Nyhende skigruppa i Syril
Skigruppa i Syril manglar administrator på Syril.net. Dersom du er interesser, ta kontakt med Jan Rune Mardal på e-post eller mob 90 66 72 36.
SKIKARUSELL
Det blir vanleg skikarusell som planlagd laurdag 4. februar
INSTRUKSJON I TELEMARKSVING
KVAR TORSDAG fram til vinterferien vert det instruksjon i TELEMARKSVING .
Fotoalbum. Våt Kleppakveld
Fyrste kveldskøyring i 2012 vart våt morro.
Godt oppmøte og spesielt mange ungdomar fekk ein regntunge kveld til å bli mykje morro med laussnøkøyring, fart, hopp og 180.
20cm nysnø før regnet var bra for dei som likar "våt pudder".
Nypreppa bakke frå Leikanger kommune set prikken over i-en for bakkekøyrarane. Masse skryt til prepparane.
Det vart sett ei lita slalåmløype for dei minste.
Fotoalbum. Eventyrdag på Kleppa.
Dag 2 på Kleppa skisenter.
Eventyrlege forhold med masse puddersnø, snø på trea, eit tett skydekke som gradvis gjekk over til blå himmel og sol.
Skikkeleg godt oppmøte i alle aldrar. Flott skikøyring med utruleg mange som imponerer i bakken.
Fotoalbum Kleppa skisenter . Oppstart 7.januar
Det var full rulle opningsdagen 7.januar.
Tett skodde var ikkje til hinder for mykje god frikøyring, flott teknikk, hopp og fall.
Flotte foto.
Opningstider Kleppa skisenter 2012 - skitrekket
I morgon, laurdag 7.januar, opnar skitrekket KLOKKA 11.00.
Skikarusell 2012
Skikarusellen på Kleppa starter 7. januar 2012 . Barneskigruppa har planlagt 5 langrennskarusellar og to alpinkarusellar. Eventuelle endringar vert lagt ut på Syril si heimeside www.syril.net.
Bok for registrering av turar til Øvstestølen er lagt ut i varmebua.
Klubbkveld hjå Intersport Sogndal
Tysdag 25. oktober arrangerar Intersport Sogndal klubbkveld frå kl.15.00 -21.00 på Sogningen Storsenter.
Skivestar
Om det er stor nok interesse vil skigruppa bestille skivestar i haust. Vestane er tilnærma lik dei vi har frå før.
Tinderittet som sosialt renn - med fellesstart utan tid
Tinderittet skulle vore laurdag 30. april. Tinderittet er eit fjellrenn for telemark, alpint og snøbrett, frå Nordre Dyrhaugstind (2100 moh) til Turtagrø (900 moh). På grunn av litt for dårlege snøforhold for fartsrenn, kan ein ikkje arrangera Tinderittet som planlagd.
