.jpg
Foto: Hellebø - Sjå fotogalleri frå gutelaget 2008

Mandag 15. september

kl.18.30

G 13/14

Gaular

11`ar

Gras

Tysdag 16. september

kl.18.30

G 13/14

Jotun

7`ar

Gras

Onsdag 17. september

kl.18.00

Dame

Sogndal

11`ar

Grus

Torsdag 18. september

kl.17.30

J 11/12

Bjørn 1

7`ar

Gras

Torsdag 18. september

kl.17.30

G 12

Bjørn 2

7`ar

Grus

Torsdag 18. september

Kl.17.30

G 11

Bjørn

7`ar

Gras

Torsdag 18. september       

kl.19.00     

G 15/16   

Årdalstangen  

11`ar   

Grus


4. divisjon herrar
18. serierunde

Syril - Førde 2  1-2 (1-0)

Syril Stadion
Onsdag 10. september 2008
kl.18:30

1-0         

Ruben Tøfte (39 min) 

1-1

Ruben Holsæter (67 min)

1-2

Steffen Herstad (87 min)

Gule kort Syril: Terje Thorsnes og Terje Kvam

Syril sitt lag:

Eivind Røysum, Joar Strand (Per Eirik Lunde frå 77 min), Terje Kvam, Jan Remø, Vegar Røysum (Helge Fimreite frå 79 min), Bård Henjum, Kai Henning Slinde (Eirik Stensvand frå 84 min), Cato Aalen, Terje Thorsnes, Erlend Nilsen (Per Sindre Aaland frå 88), Ruben Tøfte.

Resten av 18. serierunde vert spelt slik: Lærdal - Vik og Jølster - Dale fredag.
Hornindal - Askvoll/Holmedal, Saga - Sandane og Årdal 2 - Eikefjord søndag.

Tabell

Neste kamp for herrelaget er søndag 21. september borte mot Sandane.


Syril sendte Eikefjord ned i 5. divisjon

Eikefjord-Syril2008.jpg
Syril sette den endelege spikaren i Eikefjord-kista. No er det ikkje eingong teoretiske sjansar for å behalda plassen i divisjonen. Ex-syrilspelar Stig Ronny Kvam her saman med gamle lagkameratar. Foto: Jan Rune Mardal

Mandag 8. september 2008: Syril gjorde kun det dei måtte for å slå eit svakt Eikefjord-lag 5-2 fredag. Les meir


Gutelaget vann 7-0 over Bjørn

Tomas.jpg
Tomas Ølmheim scora hat-trick mot Bjørn. Foto: Stein Harald Hellebø

Torsdag 4. september 2008: Gutelaget fortset sitt gode spel og prikka inn sju mål mot Bjørn i ein framflytta kamp tysdag 2. september. Etter første omgang var det 3 – 0 og med fire ny scoringar i 2. omgang, vart resultatet 7 – 0. Det var forsvarsspelarane våre som dominerte scoringslista denne gang. Tomas Ølmheim som har spela back før i haust, fekk no sjansen høgare oppe på bana. Den sjansen let han ikkje gå i frå seg og scora tre av SYRIL sine mål. I tillegg scora Per Eirik Lunde to mål. Då vart det att to mål til midtbana og angrepsrekka med ei scoring av Eivind Gjerald og ei av Olav Selås Hauge. God dommar i kampen var Frode Ølmheim.


Gutelaget vann 8-0 borte mot Sogndal

Øystein U. Henjum.jpg
Keeper Øystein Uglum Henjum heldt buret reint i kampen mot Sogndal.
Foto: Stein Helge Hellebø

Fredag 29. august 2008: I ein velspelt kamp vann SYRIL sitt gutelag 0 – 8 borte mot Sogndal torsdags kvelden. Kampen gjekk på Hafslo fordi storhallen i Sogndal er under ombygging. Heile sju av SYRIL sine spelarar teikna seg på scoringslista Eivind Gjerald scora to mål, medan Kristian Slinde, Helge Henjum, Marius Aaberge, Lars Richard R Hellebø, Benjamin Hundershagen og Sindre Hus Melås scora eit mål kvar. Dette var og ein kamp der forsvaret spelte godt. Saman med keeper Øystein Henjum sytte dei for at heimelaget ikkje fekk nokon mål i kampen.

Sogndal-Syril gutte 2008.jpg
Helge Henjum, Per Eirik Lunde og Marius Aaberge rydda unna alle
angrepa til Sogndal i kampen torsdag. Foto Stein Helge Hellebø


Vik - Syril  6-0

øystein myrkaskog.jpg
Øystein Myrkaskog

Torsdag 28. august 2008: Øystein Myrkaskog kan takka Syril dersom han får årets toppscorartittel i 4. divisjon. I kampen på Vik Stadion i går fekk han score 4. I vårkampen scora han 3. Vik er på god veg til 3. divisjon etter storsigeren mot Syril.

Kampfakta


Kampar på Syril Stadion denne veka

damelaget-høyang.jpg
Damelaget møter Bjørn onsdag kl.19.00. Biletet er teke i kampen mot Høyang tidlegare i sommar.

Tysdag 26. august                   

kl.17:30    

G13/14     

Høyang

7-ar                 

Tysdag 26. august

kl.19:00

J 13/14

Balestrand      

11-ar

Onsdag 27. august

kl.19:00

Dame

Bjørn

11-ar

Torsdag 28. august

kl.18:00

J 11/12

Sogndal 1

7-ar

NB! Damekampen på onsdag går ut. Bjørn har trekt laget sitt frå serien!!


Sterk sesongstart for gutelaget

Syril - Jotun.jpg
Midtbanespelarane til SYRIL, Lars Richard R. Hellebø (nr 8) og Kristian Slinde,
scora SYRIL sine fire mål i kampen mot Jotun. (Foto: Stein Helge Hellebø)

 

Søndag 24. august 2008: Haustsesongen er i gang og gutelaget starta med heimekamp mot Jotun torsdag 21. august heime på Syrilgraset. Kampen starta bra med 3-0 etter første omgang etter to scoringar av Kristian Slinde og ein av Lars Richard R. Hellebø. I andre omgang jamna det seg meir ut. Begge lag scora kvart sitt mål. Det var Kristian Slinde som heada inn siste målet til SYRIL på ein flott corner frå Marius Aaberge.  Jotun reduserte på straffe. Sluttresultatet vart 4 – 1 til SYRIL.

Gutelaget er prega av ein del skadar. Vi håpar å ha fleire spelarar skadefrie til neste serierunde borte mot Sogndal torsdag 28. august.


Nok ein 6-1 siger mot Lærdal

joar ølmheim scorar.jpg
Joar Ølmheim scorar 1-4 målet etter glimrande corner av Cato Aalen.

Fredag 22.august 2008: Syril vann i kveld 6-1 over Lærdal på Lærdal Stadion i kveld. Etter storsigeren på heimebane hadde vi forventa tøffare motstand på bortebane. Likevel skulle det gå leikande lett. På ein middelmådig dag gjekk laget av bana med solide 6-1. Med 12-2 samanlagt viser det at Syril har godt tak på lærdølene. Eit steg vidare etter den elendige oppvisninga mot Årdal2 forrige serierunde.

Lærdal - Syril  1-6 (1-3)

1-0 Ole Johnny Cirotzki Voll (15 min)
1-1 Erlend Nilsen (20 min)
1-2 Cato Aalen str. (36 min)
1-3 Jan Tore Slinde (44 min)
1-4 Joar Ølmheim (50 min)
1-5 Joar Ølmheim (70 min)
1-6 Jan Remø (90 min)

Syril sitt lag:
Eivind Røysum- Joar Strand (Ruben Tøfte frå 65 min), Terje Kvam, Helge Fimreite, Vegar Røysum (Eirik Stensvand frå 79 min)- Bård Henjum, Terje Thorsnes, Joar Ølmheim, Cato Aalen (Jan Remø frå 74 min), Erlend Nilsen (Dag Skoge frå 73 min)- Jan Tore Slinde.

Tabell:
1 Vik 15 11 3 1 44-22 36 
2 Dale 15 9 3 3 41-30 30 
3 Jølster 16 9 3 4 37-26 30 
4 Syril 15 8 1 6 44-34 25 
5 Saga 15 7 3 5 45-28 24 
6 Førde 2 15 6 4 5 29-29 22 
7 Årdal 2 15 6 2 7 44-33 20 
8 Lærdal 15 5 2 8 28-48 17 
9 Sandane 15 4 4 7 31-31 16 
10 Askv./Holmedal 14 5 1 8 32-45 16 
11 Hornindal 14 4 2 8 31-42 14 
12 Eikefjord 14 0 2 12 14-52 2


Kampar på Syril Stadion denne veka

Olav, Sindre og Kristian Danacup08.jpg
Gutelaget startar haustsesongen heime mot Jotun på Syril Stadion

Torsdag 21. august       

17:30               

J 11/12  2            

Luster

7-ar

Torsdag 21. august

17:30

G 12

Sogndal 2          

7-ar

Torsdag 21. august

19:00

G 15/16

Jotun

11-ar


Elise frå start mot Brasil

elise_thorsnes.jpg

Fredag 15. august 2008: Elise Thorsnes (20) spelte heile kampen mot Brasil, men Norge måtte sjå seg slått 2-1 og er ute av OL. Elise utmerka seg positivt, og ordna blant anna straffesparket som Siri Nordby sette i mål.


Ny fleirbrukshall i Leikanger

lerumbygget.jpg

Fredag 15. august 2008: Les artikkelen om fleirbrukshallen på handball.no.

Sjå teikningar her


Gaularfjellet 70 år

21AD8606-AC71-6CBD-D4C6E64536C24787.jpg

Last ned invitasjon her:

Opptur Knausen 30.08

Sykkelritt opp Gaularfjellet 31.08

Historisk tur gjennom Sværeskaret 31.08


Gedigen nedtur for herrelaget

Onsdag 13. august 2008: Syril tapte fortent 1-0 heime på Syrilgrusen i kveld. Gjestene frå Årdal scora kampens einaste mål etter 23 minutt, men burde punktert kampen tidleg i 1. omgang. Ein gedigen nedtur etter storsigeren frå forrige serierunde. Les meir

Andre resultat frå 4. divisjon i kveld:
Askvoll/Holmedal - Førde 2  1-2
Saga - Lærdal  2-3

Tabell:
1 Vik 13 9 3 1 38-21 30 
2 Dale 13 8 3 2 38-24 27 
3 Saga 14 7 3 4 45-26 24 
4 Jølster 14 7 3 4 29-24 24 
5 Syril 14 7 1 6 38-33 22 
6 Førde 2 14 6 4 4 28-26 22 
7 Årdal 2 14 6 2 6 42-30 20 
8 Lærdal 14 5 2 7 27-42 17 
9 Askv./Holmedal 14 5 1 8 32-45 16 
10 Hornindal 13 4 2 7 30-38 14 
11 Sandane 14 3 4 7 27-31 13 
12 Eikefjord 13 0 2 11 13-47 2


Syril knuste topplaget

dale-syril180408.jpg
Arkivfoto

Søndag 10. august 2008: A-laget slo fredag topplaget Dale 5-1 på Syril Stadion. Les meir

 


Toyota sogn.gif

 Toyota Sogn vil gratulere Syril med FANTASTISK innsats i Norway Cup.
At gutelaget gikk heilt til topps er ein stor prestasjon, og som den
lokale Toyota-forhandlaren ynskjer vi å gratulere.
Som eit lite bidrag til støtteapparatet til Syril, har vi 5 ballbag'er som
de kan avhente hjå oss vederlagsfritt.
Vi har fått tilbakemeldingar på at desse er praktiske og forenklar
kvardagen :-)

Toyota Sogn AS
- din lokale Toyota-forhandlar


OVER 100 PÅMELDE TIL TINE-FOTBALLSKULE

fotballskulen.jpg

 

 
Tysdag 5. august 2008

Terje Skjeldestad Keeperskule kjem.

