Framside / Innebandy / Innebandy

Innebandy på Leikanger

Du tenkjer kanskje «Hæ- er det innebandy på Leikanger? Kven driv med det, og når begynte dei med det?»

Her skal du faktisk få forklaringa.

Det starta opprinneleg hausten 2009 med Vegvesenet sitt bedriftidrettslag (Vegil), som spreidde infoen via venner og kjente i andre etatar for å få med seg endå fleire. No er det i tillegg folk frå både Difi, Nav, Fylkesmannen, Tannlegekontoret, Sognekraft, Høgskulen og fleire andre med.

Me er både gutar og jenter i alle aldrar, og dei fleste er nybegynnarar – men nokon få på laget har spelt organisert innebandy tidlegare.
Det siste året har det teke litt meir av- me har fått vant, mange nykommarar, og me har fått spele treningskampar mot seniorlag frå fylket. Det heile toppa seg på førsommaren i år når me plutseleg fikk tilsendt terminlista for sesongen 2011/2012 – med Leikanger som eit av laga i Seniorserien Sogn og fjordane!  Etter å ha fått nok interesserte til å stille lag så meldte me oss på…

Me har trening måndagar frå 21-22, og Torsdagar frå 16-17, og me tek godt imot nye som vil prøva seg.

Så langt denne sesongen har me spelt 4 kamper, og Laurdag 12 November kl 13 skal me spele første seriekampen på heimebane mot Spretten (Sogndal).

Det hadde vore superkjekt om det hadde kome litt publikum for å heie på oss, så ta med deg vetle bror, vener, foreldre, besteforeldre og ta ein tur på Saften laurdag då vel!