Framside / Skigruppa / Dugnad på KLEPPA laurdag 23.10 kl 10.00

Dugnad på KLEPPA laurdag 23.10 kl 10.00

Skigruppa i Syril arrangerer dugnad på Kleppa laurdag 23. oktober kl.10.00. Det er mange oppgåver som skal ordnast før snøen kjem.

Vi har mange oppgåver som skal ordnast før snøen kjem:

  • oppgåver som går på vedlikehald av trekket, rydding i og utafor trekkbua, maling, montering, vasking osv.
  • ryddeslått i bakke og trekk-trasseen
  • rydde/kaste ein del ting som står i Syrilhytta, reparere bord og stolar?

Det vert pause kl 12.00-13.00 med varm mat i Syrilhytta

Vi reknar med å vere ferdig til kl 15.00

Du bør ha med noko av dette:

  • Spade
  • Spett
  • Hammar
  • Skrujarn, stjerne/flat
  • Ryddeutstyr, kantklyppar med kniv, blad, saks, sag osv.
  • Motorsag, viss det skulle bli aktuelt.

Ellers håpar vi alle tek med godt humør og godt med arbeidslyst, så alle får ein kjempe vinter på KLEPPA!

Spørsmål ring: 95259712 Frode / 90 86 98 97 Stein

Kommentarer