Me har no passert 100 påmelde til fotballskulen 11.-14.august. Om du har gløymt å melde deg på er det fortsatt plass til fleire. Betal i så fall deltakaravgifta på kr 500,- til konto 3781 14 13101.

Terje Skjeldestad Keeperskule kjem på vitjing til oss og vil ha ein mini-keeperskule på tirsdag og onsdag frå klokka 12.00 – 14.00. Det er i utgangspunktet sett av plass til 4 keeperar pr årskull. Påmelding til keeperskulen vert organisert i gruppene på mandag.

Hugs å ta med rikeleg med drikke!

Detta vert moro!

 


Feriefotball på Førde Stadion

31072008133.jpg

Torsdag 31. juli 2008: Syril tapte heile 6-0 mot Saga på Førde Stadion. Les meir


SMÅGUTANE VANN NORWAY CUP

Vinnarar av NC 2008.JPG
Smågutane vann imponerande 3-0 i finalen.

Søndag 27. juli 2008: Følg småjentene og smågutane i Norway Cup. Daglege oppdateringar her.


Gjerald og Hjeltnes uttekne på krinslaget

Torsdag 10. juli 2008: Syriltalenta Eivind Gjerald og Anders Hjeltnes er begge uttekne på krinslaget som vart offentleggjort i dag. Sjå heile uttaket på sognavis.no.


Følg gutelaget i Danacup

 

Olav, Sindre og Kristian Danacup08.jpg

Torsdag 10. juli 2008: Gutelaget reiste til Danacup søndag. Innleiande rundar gjekk strålande. Torsdag vann dei 2-1 over Baune SK i 8-delsfinalen. Fredag kl.09.40 går kvartfinalen. På  Syril.net kan du følgje gutelaget.

Her vert nytt frå Danmark lagt ut


Tapte 2 poeng i Hornindal

Søndag 29. juni 2008: Laurdag spelte Syril uavgjort 3-3 borte mot Hornindal i den siste kampen før ferien. Laget hadde moglegheit til å liggja på 3. plass etter halvspelt serie, men skusla vekk viktige poeng. Les meir


Brann vart for sterke for Syril sitt G94 lag


G94 Sognefjordcup 2008.bmp

Søndag 29. juni 2008:
(Av Stein Harald Hjeltnes) Etter å ha kvalifisert seg til A-sluttspelet i Sognfjordcup, vart Brann for sterke for 11ar laget til Syril i 8dels-finalen. Gutane heldt 0-0 heilt fram til det var knapt 2 min att av kampen. Då leia Brann 3-2 i corner, så det var nære på...

Les meir


Supportartur til Hornindal

tur til hornindal.jpg

Torsdag 26. juni 2008: Syril leiger buss frå Fjord1 til Hornindal i helga. Dersom nokon vil vera med og sjå kampen er det ledige plassar. Avreise frå Essostasjonen kl.10.30 på laurdag. Kampen startar kl. 15.00. Vi er tilbake til Leikanger ca. 20.00 - 20.30. Eigenandel for turen er kr. 100. Ta kontakt på telefon 90667236.


Systrendingar på gamle tomter
Syril - Fjøra 25. juli

ronny einan.jpg
Ronny Einan (Bilete), Ole Morten Kvam og Kuijtim Marmullaku møter gamle
lagkameratar på Syril Stadion fredag 25. juli. Foto: Tor Henning Mardal/Fjora.no

Tysdag 24. juni 2008: Fredag 25. juli får Syril vitjing av 3. divisjonslaget Fjøra på Syril Stadion. Treningskampen vert avslutninga på ei knallhard oppkøyringsveke for begge lag. På Fjøralaget spelar 3 tidlegare syrilspelarar Ole Morten Kvam, Ronny Einan og Kuijtim Marmullaku. Kvam og Einan jubilerte nyleg begge med 50 kampar for raudtrøyene. Kuijtim Marmullaku gjekk frå Syril til Fjøra før denne sesongen, og har vist stigande form. Grunna skadeproblem har ikkje Kujtim spelt dei siste kampane, men vi vonar trioen er klar til treningskamp mot moderklubben.

Vi ynskjer Syrstrendingane og Fjøra velkomne til, forhåpentlegvis, ei grøn og fin grasmatte på Syril Stadion.


Leikanger kommune støttar kunstgras

Kunstgrasbane.bmp

Tysdag 24. juni 2008: (Av N.M. Slinde) I samband med rullering av økonomiplanen for Leikanger kommune la politikarane våre einsstemt inn 0,5 mill. kr til kunstgras på kommunestyremøtet i førre veke. Dette er svært gledeleg og vi er no eit langt steg nærmare kunstgras på SYRIL stadion.   Les meir


Gutelaget sesongavslutta med siger

Hauge.jpg
Bilete viser Olav Selås Hauge som vart gutelaget sin toppscorar i
vårsesongen med 12 av 43 mål. Foto: Stein Helge Hellebø

Mandag 23. juni 2008: (Av N.M. Slinde) Gutelaget avslutta vårsesongen sterkt med å slå Jotun 1 – 6 i Øvre Årdal søndag ettermiddag. SYRIL sine gutar opna med høgt tempo og høgt press. Dette gav resultat og SYRIL leia fortent 1 – 3 til pause. Jotun hadde lite innbytarar på grunn av ferie. SYRIL bytte ut fleire spelarar i pausen fordi tre smågutespelarar hospiterer på gutelaget. Vi blir difor mindre sårbare no i ferien.  Utkvilte føter auka presset enno meir i andre omgang. Sluttresultatet vart då 1 – 6. 

Olav Selås Hauge og Eivind Gjerald scora to mål kvar medan Benjamin Hundershagen og Kristian Slinde scora eit kvar. Det var særleg gledeleg at forsvarsspelet fungerte godt i går sidan vår faste midtstoppar Per Eirik Lunde var sjuk. Marius Aaberge og Benjamin Hundershagen  i midtforsvaret løyste forsvarsjobben glimrande saman med keeper Øystein Uglum Henjum og backane Ørjan Aall, Tomas Ølmheim, Eirik Søderholm og Jørgen Breisnes. Vårsesongen er no slutt. Det ser ut som gutelaget vert nummer tre eller fire i serien avhengig av ein siste hengekamp mellom Vik og Sogndal.

 


Thorsnes forlengar

09032008418.jpg

Søndag 22. juni 2008: Terje Thorsnes har forlenga utleigeavtalen mellom Kaupanger og Syril. Terje har hatt ein god vårsesong og har fått mykje speletid for dei gulkledde. No er klubbane einige om å forlenge kontrakten ut sesongen.


Resultat 4. divisjon herrar
10. serierunde

Vik - Førde 2

3-3

Årdal 2 - Askvoll/Holmedal           

11-0

Hornindal - Saga

3-2

Eikefjord - Dale

3-5

Syril - Jølster

5-1

Lærdal - Sandane

3-1

Neste serierunde

Tysdag 24. juni kl.19.00

Dale - Saga

Tysdag 24. juni kl.19.00

Jølster - Årdal 2

Torsdag 26. juni kl.19.00             

Førde 2 - Eikefjord

Laurdag 28. juni kl.15.00

Hornindal - Syril

Laurdag 28. juni kl.15.00

Sandane - Vik

Laurdag 28. juni kl.16.00

Askvoll/Holmedal - Lærdal

Tabell

1 Dale 10 6 3 1 29-17 21 
2 Vik 10 6 3 1 28-16 21 
3 Saga 10 5 3 2 31-17 18 
4 Syril 10 6 0 4 30-22 18 
5 Årdal 2 10 5 2 3 33-16 17 
6 Jølster 10 5 2 3 20-17 17 
7 Lærdal 10 4 2 4 22-29 14 
8 Førde 2 10 3 4 3 20-20 13 
9 Askv./Holmedal 10 4 0 6 25-38 12 
10 Sandane 10 3 2 5 20-22 11 
11 Hornindal 10 2 1 7 18-31 7 
12 Eikefjord 10 0 0 10 8-39 0

 

 


Syril utklassa Jølster

Syril-Jølster.jpg
Målscorarane: Fv. Jan Tore Slinde, Eirik Stensvand, Erlend Husabø, Terje Thorsnes og Ruben Tøfte.
Foto: Kai Martin Brekke

Fredag 20. juni 2008: Syril utklassa opprykkskandidat Jølster 5-1 heime på Syril Stadion i kveld. Sigeren kunne og burde vore større. Syril overkøyrde gjestene i periodar og skapte sjanse etter sjanse. Likevel var det Jølster som starta best og pressa oss bakpå dei fyrste 15 minuttane.

Syril putta to gonger i 1. omgang ved Jan Tore Slinde og Terje Thorsnes og leia fortent 2-0 til pause. 2. omgangen fortsatte med Syrildominans og heimelaget gav seg ikkje før dei leia 5-0. Erlend Husabø, Ruben Tøfte og Eirik Stensvand scora i 2. omgang. Jølster fekk eit trøstemål på overtid ved Trond Vegard Ripe.

Les kva Jølster skriv om kampen på sine nettsider.
Les kva sognavis.no skriv om kampen.

Syril-Jølster 5-1 (2-0)

1-0 Jan Tore Slinde (29 min)
2-0 Terje Thorsnes (31 min)
3-0 Erlend Husabø (60 min)
4-0 Ruben Tøfte (81 min)
5-0 Eirik Stensvand (89 min)
5-1 Trond Vegard Ripe (90 min) 


Syril på publikumstoppen

publikum.jpg
Illustrasjonsfoto

Torsdag 19. juni 2008: Syril ligg på publikumstoppen etter dei 5 fyrste heimekampane i 4. divisjon. 700 har fått med seg desse kampane. Syril Fotball har satsa på kamparrangement dei siste åra, og mange har gjort ein kjempejobb rundt heimekampane. I tillegg til kiosksal, kåring av dagens syrilspelar og kamplotteri, har det og vore grilling på fleire av kampane. At miniputtane har underholdt med pausekamp har mykje å seia for publikumstala. På bana har A-laget gjort det rimeleg bra, sjølv om laget har variert ein del, har dei fortsatt sjansen til å liggja heilt i toppen med poeng i dei to siste kampane av vårsesongen.

Publikumsrekorden hittil i år kom i kampen mot Lærdal. Då var 220 vitne til 6-1 og storsiger. Ikkje so bra gjekk det i 16. mai-kampen mot Vik. Denne kampen trekte 180 tilskodarar.

På dei neste plassane ligg Lærdal med 630, og Dale med 560 tilskodarar. Obligatorisk registrering av publikumstal vart innført av kretsen i 2007. Det viser seg likevel at enkelte klubbar ikkje har sendt inn desse tala, og er då heller ikkje med i desse statistikkane. Det er godt å sjå at Syril ikkje er ein av desse. Faktisk så ivrige at dei har meldt inn publikumstalet frå Eikefjordkampen to gonger. Eg har teke høgde for dette og trekt frå 100.

