Framside / Skigruppa / Opningstider Kleppa skisenter 2012 - skitrekket

Opningstider Kleppa skisenter 2012 - skitrekket

I morgon, laurdag 7.januar, opnar skitrekket KLOKKA 11.00. 

 

Det er rekna med "full rulle" videre. Kveldskøyring tysdagar og torsdagar. Laurdagar og søndagar vert det ope på dagtid.

 

Det er gode forhold i slalåmbakken og i skogsløypene Skitrekket går som ei klokke. Det er engasjert 60 personar til vaktordning og drifting av skitrekket i januar, februar og mars. Sjølvsagt satsar me på ein snørik Kleppa-vinter. Dette blir morro.

 

Opningstider Frå Til
Tysdag (kveld) KL. 18.00 KL. 20.30
Torsdag (kveld) KL. 18.00 KL. 20.30
Laurdag KL. 11.00 KL. 15.00 (15.30 mars /april)
Sundag KL. 11.00 KL. 15.00 (15.30 mars/april)

 

KLEPPAKORTET (årskort m.m.)

Universalkort, som dekker alle aktivitetar for heile familien (event. Barn/vaksen) på Kleppa. Årskortet i slalåmbakken, skikarusellar, lysløypeavgift og treningsavgift langrenn. Kortet er for sal i vaktbua eller til bankkontonummer 3781.07.31029 merka med Kleppakort og namn. Ta med kvittering for utskriving av kort i vaktbua. Me oppmodar om at ein betaler på nett

 

 

 

PRISAR:

 

  BARN TOM 6ÅR BARN 7-15ÅR VAKSNE FAMILIE
KLEPPAKORT Gratis Kr.700,- Kr. 900,- Kr. 1.900,-
DAGSKORT Gratis Kr.80,- Kr. 100,- Kr. 200,-
KVELDSKORT Gratis Kr. 50,- Kr. 60,- Kr. 120,-
ENKELTTURAR Gratis Kr. 10,- Kr. 10,- Kr. 30,-

Alle i familien vil få utskreve eigne kort. Kortet kan ikkje overdragast til andre. Alle må bera kortet synleg på høgre overarm. Plastlommer er til sals i vaktbua for kr. 20,-

Alle må retta seg etter skilt i bakken og respektere oppsette sperringar og andre sikringstiltak. DET ER PÅBOD OM BRUK AV HJELM.(Gratis utlån også for vaksne)

 

Olav i farta

Øystein i lufta

Kommentarer