Framside / Volleyball / Team Anders vann grendacupen i volleyball for andre året på rad.

Team Anders vann grendacupen i volleyball for andre året på rad.

2. juledag arrangerte Syril grendacup i volleyball i Leikangerhallen for andre gong. I år var det påmeldt 18 lag til turneringa. Laga var inndelte i tre puljar der puljevinnarar og det 4. beste laget totalt, kom til semifinalen.

I semifinalane vann Leite United over Solbakken med 23 - 12, medan Team Anders vann over Svigermors Draum med 21 – 14.

 

I finalen spelte laga sett, og Team Anders vann etter å ha slått Leite United med 25 – 19 og 25 – 14.

 

På team Anders spelte Anders Røneid, Kari Holen Loftesnes, Elise Hove Thorsnes, Frode Hagen, Joakim Urdahl og Terje Risøy.

 

Arrangøren er godt nøgd med turneringa, og takkar både spelarar og publikum for god innsats. Me håpar at oppslutninga vert like god neste år både frå spelar- og publikumssida.

 

  • 4.5 av 5 stjerner.
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
Vurdering: 4.6/5 (5 stemmer avgitt)

Takk for din stemme!

Du har allerede vurdert denne siden, du kan kun stemme en gang!

Din vurdering er endret, takk for at du stemte!

Kommentarer