Møt opp i morgon då Syril møter Jølster heime på Syril Stadion kl. 19.00. Kanskje kan vi ta ein ny rekord?

Kjelde: fotball.no


Resultat 4. divisjon

Onsdag 18. juni

Vik - Førde 2

3-3

Årdal 2 - Askvoll/Holmedal                 

11-0

Hornindal - Saga

3-2


Årets trenar frå Syril

Mandag 16. juni 2008: Norges Skiforbund har kåra Egil Johannes Vangsnes frå Syril til årets trenar i telemark. 

Les meir på sognavis.no 


Vellukka miniputturnering 
på Syril Stadion

Miniputturnering 2008.jpg

Søndag 15. juni 2008: I helga arrangerte Syril Fotball miniputturnering i sommarsola på Syril Stadion. I tillegg til heimelaget, kom det lag frå Sogndal, Norane og Vik. Alle laga viste stor kampvilje og hadde med seg engasjerte og ihuga supporterar. Domarane for dagen, som bestod av gutespelar, gjorde ein glimrande innsats. Både foreldre, trenarar og arrangørar merka seg at dei var både tydelege og rettleiiande med dei unge spelarane.

Til tross for harde konkurrentar, både innanfor same klubb og naboklubbar, kunne Syril jenter-01 smykke seg med Fair-play pokalen. Denne vandrepokalen vert delt ut til det laget som viser best adferd både på bana, benken og blandt supportarar.

Både unge og gamle såg ut til å storkosa denne søndagen. Her fekk dei god underhaldning frå grassletta samt mykje godt å bita i frå kioskgruppa.


Nedtur for A-laget i Askvoll

Cato.JPG
Cato Aalen tapte brødreduellen mot vetlebror og tomålsscorar Rudi. Askvoll/Holmedal tok alle 3 poenga.

Søndag 15. juni 2008: Syril tapte 4-3 mot Askvoll/Holmedal i dag. Syrstrondslaget hadde sjansen til å klatra til 2. plass på tabellen to rundar før halvspelt serie. Laget har vunne dei 3 siste kampane, og hadde ei stigande formkurve.  Dette vart ein stor nedtur både resultat- og spelemessigt.

Allereie etter 5 minuttar gjekk Syril i leiinga 1-0 etter scoring av Terje Thorsnes. Det såg lyst ut ei lita stund, men med to mål av Rudi Aalen og eit av Frank Ask kunne heimelaget gå til pause med fortent 3-1 leiing.

Etter pausen auka Stian Askevold til 4-1, før Syril reduserte til 4-2 og 4-3 ved Ruben Tøfte og Jan Remø.

Syril sitt lag: Geir Ove Røysum. Stian Nilsen Nornes (Erlend Nilsen frå 55), Vegar Røysum, Helge Fimreite, Joar Strand (Eirik Stensvand frå 80), Bård Henjum (Dag Skoge frå 45). Erlend Husabø, Cato Aalen, Terje Thorsnes, Ruben Tøfte, Jan Remø.

Ingen kort til Syril.

Les kva Askvoll/Holmedal skriv om kampen på ahil.net

Skal Syril henga med i øvre halvdel av tabellen, må det takast poeng i slike kampar. Askvoll/Holmedal er kjent for å vera gode heime på Hilvang, men i dag var Syril det dårlegaste av to dårlege lag. Fyrstkomande fredag får Syril besøk av Leif Inge Fimreite og Jølster på Syril Stadion.

Resultat frå den 9. serierunden:

Sandane-Årdal 2 3-3
Jølster-Saga 2-2
Eikefjord-Vik 1-4
Askvoll/Holmedal-Syril 4-3
Dale-Hornindal 5-4
Førde 2-Lærdal 1-2

Tabell:

1 Vik 9 6 2 1 25-13 20 
2 Saga 9 5 3 1 29-14 18 
3 Dale 9 5 3 1 24-14 18 
4 Jølster 9 5 2 2 19-12 17 
5 Syril 9 5 0 4 25-21 15 
6 Årdal 2 9 4 2 3 22-16 14 
7 Førde 2 9 3 3 3 17-17 12 
8 Askv./Holmedal 9 4 0 5 25-27 12 
9 Sandane 9 3 2 4 19-19 11 
10 Lærdal 9 3 2 4 19-28 11 
11 Hornindal 9 1 1 7 15-29 4 
12 Eikefjord 9 0 0 9 5-34 0


4. divisjon herrar
9. serierunde

Kampar
Fredag 13.06.2008  1700  Sandane - Årdal 2  Idrettsplassen 
Fredag 13.06.2008  1900  Jølster - Saga  Skei stadion 
Fredag 13.06.2008  1930  Eikefjord - Vik  Eikefjord stadion 
Søndag 15.06.2008  1500  Askv./Holmedal - Syril  Hilvang 
Søndag 15.06.2008  1500  Dale - Hornindal  Dingemoen stadion 
Søndag 15.06.2008  1500  Førde 2 - Lærdal  Førde stadion

Tabell
1 Saga 8 5 2 1 27-12 17 
2 Vik 8 5 2 1 21-12 17 
3 Jølster 8 5 1 2 17-10 16 
4 Dale 8 4 3 1 19-10 15 
5 Syril 8 5 0 3 22-17 15 
6 Årdal 2 8 4 1 3 19-13 13 
7 Førde 2 8 3 3 2 16-15 12 
8 Sandane 8 3 1 4 16-16 10 
9 Askv./Holmedal 8 3 0 5 21-24 9 
10 Lærdal 8 2 2 4 17-27 8 
11 Hornindal 8 1 1 6 11-24 4 
12 Eikefjord 8 0 0 8 4-30 0 


Fykse og Lunden kjempa for favorittlaga sine

Bilde 004.jpg
Arkivfoto: Biletet er frå Erling Ola Fykse sitt møte med favorittlaget Manchester United før avreise til Roma tidlegare i år. Her saman med  ikkje ukjente Rio Ferdinand. Fykse er mannen til høgre :)

Tysdag 10. juni 2008: Syrstrendingane og tidlegare syrilspelarane Erling Ola Fykse (Manchester United) og Torbjørn Lønne Lunden (Exeter City) deltok i Supporterunionen si årlege turnering på Voldsløkka grus i Oslo i helga. Ei kjempeoppleving seier Fykse til sognavis.no.

Les artikkelen på sognavis.no


Kampar på Syril Stadion
denne veka

angrep.jpg
Vekas høgdepunkt på Syril Stadion er gutelaget sin kamp mot Vik på torsdag.
Syril ligg på 2. plass på tabellen, medan Lærdal toppar suverent. Utan 3 poeng kan både Årdalstangen og Bjørn ta frå dei 2. plassen. Biletet er henta frå 9-0 sigeren over Sogndal 13. mai.

Mandag 9. juni

kl. 19:00

G 13/14

Hafslo

5-0

Tysdag 10. juni

kl. 18:00

J 13/14

Bjørn

11`ar

Torsdag 12. juni

kl. 18:00

J 11/12  2    

Bjørn 2        

7`ar

Torsdag 12. juni        

kl. 19:30     

G 15/16

Vik

11`ar


Elise er utteken til OL

elise_thorsnes.jpg

Mandag 9. juni 2008: Elise Thorsnes vart i dag utteken i kvinnelandslagstroppen som skal til OL i Beijing. Landslagstrenar Bjarne Berntsen har teke ut følgjande tropp: Erika Skarbø (Arna-Bjørnar), Christine Colombo Nilsen (Kolbotn), Ane S. Horpestad (Klepp), Gunhild Følstad (Trondheims-Ørn), Siri Nordby (Røa), Trine Rønning (Kolbotn), Marit Fiane Christensen (Røa), Marita Skammelsrud Lund (Team Strømmen), Ingvild Stensland (Kopparberg/Göteborg), Marie Knutsen (Røa), Solveig Gulbrandsen (Kolbotn), Isabell Herlovsen (Kolbotn), Melissa Wiik (Asker), Leni Larsen Kaurin (Turbine Potsdam), Lene Storløkken (Team Strømmen), Guro Knutsen (Røa), Elise Thorsnes (Arna-Bjørnar) og Lene Mykjåland (Røa). Reservar: Runa Vikestad (Kolbotn), Anneli Giske (Fløya), Madeleine Giske (Arna-Bjørnar) og Ingrid Hjelmseth (Asker). (Kjelde: firda.no)

Les også om dagens gladmelding på forbundet sine sider


Syril arrangerer miniputt-turnering

fotball.jpg

Mandag 9. juni 2008: Søndag 15.6 arrangerer Syril miniputt-turnering og ivrige fotball-ungar (1. – 4. klasse) frå idrettslaga Norane, Vik, Sogndal og Syril er klare til fotball-leik! Drible, skyte, sentre, redde, springe, score, juble, snuble, bomme…Her blir det kampar og moro frå klokka 10.30 og utover dagen.

Syril og fotballkretsen har på denne turneringa hovudfokus på Fair Play. Syril kårar det laget som i turneringa viser gode haldningar til medspelarar, motspelarar og dommarar. Vinnarlaget vinn Syril sin Fair Play vandrepokal.

Arrangørklubben ynskjer alle velkomne til gladfotball på Syril stadion, Leikanger - bli med og heie fram miniputtane!


Ny trepoengar mot Sandane

syril-sandane.jpg

Søndag 8. juni 2008: Syril gjekk på sin tredje strake siger i kveld heime mot Sandane. Syril klatra med det til 5. plass på tabellen, berre 2 poeng frå Saga på topp.

Les om kampen her

 


4.divisjon herrar runde 8

Onsdag 4. juni       

Saga

-

Askvoll/Holmedal 

5-0

Onsdag 4. juni

Vik

-

Dale

2-2

Onsdag 4. juni

Årdal 2

-

Førde 2

3-4

Fredag 6. juni

Hornindal                  

-

Jølster

1-4

Søndag 8. juni

Lærdal

-

Eikefjord

9-0

Søndag 8. juni

Syril

-

Sandane

5-2


Bygging av kunstgrasbane på SYRIL stadion

Kunstgrasbane.bmp

Torsdag 5. juni 2008: (Av N.M. Slinde) Planane for kunstgras på grusbana er no for ein stor del ferdig og finansieringsgruppa står i innspurten i arbeidet med å skaffe pengar. Det er Leikanger kommune som no sit med nøkkelen for å sikre restfinansiering. SYRIL har søkt om hjelp frå kommunen med tilskot på inn til 1 mill. kr for å få på plass kunstgraset som er kostnadsrekna til 4,6 mill. kr. Saka skal opp i formannskapet 10. juni og kommunestyret 19. juni. SYRIL treng all den hjelp vi kan få i arbeidet med å forklare alle politikarane i kommune kor viktig kunstgras er og kor mykje Leikanger kommune får att for ei slik investering. Klarar vi å få på plass pengane no i juni, startar vi bygging til vinteren og tek sikte på legging av kunstgras neste sommar. Vi håpar alle  politikarane i Leikanger meiner at ei slik satsing er viktig for idretten i bygda og for SYRIL stadion som møteplass for bygdefolket.


