Framside / Volleyball / "Svigermors Draum" - vinnar av grendacupen 2011

"Svigermors Draum" - vinnar av grendacupen 2011

"Svigermors Draum" stakk av med pokalen i den årlege volleyballturneringa i Leikangerhallen.

 

Det var tidleg to lag som skilte seg ut i gruppa A. Til tross for innbyrdes siger til "Kan Jean Rockwell koma til sekritariatet?", gjekk "Svigermors Draum" vidare til finalespel på betre "målskilnad" (66 mot 46 plussmål).

 

"Team Anders" har vunne denne turneringa to år på rad, men tapte overraskande gruppefinalen mot "Krem Leite" i gruppe B. Begge laga stod ubesigra til dei møttest i siste kamp som utaføringane vann overlegent.

 

Finalen mellom "Krem Leite" og "Svigermors Draum" såg ut til å bli einvegskøyring etter at "Krem Leite" vann komfertabelt fyrste sett. "Svigermors Draum" tok seg saman, og vann dei to neste setta. Dei stakk dermed av med sitt fyrste napp i vandrepokalen. 12 lag deltok.

 

Også i år leia arrangementkommiteen turneringa vel i hamn. Sekritariat, domarar, kiosk og speaker skal ha skryt for ein særdeles god innsats. 

 

Årstal: Vinnarlag:
2011 Svigermors Draum
2010 Team Anders
2009 Team Anders

 

 

Vinnarlaget i Grendacupen i volleyball 2011 "Svigermors Draum".
Frå venstre: Jan Rune Mardal, Nils Henjum, Siv Jane Tufte,
Terje Tufte Henjum, Steinar Henjum og Lillian Bruheim.

Kommentarer