Lillegutt 11 i skåringsform
-  vann 13-0 over Hafslo

mål.jpg

Torsdag 5. juni 2008: (Av Steinar Røysum) Lillegutt 11 var i skåringsform då Hafslo var på besøk på Syril stadion på torsdag. Det vart 13-0 seier, etter skåringar av Ole Morten(5), Tommy(2), Espen(2), Stig Rune(1), Rolf Inge(1), Daniel(1) og eit sjølvmål. Tross den sterke varmen så var det stor innsats og kjempe mykje bra spel.


Damelaget overraska mot Høyang
- men det rakna på slutten
Syril - Høyang 1-5 (1-0)

damelaget-høyang.jpg

Torsdag 5. juni 2008: Damelaget fekk ein god start på kampen mot topplaget Høyang på Syril stadion onsdag. Høyang, som saman med Sogndal ligg suverent på toppen av 3. divisjonstabellen, måtte slita for poenga mot Syrildamene.

Heimelaget gjekk i føringa midtvegs i fyrste omgang etter scoring av Hildegunn Høgheim.  Ho snappa ein passning i Høyangforsvaret, og kunne setja ballen i åpent mål. 1-0 leiinga heldt seg til eit kvarter ut i 2. omgang. Då sprakk det til gangs. 1-0 leiinga vart på nokre minuttar snudd til 1-5. Dermed tok storfavorittane Høyang med seg alle tre poenga heimatt til industribygda.

Syril overraska og viste gode takter i 50 minuttar, men det holdt diverre ikkje heilt ut. Høyangdamene tok ein velfortent siger.

Ein må også nemne at gjestene ikkje var heilt nøgde med mottakinga dei fekk før kamp (Ref. link til Høyang si heimeside). Kamparrangement under damekampane er noko Syril Fotball bør ta tak i til neste heimekamp. Dette er berre å beklaga!

Les kva Høyang skriv om kampen på deira heimeside


11-ar laget til smågutane
fossar fram

IMG_2281 (Small).JPG
Nok ein tosifra siger for småguttelaget sitt 11-ar lag.
På Syril Stadion den 2. juni var det Vik som måtte tola 12-1.
Foto: Stein Harald Hjeltnes



Mandag 2. juni 2008:
(Av Stein H. Hjeltnes) Smågutestallen tel 27 spelarar, og me har med både 11ar og 7ar lag i serien. 11ar laget har vore heilt suverene så langt i sesongen. 6 seierar av 6 mogelege, og 55-7 i målskilnad!

Kampen på Syril stadion i kveld mot Vik starta med eitt mål i mot. Spelarane sleit med å koma igang, vann ikkje ballar og var på etterskot i motvinden. Etter at Aslak heada inn utlikningsmålet mot slutten av fyrste omgang etter eit perfekt lagt hjørnespark av Eivind, gjekk det berre ein veg. Til pause stod det 2-1 til Syril, men når laget fekk vinden i ryggen og rokkerte litt på spelarane, rann det fort inn med mål i andre omgang. Anders laga 5 mål, Eivind 4, Aslak, Sigve og Arve kvar sitt.

7ar laget har slite litt meir i sin serie, der det berre er 3 lag med. Me satsar på at dei tek sin fyrste seier mot Jotun i morgon, 3.juni!


Kampar på Syril Stadion
denne veka

Mandag 2. juni           

kl.19:00   

Gutar 13/14             

-Vik

Tysdag 3 juni

kl.19:00

Gutar 13/14

-Jotun

Onsdag 4. juni

kl.19:00

Damer

-Høyanger  

Torsdag 5 juni

kl.18:00

Gutar 12

-Aurland

 

kl.18:00

Jenter 11/12

-Jotun 1

 

kl.19:30

Gutar 11

-Hafslo

Søndag 8. juni

kl.17:00

A-laget

-Sandane


TINE fotballskule
11.– 14. august 2008

fotballskulen.jpg

Mandag 2. juni 2008: Syril Fotball i samarbeid med TINE Meierier arrangerer fotballskule for alle born som går i 2. –7. klasse. Fotballskulen startar måndag 11. august og varer til og med torsdag 14. august.

Les meir her


Gutelaget slo ÅTIL 4 -1

gutelaget-Aurland.jpg
Godt forsvarsarbeid av Jørgen Breisnes, Lars Richard R Hellebø,
Kristian Slinde, Per Eirik Lunde og Benjamin Hundershagen
Foto: Stein Helge Hellebø

Torsdag 29. mai 2008: (Av N.M.Slinde) Etter ein heller trasig kamp i Aurland sist veke der gutelaget tapte 7-3, heva laget seg kraftig i kveld i kampen mot Årdalstangen.

Etter ein velspelt kamp vann SYRIL 4–1. I dag var aggressiviteten på plass og spelarane viste frå første minutta at tapet mot Aurland var eit uhell. Gutelaget gjekk med dette opp att på andreplassen i serien bak suverene Lærdal. Det var særleg i forsvar at formasjonane sat godt i dag. All ros til dei for ein godt utført kamp. I forsvar spela Per Eirik Lunde og Benjamin Hundershagen i midten, medan Tomas Ølmheim, Marius Aaberge og Jørgen Breisnes løyste backoppgåva på ein flott måte. Målscorarar i dag var Olav Hauge med to mål og Sindre Melås Hus og Helge Henjum med eit mål kvar. Jan Rømme var myndig dommar i kampen og delte ut to gule kort til SYRIL.


Syril med ny siger

førde2-syril.jpg

Onsdag 28. mai 2008: Syril fekk med seg 3 nye poeng frå Førde i kveld. Heimelaget gjekk i føringa etter 23 minuttar, Syril gav ikkje opp og snudde kampen då det stod att 6 minuttar. Jan Remø og Ruben Tøfte sette måla for Syril i det 84. og 87. minutt. Meir om kampen kjem seinare. Les kva Førde skriv om kampen på Førde sine nettsider


Førde 2 - Syril i kveld

 

nordicbet_logo.gif

Følg 4.divisjonsoppgjeret på Førde Stadion i kveld kl. 19.30.  LiveScore-oppdatering får du på NordicBet sine nettsider.
(Trykk LiveScore og finn Norge og 4. divisjon Sogn og Fjordane)


Tap mot Balestrand for småjentene

Tysdag 27. mai 2008: (Av Kirsti Valvik Yttri) Småjentene måtte sjå seg slått av Balestrand på Kreklingen stadion i dag. Kampen enda 6-3 til Balestrand, som jubla over sin fyrste siger i år. Etter en flott siger forrige veke mot Hafslo, der vi vann 4–2, var dette ein liten nedtur. 4 kampar er no unnagjort. Med 2 sigrar og 2 tap, ligg jentene på ein fin 3. plass i si pulje. Fortsatt er det 2 kampar igjen før laget reiser på Norway Cup og tek ein velfortjent sommerferie.


Syril-Eikefjord 5-1

syril-eikefjord.jpg

Søndag 25. mai 2008: Syril vann i dag 5-1 over fjorårets 3. divisjonslag Eikefjord. Eikefjord har hatt ein tøff start på sesongen. Etter 6 serierundar har laget enno tilgode å ta poeng.

Meir om kampen her


Kampar på Syril Stadion
denne veka

svein1.jpg

Mandag 19. mai       

kl. 19:00     

G 13/14

Sogndal

11`ar

Tysdag 20. mai

kl. 19:00

J 13/14

Hafslo

11`ar

Onsdag 21. mai

kl. 19:00

Damelaget     

Sogndal

11`ar

Torsdag 22. mai

kl. 18:00

J 11/12 1

Balestrand         

7`ar

Torsdag 22. mai

kl. 18:00

G 11

Lærdal

7`ar

Søndag 25. mai

kl. 15:00

A-laget

Eikefjord

11`ar


4. divisjon herrar
5. serierunde

Referat frå laga sine heimesider les du ved å klikke på laget

Torsdag 15. mai            

kl.19:00     

Eikefjord  

 - 

Saga

 0-2  

Fredag 16. mai

kl.18:00

Lærdal

 -

Årdal 2

 2-2

 

kl.18:00

Syril                    

 -

Vik

 0-4

 

kl.18:30

Dale

 -

Askvoll/Holmedal  

 0-4

 

kl.19:00

Sandane

 -

Jølster

 0-0

Sundag 18. mai

kl.14:00

Førde 2

 -

Hornindal

 3-3

Tabell 4. divisjon etter 5. serierunde

1 Saga 5 4 1 0 19-6 13 
2 Vik 5 4 1 0 12-4 13 
3 Dale 5 3 1 1 13-6 10 
4 Jølster 5 3 1 1 7-3 10 
5 Førde 2 5 2 2 1 8-7 8 
6 Årdal 2 5 2 1 2 9-9 7 
7 Askv./Holmedal 5 2 0 3 10-13 6 
8 Syril 5 2 0 3 10-13 6 
9 Sandane 5 1 1 3 9-10 4 
10 Hornindal 5 1 1 3 8-10 4 
11 Lærdal 5 1 1 3 7-19 4 
12 Eikefjord 5 0 0 5 3-15 0


Terrengløp Syril Stadion

Syril stadion.jpg

Laurdag 17.mai 2008 (av Torgeir Urdahl): Friidrettssesongen er i full gang. Onsdag 7. mai hadde vi terrengløp på og rundt bana med 71 deltakarar. Her var det full rulle frå første steg og mykje god løping. 10 år og yngre sprang ca. 400m, medan 11-åringane og eldre hadde ei løype på ca. 700m. Sjå deltakarlista under Friidrett.


Sterk kamp av lillegutt 11 i Vik

Laurdag 17. mai 2008 (av Steinar Røysum): Lillegutt 11 spela ein god kamp mot Vik på torsdag. Det vart ein fortent 8-3 seier, etter scoringar av Daniel(2), Stig Rune(2) og eit mål kvar av Rolf Inge, Ole Morten, Espen, Olav. Men det var mange gode prestasjonar av alle saman. Det var stor stemning i bussen heim.

Syril vann også konkuransen om beste heiagjeng sjølv om det var berre 3 stk.


Myrkaskog senka Syril

øystein myrkaskog.jpg
Øystein Myrkaskog herja vilt med Syril-forsvaret og scora ekte hatrick.

Fredag 16. mai 2008: Vik vann FULLT FORTJENT på Syril Stadion i kveld. Mot eit overraskande tafatt syrillag kunne Vikjene leika seg til 4 målsleiing til pause. Fleire mål vart det ikkje, for laget over fjorden ville vel spara litt krefter til festen i kveld. Øystein Myrkaskog vart dagens mann med 3 mål, Thomas Hjortland scora eit. Veteranen Geir Ove Røysum og kapteinen Joar Ølmheim er vel dei einaste som får bestått på Syril. Resten får for frammøte. Jan Tore Slinde kom inn i 2.omgang og var eit friskt pust.

Beklagar til alle dei frammøtte. Dette var rett og slett for dårleg...

Syril-Vik 0-4 (0-4)

0-1 Øystein Myrkaskog (8 min)
0-2 Thomas Hjortland (27 min)
0-3 Øystein Myrkaskog (35 min)
0-4 Øystein Myrkaskog (39 min)


Saga med ny siger

Torsdag 15. mai 2008: Eikefjord og Saga opna den 5. serierunden i 4. divisjon i dag, og tabelleiaren Saga tok ein ikkje så overraskande 2-0 siger over botnlaget Eikefjord. Referat frå kampen kan du lese på Eikefjord sine heimesider.

Dei andre kampane går på fotballen sin nasjonaldag 16. mai, forutan Førde 2 - Hornindal som vert spelt sundag. Det er venta fulle tribunar når naborival Vik vitjar Syril Stadion i morgon. Kampstart kl.18.00.

tribunebråk.jpg


Elise scora 3 mot Trondheims-Ørn

elise_thorsnes.jpg

Torsdag 15. mai 2008: Systrondsjenta Elise Thorsnes vart 3-målsscorar for Arna-Bjørnar i kveldens kamp mot Trondheims-Ørn i Toppserien. Arna-Bjørnar vann kampen 6-1.


Har du betalt medlemskontigent?

Er du aktiv i idrettslaget, har barn som er med,
eller berre ynskjer å støtta idretten i bygda - klikk her


Gutelaget vann 9-0 over Sogndal

angrep.jpg
På bilete ser vi tre av målscorarane for SYRIL. Olav Selås Hauge scora tre i dag medan Mateusz Juszczak og Kristian Slinde scora eit kvar. Desse tre toppar no scoringsstatistikken med fem mål kvar i serien.

Tysdag 13. mai 2008: Nok ein kjempekamp av gutelaget med siger 9 – 0 i kveld mot Sogndal. Stillinga til pause var 5 – 0. Det var sju ulike målscorarar med Olav Selås Hauge som toppscorar med tre mål. I tillegg scora Lars Richard Hellebø, Ørjan Aall, Kristian Slinde, Mateusz Juszczak, Per Eirik Lunde og Sindre Melås Hus kvart sitt mål. Jan Rømmen var dommar i kampen og let vel over ein fin tone ute på bana. Det vart difor ikkje delt ut verken raude eller gule kort. Men den største takka går i dag til keeperen vår Øystein Uglum Henjum som i tillegg til å halde buret reint, slo heile bana med familien sin plenklyppar før kampen.

 


Kaupanger 2 - Syril avlyst

Tysdag 13. mai 2008: Syrildamene sin kamp mot Kaupanger 2 som skulle vore spelt på Kaupanger Kunstgras i kveld er avlyst. Syril slit med skadar og eksamenslesing, og har måtta utsetja kampen. Ny dato er ikkje bestemt. 


Grasbana opna for trening

dugnad.jpg
For ordens skuld - Dette er ikkje graset på Syril Stadion

Tysdag 13. mai 2008: Grasbana er no opna for både trening og kamp. Kampar har prioritet på grasbana føre treningar. Det er viktig at alle som brukar grasbana trakkar i lause torver slik at bana held seg best mogleg og vi unngår stengingar. På treningar må alle passe på å bruke dei delane av bana som har best graskvalitet, og spare dei nysådde områda og andre deler av bana der det er stor slitasje f eks midt i måla.

Vêrmeldinga viser godt vêr fram til 20. mai så det må vatnast mykje framover. Etter vatning kan bana bli stengd i korte periodar, men kampar vil bli prioritert. Når det er slike korte stengingar, vert skiltet ”Bana er stengt” sett opp. Det er fint om alle respekterer dette og flytter over på grusen. Før i vår har dette fungert svært godt.


Kampar på Syril Stadion denne veka

svein6.jpg

Tysdag 13. mai              

G 15/16

11-ar

Sogndal 2

19:00

Torsdag 15. mai

J 11/12  2     

7-ar          

Sogndal 3

17:30

Torsdag 15. mai

G 12

7-ar

Bjørn 2

17:30

Torsdag 15. mai

J 11/12  1

7-ar

Årdalstangen            

19:00

Fredag 16. mai

A-laget

11-ar

Vik

18:00


Coop sponsar Norway Cup-jentene

coop-pms-295.jpg

Mandag 12. mai 2008: Syril sitt småjentelag vann sponsorpakke hjå Coop, og kan dermed stilla med splitter nytt draktsett på Norway Cup til sommaren.

I år deler Coop ut 250 sponsorpakkar til lag som deltek i den internasjonale fotballturneringa i Oslo frå 27. juli til 2. august. Småjentelaget til Syril søkte, og vart heldige vinnarar av sponsorpakken til ein verdi av kroner 20.000. Pakken inneheld 14 drakter frå Umbro, 14 shortsar, 14 par strømper, 15 markeringsvestar, 1 keeperdrakt, 18 sekker og 18 t-shirts. Syril.net gratulerar!


Tap for gutelaget

GUTTE2008.JPG
På bilete ser vi SYRIL sine to målscorarar Mateusz og Kristian i fint driv i 1. omgang.

Fredag 9. mai 2008: Gutelaget fekk sitt første tap mot seriefavoritt Lærdal i går kveld. SYRIL opna sterkt og leia 1-4 til pause etter to scoringar av Mateusz Juszczak og to langskot på frispark frå Kristian Slinde. Stemninga var difor god i pausen med leiing 1-4 over seriefavorittane på bortebane. Men kreftene tok slutt i 2. omgang. Laget klarte ikkje å halde oppe det høge presset frå 1. omgang. Dette medførte at laget fall litt i saman og det vart sju baklengsmål i 2. omgang. Samtidig var vi uheldige med våre sjansar. Sluttresultatet vart 4 - 8 der kvart av laga dominerte kva sin omgang, men det er som kjent sluttresultatet som tel.

Les eit godt og fyldig referat av kampen på Lærdal sine nettsider.

Meir om gutelaget kan du lesa på deira område


3-0 siger over Polen
-Elise nær scoring

elise_thorsnes.jpg
Elise Thorsnes spelte dei siste 20 minuttane mot Polen i dag.

Onsdag 7. mai 2008: Norge sitt damelandslag vann 3-0 og hadde full kontroll over Polen i EM-kvalifiseringskampen på Viking Stadion. Elise spelte dei siste 20 minuttane og var nær scoring. Landslaget har no ein målskilnad på 19-0 på 5 kampar, og leiar gruppa med full pott og 6 poeng føre Russland.

Laurdag vann damene 7-0 over Israel. Thorsnes fekk då siste kvarteret for tomålsscorar Melissa Wiik. Elise utmerka seg ved å skaffe Norge eit straffespark som vart ekspedert i mål av målvakt Siri Nordby.


Damelaget fekk sitt fyrste tap

Onsdag 7. mai 2008: (Sogndal- Syril 2-0) Damelaget tapte heiderleg 2-0 over Sogndal i kvinnene sin 3. divisjon avd. 1 i kveld. Laget spelte uavgjort 2-2 mot Bjørn i den fyrste kampen, men måtte gje tapt for Sogndal. 

I morgon får Bjørn bryna seg på Høyang, og fredag er det klart for Sogndal - Jølster. Neste kamp for Syrildamene er borte mot Kaupanger 2 tysdag 13. mai.

Etter at Syril og Sogndal har tjuvstarta 2. serierunde ser tabellen slik ut:

1 Sogndal 2 2 0 0 6-3 6 
2 Jølster 1 0 1 0 2-2 1 
3 Kaupanger 2 1 0 1 0 2-2 1 
4 Bjørn 1 0 1 0 2-2 1 
5 Syril 2 0 1 1 2-4 1 
6 Høyang 1 0 0 1 3-4 0


6-0 siger for småguttelaget

Onsdag 7. mai 2008: Småguttlaget hadde små problem med Balestrand på "syrilgraset" i kveld. Heimelaget sende gjestene over fjorden igjen med 6 baklengs. Gutane har imponert så langt i serien, og toppar no med 9 poeng og full pott på dei 3 fyrste kampane. Målskilnaden er no oppe i 18-5. (Tek gjerne i mot kampfakta eller referat frå denne kampen på e-post)

Neste kamp for dette laget er også heime på Syril stadion mot Sogndal 19. mai. Sogndal har berre spelt ein kamp og står framleis utan poeng.


Årdal 2 slo Dale 2-1 på Cuba

Onsdag 7. mai 2008: Siste kampen i 4. serierunde i 4. divisjon vart spelt i kveld. Årdal 2 møtte Dale på Cuba stadion på Tangen. Heimelaget tok føringa allereie etter 1 minutt. Like etter utlikna Dale. Stillinga til pause var 1-1. Årdølene putta eit mål i 2. omgang, og heldt resultatet kampen ut. 3 nye poeng til Årdal sine nest beste.

Årdal 2 - Dale  2-1 (1-1)
1-0 (1 min)
1-1 (9 min)
2-1 (66 min)

Eit godt referat på Årdal sine heimesider les du her. Når Dale har fått summa seg litt kjem det sikkert meir her og

Tabellen etter 3 serierundar i 4. divisjon vert då slik:

1 Saga 4 3 1 0 17-6 10 
2 Vik 4 3 1 0 8-4 10 
3 Jølster 4 3 0 1 7-3 9 
4 Dale 4 2 1 1 9-6 7 
5 Førde 2 4 2 1 1 5-4 7 
6 Askv./Holmedal 4 2 0 2 10-9 6 
7 Syril 4 2 0 2 10-9 6 
8 Årdal 2 4 2 0 2 7-7 6 
9 Sandane 4 1 0 3 9-10 3 
10 Hornindal 4 1 0 3 5-7 3 
11 Lærdal 4 1 0 3 5-17 3 
12 Eikefjord 4 0 0 4 3-13 0 


Syril-lag i aksjon i dag 7. mai

Smågutte                  

kl.19.00      

Syril

-

Balestrand  

 6-0 

Damer

kl.19.00

Sogndal

-

Syril

 2-0

Jenter 11/12

kl.19.15

Sogndal 1 

-

Syril 1

 x-x


Frå Syril til "Jakten på kjærligheten"

jan_røe.jpg
Jan Røe
(Foto: Beate Larsen)

Tysdag 6. mai 2008: Fjorårets midtbanespelar på Syril, Jan Røe (26), skal vera med i TV2-programmet "Jakten på kjærligheten". Den habile midtbanespelaren spelte heile 2006 sesongen under Nils Tore Krosshaug, og reiste frå Sogn i fjor sommar. Det skulle visa seg at syrildrakta ikkje hjalp stort i jakta på kjærleiken, og han forlet Sogn til fordel for gardsarbeid og mjølking av kyr. Det vert spanande å sjå om dette lokkar meir...

Syril har ikkje tenkt å sende brev på denne sympatiske karen i denne samanheng, men anbefalar gjerne andre. Presentasjon av deltakarane kan du sjå på TV2 11. mai. Meir kan du også lese her.


Kaupanger II - Syril flytta

Tysdag 6. mai 2008: Damekampen som var oppsett onsdag 14. mai er flytta til tysdag 13. mai kl. 19:30. KIL-herrane sin kamp mot Årdal vart terminfesta til same tid.

4. divisjon damer
Kaupanger II - Syril 
Kaupanger kunstgras
tysdag 13. mai kl. 19:30


Kujtim-debut mot Stryn

artikkelbilde2.jpg
God debut av Kujtim. Her med eit av sine mange gode innlegg.
Foto: Publisert med løyve frå
www.fjora.no

Mandag 5. mai 2008: Kujtim fekk sin debut frå start for Fjøra mot Stryn i sognahallen laurdag. Etter ei tid med gode treningar og ein god cup kamp mot Førde i forrige veke fekk Kujtim prøve seg frå start i oppgjeret mot Stryn.
 
Kujtim spelte etter rapportane ein god kamp for rødtrøyene og slo fleire geniale pasningar frå sin midtbaneplass. Kampen enda 1-1 til tross for at Fjøra køyrde over Stryn og burde vunne stort. Truleg vert det fleire sjansar for Kujtim om han held formen intakt.

Kjelde: www.fjora.no


Grasbana stengt for trening

grasbana stengt.jpg

Søndag 4. mai 2008: Grasbana vert stengt for trening ei tid framover. Kun kampar skal gå på gras. Syril Fotball ber difor alle lag og andre som nyttar bana om å ta hensyn til dette. Når de ser biletet skjønar sikkert alle kvifor. Det vert lagt ut ny melding når bana opnar også for trening, men det vert sagt at ein må rekne ei stenging på 14 dagar.


Kampar på Syril Stadion
denne veka

svein6.jpg

 

Tid

Syrillag

Motstandar    

Kl.

 

Tysdag 6. mai      

Gutar 12 år   

Lærdal

18:00

7`ar

Tysdag 6. mai

Jenter 11/12 år 2

Kaupanger

18:30

7`ar

Onsdag 7. mai

Gutar 13/14 år

Balestrand

19:00

11`ar


4. divisjon herrar
4. serierunde

(Klikk på laga for å lese kva dei skriv om kampen på deira nettside)

Torsdag 1. mai   Syril - Lærdal 6-1 (4-0)
Fredag 2. mai     Saga - Vik 2-2 (1-1)
                       Jølster - Førde 2  2-1 (0-1)
                       Hornindal - Eikefjord 4-0 (2-0)
Søndag 5. mai    Askvoll/Holmedal - Sandane 4-3 (2-2)

Tabell 4. divisjon

1 Saga 4 3 1 0 17-6 10 
2 Vik 4 3 1 0 8-4 10 
3 Jølster 4 3 0 1 7-3 9 
4 Dale 3 2 1 0 8-4 7 
5 Førde 2 4 2 1 1 5-4 7 
6 Askv./Holmedal 4 2 0 2 10-9 6 
7 Syril 4 2 0 2 10-9 6 
8 Sandane 4 1 0 3 9-10 3 
9 Årdal 2 3 1 0 2 5-6 3 
10 Hornindal 4 1 0 3 5-7 3 
11 Lærdal 4 1 0 3 5-17 3 
12 Eikefjord 4 0 0 4 3-13 0


Utklassingssiger mot Lærdal

Syril-Lærdal.jpg

Torsdag 1. mai 2008: Syrilherrane vann heile 6-1 heime på Syril stadion i dag. Stillinga ved pause var 4-0. Lærdal reduserte tidleg i 2. omgang på ein tvilsom straffe. Syril auka til 5-1 og 6-1 før domaren bles av kampen.

1. omgangen var årsbeste av heimelaget, og Lærdal hadde lite å stilla opp med. Syril var nærare 5 og 6 enn Lærdal var redusering. Etter pause fekk vi ein øyen motvind, og vart liggjande bakpå. Lærdal kom meir med i kampen, utan at dei klarte å skapa dei heilt store sjansane. Trass ein spelemessigt dårleg omgang av begge lag auka Syril leiinga to gonger ved Cato Aalen og Svein Inge Nesset.

Eit skår i gleda var då Terje Thorsnes måtte ut på båre seint i fyrste omgang. Han storspelte på venstresida før han måtte ut. Etter eit kraftigt samanstøyt med Lærdalkeeper, Pirri, vart Terje liggjande med smerter i bryst og arm. Snakka med Terje på telefon frå Lærdal, og det ser ut som om han kom frå hendinga utan brot. Dei kunne so langt ikkje finna noko brot i verken ribbein eller handledd. Vi vonar Thorsnes er klar mot Vik 16. mai.

(Ein liten glipp frå Lærdal sjukehus. Då han var komen til Fodnes fekk han beskjed om å returnera til sjukehuset. Dei ville gipsa handi då det moglegens var eit brot. Han skal gå med gips i 14 dagar, og skal på ny kontroll då. Vi får vera glad for at det gjekk sopass bra. Dette kunne gått mykje verre. God fysikk redda truleg eit par ribbein. "Eg har spelt med gips før, so da e ikkje noke problem", sa Thorsnes på telefon frå Lærdal)

Meir om kampen kjem seinare

Syril - Lærdal 6-1 (4-0)

1-0 Cato Aalen (5 min)
2-0 Svein Inge Nesset (23 min) 
3-0 Cato Aalen str. (32 min) 
4-0
Terje Kvam (45 min)
4-1 Serif Isiic str. (65 min)
5-1 Cato Aalen str. (70 min)
6-1 Svein Inge Nesset (81 min)

Les kva lærdal skriv om kampen her


Uavgjort for damelaget

syrillogo1.JPG logo bjorn1.jpg

Onsdag 30. april 2008: Etter fleire år utan damelag, klarar Syril endeleg å stilla lag. Sjølv om det i år har gått på bekostning av jentelaget, er det positivt for bygdi og Syril fotball. I kveld var det klart for comeback i 4.divisjon heime mot Bjørn på Syrilgrusen. Det unge mannskapet fekk med seg eit poeng i seriepremiera. Kampen enda 2-2. Har ikkje fått kampfakta, så det kjem eventuelt seinare.

4. divisjon damer
1. serierunde

Onsdag 30. april: Syril - Bjørn   2-2
Fredag 2. mai: Høyang - Sogndal
Søndag 4. mai: Jølster - Kaupanger 2


SYRIL VANN OVER VIK

scoring.jpg

Tysdag 29. april 2008: Første kamp for småjentene i år var heime mot Vik 1 på syril-grusen. Etter første omgang leia Syril 4-0, etter scoring i første minutt av Henriette og 3 flotte mål frå Linn. I 2. omgang reduserte Vik til 4-2.

Meir informasjon om småjentene finn du på deira område.


Kampar på Syril Stadion denne veka

Syril_stadion.jpg

Tid

Syrillag

Motstandar    

Kl.

 

Tysdag 29. april       

Jenter 13/14 år    

Vik 1

18:00

11`ar

Onsdag 30. april

Dame

Bjørn

18:00

11`ar

Torsdag 1. mai

Herre

Lærdal

16:00

11`ar


Elise Thorsnes utteken til
EM-kvalik

elise_thorsnes.jpg

Fredag 25. april 2008: Elise Thorsnes er blant dei 18 som er utteken til EM-kvalik mot Israel og Polen den 3. og 7. mai. Kampane vert spelt på Sør Arena og Viking Stadion.

Heile EM-troppen finn du på fotball.no


4. divisjon
3. serierunde

(For å lese meir om kampane på laga sine heimesider, klikk på laga)

Onsdag 23. april         

Førde 2

-      

Askvoll/Holmedal        

1-0

 

Årdal 2

-

Syril

1-2

Fredag 25. april

Dale

-

Sandane

4-2

 

Eikefjord   

-

Jølster

1-2

 

Lærdal

-

Saga

2-7

Søndag 27. april

Vik

-

Hornindal

2-0

Tabell etter 3. serierunde

 

Kampar

V

U

T

Målskilnad

Poeng

Saga

3

3

0

0

15-4

9

Vik

3

3

0

0

6-2

9

Dale

3

2

1

0

8-4

7

Førde 2

3

2

1

0

4-2

7

Jølster

3

2

0

1

5-2

6

Askvoll/Holmedal

3

1

0

2

6-6

3

Sandane

3

1

0

2

6-6

3

Årdal 2

3

1

0

2

5-6

3

Syril

3

1

0

2

4-8

3

Lærdal

3

1

0

2

4-11

3

Eikefjord

3

0

0

3

3-9

0

Hornindal

3

0

0

3

1-7

0

 


Strålande av gutelaget

Syril - Balestrand 10-1

Syril - Balestrand gutte 24.april.jpg

Torsdag 24. april 2008: Gutelaget spelte sin andre kamp i serien i år på grusen heime på SYRIL stadion. I det flotte vårvêret, varta gutane opp med storspel mot Balestrand.

Kampen enda 10–1 og det var mange som teikna seg på scoringslista i kveld. Mateusz Juszczak, Sindre Melås Hus og Kristian Slinde scora to mål kvar, medan Olav Selås Hauge, Eivind Gjerald og Per Eirik Lunde scora eit mål kvar. Med eit sjølvmål vart då resultatet 10–1 i ein velspelt og underhaldande kamp. Jarle Andersen var myndig og god dommar.

Andre kampar i same divisjon i kveld:
Vik - Lærdal 3-8
Årdalstangen - Aurland 7-2
Jotun - Sogndal2

Det er spelefri 1. mai før laget no møter Lærdal borte i neste serierunde 8. mai.

Andre kampar for Syril i dag:
G 12     Aurland - Syril 5-10
J 11/12 Syril1    - Lærdal 2-4
J 11/12 Luster   - Syril2
G 11     Syril1    - Sogndal2

Meir informasjon om gutelaget finn du på deira område.


Syril-siger med 10 mann

P1010039b.JPG
Jan Remø i garderoben etter 30 minuttar

Onsdag 23. april 2008: Syril tok ein sterk 2-1 siger over Årdal 2 på kunstgraset i Øvre Årdal i kveld. Jan Remø feller som bakerste mann, og vert utvist allereie etter 30 minuttar. Syril må for 3. gong i år fullføra ein kamp med 10 mann. Årdal får frispark like utanfor 16-meteren, og set frisparket i mål. Fortent 1-0 leiing til Årdølene. Stillinga held seg til pause.

Etter berre eit par minutt spel av 2. omgang utliknar Terje Thorsnes for Syril. Det var akkurat dette som skulle til for å skapa trua på siger for dei 10 på bana. Cato Aalen set inn 2-1 til Syril etter 59 minutt. Syril jobbar godt og held resultatet kampen ut. Vi gratulerar Syril med årets fyrste 3-poengar. Imponerande!!

Meir om kampen her


Thorsnes tilbake til Syril

09032008418.jpg
Terje Hove Thorsnes spelar mot Årdal 2 på onsdag

Mandag 21. april 2008: Terje Hove Thorsnes spelar igjen i Syrildrakta etter nokre sesongar i Sogndal og Kaupanger. Han er utleigd frå Kaupanger fram til sommaren, og er speleklar i seriekampen mot Årdal 2 på onsdag. Thorsnes er ein ung og lovande spelar som vi håpar fortset i klubben i fleire år framover. Vi ynskjer Terje velkomen tilbake til moderklubben, og vonar han har teke det rette valet.


3-1 tap mot Dale 

dale-syril180408.jpg

Fredag 18. april 2008: Det vart nok eit tap mot Dale på Dingemoen i kveld. Syril spelte ein god fyrsteomgang der laget burde putta både 3 og 4 mål, men marginane var ikkje tilstades. Mads Kapstad scora på ein av Dale sine få sjansar i omgangen. Laga gjekk til pause med flatterande 1-0 til Dale.

Allereie etter 7 minuttar i andre omgang får Syril straffe mot seg, men Bjørge Fedje reddar meistarleg. Etter 15 minuttar får Terje Kvam raudt kort, og Syril nok eit straffe mot seg. Fedje er nær også å redde denne, men Dale og Geir Harald Langeland aukar i staden til 2-0. Syril må spele siste halvtimen med 10 mann, og før laget har fått organisert seg skikkeleg etter utvisinga går Dale opp i 3-0 ved Einar Furset. Syril reduserte til 3-1 ved Jan Remø etter 70 minuttar. Syril klarte å få til eit visst press på slutten med ein mann mindre, men utan å få utteljing. Kampen endte til slutt 3-1 til storfavoritt Dale.

 Det må nemnast at ein heller finspelt kamp, vart prega av ein overivrig domar som delte ut 8 gule og eit raudt kort.

Kampfakta her


 Følg Dale - Syril på nett kl.19.00

nordicbet_logo.gif

Fredag 18. april 2008: Du kan følgja Syril i kveldens kamp på NordicBet sin LiveScore. Spelselskapet har liten tru på Syrilsiger og har sett oddsen til heile 4.55. Følg også Askvoll/Holmedal - Eikefjord som startar kl.18.30.

Link til Nordicbet
(
Gå på "LiveScore/Fotball" og scroll ned til Norge 4. divisjon)


 Gutelaget vann i seriestarten

Øystein Uglum Henjum.JPG
Øystein Uglum Henjum storspelte i opningskampen

Torsdag 17. april 2008: Gutelaget slo Bjørn 0–3 på grusen i Gaupne i seriestarten i kveld. Stillinga var 0–1 etter første omgang etter scoring av Eivind Gjerald. I andre omgang trygga Sindre Hus Melås og Olav Selås Hauge sigeren med eit mål kvar.

Det er meir enn ein sesong sidan vi klarte å unngå baklengsmål for gutelaget. Det viser at laget har eit godt forsvar som spelte godt gjennom heile kampen.  I forsvaret spelte Per Eirk Lunde, Benjamin Hundershagen, Ørjan Kongsvik Aall, Helge Henjum og Eirik Søderholm. Keeper Øystein Uglum Henjum gjorde ein flott jobb som sisteskanse med godt feltarbeid og myndig organisering av forsvaret. Dagens bilete frå kampen er difor Øystein – blid og smilande som alltid.

Ein annan kamp i divisjonen vart også spelt i kveld. Balestrand - Vik 3-2

Meir informasjon om gutelaget finn du på deira område.


Ny forsterking for Syril

Svein Inge Nesset.JPG
Svein Inge Nesset er speleklar mot Dale i morgon

Torsdag 17. april 2008: Svein Inge Nesset (24) frå Hareid er klar for Syril. Nesset har tidlegare spelt 124 kampar og scora 17 mål for 3. divisjonsklubben Hareid på Sunnmøre (Tabellplassering Hareid IL: 4.plass 2005, 3.plass 2006 og 4.plass 2007).

Svein Inge tek lærarutdanning i Sogndal, og vil vera busett i Sogn dei neste åra. Han har vist at han held eit høgt nivå, og scora blant anna 3-1 målet mot Kaupanger i debuten. Svein Inge Nesset er ein hurtig og ballsikker spelar, og har vist på trening at han kan bli ein joker for Syril i årets sesong. Han er eigentleg ein ving, men kan også brukast på topp. Tidlegare har Syril sikra seg klassespelarar som Terje Kvam og Bjørge Fedje. Sunnmøringen er med i kvitebussen til Dale i morgon. Vi ynskjer Svein Inge velkomen til klubben.


Eivind Gjerald utteken til kretslagssamling

Onsdag 16. april 2008: Eivind Gjerald (14) frå Syril er utteken til kretslagssamling for spelarar født  1994. Samlinga finn stad i Aurland 30. april og 1. mai.

Liste over spelarar som er uttekne finn du på SFFK sine nettsider


"Vaorens vidlaste eventyr"

kjeringiopen_logo.jpg

Onsdag 16. april 2008: Laurdag er det klart for årets Kjeringi Open. Over 570 påmelde, mykje snø i fjellet og vermeldingar som ikkje har vore betre på mange år gjer at alt ligg til rette for eit flott arrangement. Det er enno ikkje for seint å melda seg på.

Les meir på Kjeringi Open sine nettsider


Ny 4-1 siger for Saga i kveld

Onsdag 16. april 2008: 4. divisjonskampen mellom Saga og Årdal 2 er akkurat avslutta, og Saga gjekk sigrande av bana med same siffer som mot Syril. Førdelaget går dermed rett til topps på tabellen med ein kamp meir spelt. Meir om kampen finn du på Årdal FK sine heimesider.

4. divisjon runde 2:
Onsdag 16. april  Saga               - Årdal 2  4-1
Fredag 18. april   Dale                - Syril (Dingemoen stadion kl. 19.00)
Fredag 18. april   Askv./Holmedal - Eikefjord (Hilvang kl. 18.30)
Søndag 20. april  Lærdal             - Hornindal (Lærdal stadion kl. 15.00)
Søndag 20. april  Sandane          - Førde 2 (Idrettsplassen kl. 15.00)
Søndag 20. april  Vik                  - Jølster (Vik stadion kl. 15.00)


Bjørge Fedje klar for Syril

Bjørge Fedje.JPG
Bjørge Fedje

Tysdag 15. april 2008: I dag fekk Syril stadfesta at overgangen til Bjørge Fedje (23) frå Manglerud Star er i boks. Fedje er med Syriltroppen som reiser til Dale fyrstkomande fredag. Han har allereie debutert for systrondslaget i treningskampen mot Kaupanger.

Fedje har tippeligaerfaring frå Sogndal i 2004, og har spelt for blant anna Årdal FK, Cambridge United, Manglerud Star og Eikefjord. Han har også etter mine kjelder vore i trenarteamet til Lyn Toppidrettsgymnas. Trass sin unge alder har Bjørge fått mykje erfaring på høgt nivå. For tida er han med i Fjøra som keepertrenar. Bjørge Fedje blir ei stor forsterkning for Syril, og han vil heilt sikkert påverka laget positivt både på og utanfor bana. Vi ynskjer Bjørge velkomen til klubben.


Førde 2 - Dale 1-1 (1-0)

Tysdag 15. april 2008: Syril sin neste motstandar Dale spelte uavgjort 1-1 mot Førde 2 på Førde kunstgras i kveld. Dale måtte avslutta kampen med 9 mann etter utvisning og skade på stillinga 1-0 til heimelaget. To minuttar før full tid sette Geir Harald Langedal inn eit frispark, og utlikna til 1-1.

Les meir om kampen på Førde sine nettsider


Tap for damene mot Kaupanger

Av Jan Rune Mardal

Tysdag 15. april 2008: Syril spelte treningskamp mot Kaupanger 2 på kunstgras på Kaupanger Idrettspark i går kveld. Kampen enda 6-2 til Kaupanger, og pauseresultatet var 3-1. Syril sine mål vart scora Linda Strand og tidlegare kaupangerspelar Gjertrud Johnsen. Ann Mari Nondal scora hatrick for vertane. Dei andre måla kom ved Renate Buene, Sigrid Alice Hovland og eit sjølvmål.

Dette var stor framgang frå forrige kamp mot Høyang. Syril klarte seg nåkså bra mot eit kaupangerlag med nokre forsterkingar frå 1. lagsstallen. Keeper Maren Eggen, Katrine Wollf, Renate Buene og Ingrid Kvigne Bøe var med som forsterkingar for heimelaget.

Syril var godt med i kampen dei fyrste 15 minuttane, og litt ut i 2. omgang var stillinga 3-2. Laget er enno litt lite samspelte og spelarane er altfor beskjedne. Dette får ein tru kjem seg når serien startar, men det var svært god innsats frå heile gjengen melder spelande trenar Trude Risnes. Ragnhild Landstad debuterte som keeper for dei unge syrildamene. Veteranen Trude Risnes gjorde comeback på topp.

Syril stilte med følgjande lag: Ragnhild Landstad, Lene Lekven, Therese Tveit, Trine Lise Lie, Hilde Andersen, Bodhild Mundal, Linda Strand, Hildegunn Høgheim, Silje Andersen, Birte Andersen, Marit Verlo, Gjertrud Johnsen, Tori Pedersen, Kamilla Lien Kronholm, Trude Risnes.

Damelaget startar årets 3. divisjon onsdag 30. april kl. 19.00 på Syril stadion mot Bjørn.


Smågutelaget med ny seier i treningskamp mot Balestrand

Av Stein Harald Hjeltnes

I alt 22 spelarar drog til Balestrand 8.april for å spela treningskamp på Kreklingen stadion. Det var ei stor utfordring for trenarane med so mange spelarar som skulle innpå, men resultatet vart upåklagleg: 7-4 til Syril.

Dette lovar godt for sesongen som startar om knappe 14 dagar!

Det er mange spelarar på smågutelaget i år. I alt 27 har no vore innom treningane. Dei aller fleste har også vore med på ein eller fleire av treningskampane i vår. Me kjem til å ha eitt lag i 11-ar serien og eitt i 7-ar serien, og gjer vårt beste for at alle skal få spela flest mogeleg kampar. Det viktigaste er likevel å møta på treningar!

Serien startar med kampar måndag 21.april. Då spelar 11-ar laget mot Bjørn i Gaupne, medan 7-ar laget tek imot Hafslo på Syril stadion.


Gro Linde er vinnar av bildekonkurransen

Av Jan Rune Mardal

Søndag 13. april 2008: Gro Linde vann bildekonkurransen som har pågått på Syril.net i 10 veker. På dei 10 rundane er det kome inn 534 svar. Linde sikra seg 10 poeng på begge dei to siste rundane og vann til slutt 8 poeng føre nummer to, Rune Henjesand. Ingvill Njøs som har lege i toppen lenge, måtte ta til takke med 3. plassen. Gro Linde får eit frikort til alle kampar på Syril stadion arrangert av Syril Fotball i 2008. T-skjorter sponsa av Sogn og Fjordane fylkeskommune til Rune Henjesand, Ingvill Njøs, Kai Henning Slinde og Jan Bremer Remø.

Rett svar i runde 10 var Trude Risnes. Trude var ein viktig spelar då damelaget til Syril var på topp og spelte i 2. divisjon i 1998. Ho har også spelt for Kaupanger og bergenslaget Nymark. Ho har sete i styret i Fotballkretsen i 2 periodar på 90-talet, og har vore med i breiddekomiteen. Trude Risnes er utdanna trenar 1, og har fått høve til å trena miniputt, guttelaget og damelaget til Syril. I år er ho med å trenar damelaget, samstundes som ho sit i styret i Syril Fotball.

Syril.net takkar alle som har delteke på konkurransen.

Sjå resultat runde 10

Slutttabell etter 10 av 10 rundar

Nr.

Namn:

Adresse: 

Tal rundar med poeng:

Poeng:

1

Gro Linde

Leikanger

4

38

2

Rune Henjesand

Leikanger

4

30

3

Ingvill Njøs

Leikanger

3

26

4

Kai Henning Slinde

Slinde

3

20

5

Jan Bremer Remø

Leikanger

3

18

6

Sven Eirik Heggestad

Leikanger

3

16

6

Birte Andersen

Sogndal

3

16

8

Anita Merethe Heggestad

Leikanger

3

14

9

Wenche Aas Kristiansen

Leikanger

2

14

9

Anita Tufte

Leikanger

2

14

11

Steinar Henjum

Leikanger

2

12

12

Norman H. Fimreite              

Sogndal

3

10

13

Eivind Røysum

Leikanger

2

10

13

Stein Vangsnes

Leikanger

2

10

15

Stein Even Tufte

Leikanger

1

10

16

Gisle Venes

Slinde

2

8

17

Elin Christensen

Leikanger

1

8

17

Stein Vangsnes

Leikanger

1

8

17

Olav Linde

Leikanger

1

8

20

Eirik Njøs Mardal

Leikanger

1

6

21

Terje Verlo              

Leikanger              

1

4

22

Mette Stokkanes

Leikanger

1

2

22

Jon Rømmen

Leikanger

1

2

22

Oddrun Røysum

Leikanger

1

2


Resultat 4. divisjon
1. serierunde

Les meir om kampane på laga sine heimesider ved å klikke på laget

Syril - Saga 1-4 (0-2)
Årdal 2 - Hornindal 3-0 (1-0)
Vik - Askvoll/Holmedal 3-2 (1-1)
Eikefjord - Sandane 0-3 (0-2)
LærdalJølster 0-3 (0-1)
Førde 2 - Dale 1-1 (1-0)

Tabell

1 Saga 1 1 0 0 4-1 3 
2 Jølster 1 1 0 0 3-0 3 
3 Sandane 1 1 0 0 3-0 3 
4 Årdal 2 1 1 0 0 3-0 3 
5 Vik 1 1 0 0 3-2 3 
6 Dale 0 0 0 0 0-0 0 
7 Førde 2 0 0 0 0 0-0 0 
8 Askv./Holmedal 1 0 0 1 2-3 0 
9 Syril 1 0 0 1 1-4 0 
10 Eikefjord 1 0 0 1 0-3 0 
11 Hornindal 1 0 0 1 0-3 0 
12 Lærdal 1 0 0 1 0-3 0 


Syriltap i seriepremiera

Terje K.jpg
Terje Kvam spelte sin fyrste seriekamp for Syril, og vart kåra til dagens syrilspelar.

Torsdag 10. april 2008: Syril tapte i kveld 4-1 heime mot rutinerte Saga i seriepremiera. Syril starta bra, og hadde taket på kampen dei fyrste 20 minuttane utan å skapa dei heilt store sjansane. Etterkvart kom Saga meir og meir med, og vann til slutt fortent sjølv om 4-1 var i meste laget.

Kampfakta og meir om kampen her


Dugnad for a-laget

dugnad.jpg

Onsdag 9. april 2008: Mandag 14. april vert det dugnad for a-lagsspelarar. Jobben vert å rake vekk gamalt tørt gras for å få luft ned i grasmatta. Dugnaden vert lagt ein time før treningen mandag, altso kl.18.30. Alle møter med rake, og nokre utvalgte tek med trillebårer. Håpar dei fleste har moglegheit til å møta. Ta med kopp og godt humør!!


Syril på oddsen

nordicbet_logo.gif

Søndag 6. april 2008: Spelselskapet NordicBet køyrer oddstipping på årets 4. divisjon. Her får du også Livescore frå alle kampane i divisjonen. Syril.net skal vera NordicBet sin LiveScoreoperatør på Syril stadion.

Syril står med 15 i odds som vinnar av årets 4. divisjon. Lettjente pengar her altso...;). I ein e-post til Syril.net skriv NordicBet dette om vurderinga av årets sluttabell:

"Rekordtidlig start på årets 4.div Sogn og Fjordane! Allerede 10.04 tjuvstarter Syril og Saga årets sesong, og spilleselskapet NordicBet er ute med odds!

Vi tror Jølster vinner årets 4.div i Sogn og Fjordane til 3.50 i odds!. Jølster var nære opprykk i fjor, og kun opprykk bør være godt nok for laget i år. Rutinerte Saga og tradisjonsrike Dale tror vi er de nærmeste utfordrerene og disse står til 4 i vinnerodds.  Bak disse lagene kan det nok også finnes noen spennende outsidere i det som ligger an til å kunne bli en svært jevn 4.divisjon!"

Lenkje til NordicBet og 4.divisjon


Resultat runde 9

Runde9 Bilete6.JPG

Laurdag 5. april 2008: Gro Linde var raskast til å svare "Geir Aase" i runde 9, og går rett i tet a´poeng med Ingvill Njøs. Det er svært jamt i toppen før siste og avgjerande runde. Resultatlista etter 9 av 10 rundar ser slik ut:

Nr.

Namn:

Adresse: 

Tal rundar med poeng:

Poeng:

1

Ingvill Njøs

Leikanger

4

28

2

Gro Linde

Leikanger

3

28

3

Rune Henjesand

Leikanger

3

26

4

Kai Henning Slinde

Slinde

3

20

5

Sven Eirik Heggestad

Leikanger

3

16

5

Birte Andersen

Sogndal

3

16

Geir Johan Aase har engasjert seg innan både handball og fotball. I år har Geir site som leiar i handballgruppa, vore lagleiar for handballdamene, og no er han lagleiar for fotballdamene. Han brukar utruleg mykje tid på Syril. I skrivande stund tek han i mot ein fortjent pris for sin innsats for handballdamene.

Geir Aase.JPG
Geir Aase mottok i kveld pris for sin innsats for handballdamene i årets sesong

Sjå resultat runde 9


Gutelaget i framgang

Gutelaget2008.jpg

Fredag 4. april 2008: Etter eit seigt tap mot Lærdal i treningskamp i førre veke, var både innsatsen og spelet langt betre mot Balestrand i kveld. Gutelaget vann 3 – 6 på kunstgraset i Balestrand. Etter første omgang var stillinga 2 – 2.

Mateusz Juszczak og Olav Selås Hauge scora to kvar. Tomas Ølmheim og Marius Aaberge eit kvar. Bilde viser laget i garderoben etter kampen. Bak frå venstre: Per Eirik Lunde, Anders Hjeltnes, Ørjan Aall, Sindre Melås Hus, Kim Andrè Heggestad, Kristian Slinde og Øystein Uglum Henjum (keeper). Framme frå venstre  Mateusz Juszczak, Tomas Ølmheim, Olav Selås Hauge, Marius Aaberge, Helge Henjum, Eivind Gjerald, Lars Richard R. Hellebø og Eirik Søderholm. Lengst framme Benjamin Hundershagen.

Første serierunde er bort mot Bjørn  17. april og me gler oss til å komme i gang.


Avslutning

Handballdamene markerar sesongavslutning på Sognefjord Hotell laurdag 5 april. Damelaget og spesielt inviterte møter kl. 19.30. Seinare på kvelden er hotellet ope for alle. Kom innom for ein koseleg prat med husmødrene.  

handballlogo.jpg


Miniputtane starta sesongen i går

miniputt.jpg
Trenar Rune Wolff måtte læra spelarane å bruka heile plassen på bana. Ivrige miniputtar ville alla ha tak i ballen.

Torsdag 3. april 2008: Over 50 miniputtar starta ein rekordtidleg sesong på syrilgrusen i går. Med stor entusiasme og speleglede sprang spelarane villig etter ballen. Treningane var varierte med 60-meter, lengde, leik og moro og vart avslutta med spel og litt stafett. Ungane og dei mange føresatte som følgde treninga, stortreivst i soli på stadion.

Her er plass til fleire, så for dei som ikkje var med denne onsdagen, er treningstidene onsdagar frå 17.00 - 18.30 for 1. og 2. klasse. Mandagar kl. 16.30 - 18.00 for 3. og 4. klasse.

Vel møtt!


3-1 siger i generalprøva

Terje Kvam.JPG
Syrildebutant Terje Kvam

Onsdag 2. april 2008: Syril spelte ein god kamp mot eit forsterka Kaupanger 2 i kveld. Til tider vart Kaupanger rundspelt, og Syril skapte flust i sjangsar. Heimelaget kom berre til eit par halvsjansar i fyrste omgang, bortsett frå då det small i begge stolpane og i nota bak Bjørge Fedje etter 24 minuttar. Heimelaget gjekk til pause med ei ufortent 1-0 leiing, etter ei fin scoring av Ørjan Hjellhaug.

Andreomgang byrgja som i fyrste, med total syrildominans. Gultrøyene putta 3 mål og hadde full kontroll i forsvar. Kaupanger produserte knapt ein halvsjanse i denne omgangen. Syril sine mål vart scora av Ruben Tøfte, Joar Ølmheim og Svein Inge Nesset.

Syril stilte med 3 debutantar til denne kampen. Bjørge Fedje, Terje Kvam og Svein Inge Nesset.

Kampfakta


 Bjørge Fedje til Syril?

Bjørge Fedje.jpg
Foto: keeperskule.no

Tysdag 1. april 2008: Bjørge Fedje (23) har sagt ja til spel for Syril, og det vert no jobba for å få papira i orden. Fedje har tippeligaerfaring frå Sogndal i 2004, og har spelt for blant anna Årdal FK, Cambridge United, Manglerud Star og Eikefjord. Han har også etter mine kjelder vore i trenarteamet til Lyn Toppidrettsgymnas. Trass sin unge alder har Bjørge fått mykje erfaring på høgt nivå. For tida er han med i Fjøra som keepertrenar. Det er enno uvisst om det er snakk om utleigeavtale, men vi håpar papira kjem i orden til seriestart mot Saga om 10 dagar. 

Fedje har proffkontrakt med Manglerud Star, og reglane for overgang er då 30 dagar karantenetid. Ein utleigeavtale vert då einaste alternativet dersom Fedje skal nyttast i seriepremieren. I utgangspunktet skal Fedje hjelpa Syril i ein periode då vi har begge keeperane ute med skade og suspensjon.

Han har allereie fått med seg nokre treningar for systrondslaget, og det er stor sjans for at han står i mål i kampen mot Kaupanger i morgon. Vi ynskjer Bjørge Fedje velkomen til Syril dersom papira kjem i orden.


Resultat påskequiz 2008

Påskequiz1.JPG

Tysdag 1.april 2008: Då er resultata for påskequizen klar, og vinnaren vart Ingvill Njøs. Ho hadde imponerande 31 av 35 rette. Andreplassen vart delt mellom Kay Roger Haugen og Gro Linde som begge hadde 29 rette. I tillegg til heider og ære stikk vinnaren av med ei Kvit dame levert av Aarskog Bakeri og Konditori. Dei tre beste får t-skjorter sponsa av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Årets Quizspørsmål var ei lett blanding av enkle og vanskelege spørsmål relatert til Syril og Leikanger kommune. Av dei 35 spørsmåla måtte det sjølvsagt dukka opp spørsmål som måtte vurderast i ettertid. Spørsmål nr. 14 "Kor mange fotballag hadde Syril registrert i 2007?". Ifølgje statistikken til Sogn og fjordane fotballkrets vart det registrert 28 lag, og i Årsmeldinga til Syril stod det 18. Mange kryssa difor av på alternativ A, 19 lag. Grunnen til det store spriket var at etter at serien starta vart det påmeldt 10 miniputtlag. I årsmeldinga har ein brukt tal lag påmeldt før seriestart. Eg har vore snill og godkjent både alternativ A og C som rette svar. Dette vart ubetydeleg i kåringa av ein vinnar.

Syril.net gratularar vinnaren og takkar dei som deltok på påskequizen. Håpar på betre respons neste gong. Richard Nes frå Veitastrond skulle gå på hendene frå Leikanger til Veitastrond dersom han vann, det slapp han... :)

Fasit klikk her Word, lite

<
Plassering Namn Tal rette av totalt 35

1

Ingvill Njøs

31

2

Kay Roger Haugen

29

2

Gro Linde

29

4

Eivind Røysum

28

4

Siri Skjulhaug

28

6

Solveig Irene Yttri

27

6

Wenche Aas Kristiansen

27

8

Tor Henning Mardal

26

9

Olav Linde

25

10

Hilde Andersen

24

11

Birte Andersen

22