Vi treng administratorar på syril.net
Er du interessert i data, idrett, eller rett og slett ynskjer å bidra til å gjere syril.net bedre? Då er kanskje administrator for ei av gruppene på syril.net tingen for deg.
Vi treng administratorar for skigruppa, barnegruppa og klatregruppa.
Du treng ikkje ha erfaring frå oppdatering av nettside tidlegare, men dette er sjølvsagt ein fordel. Dette er ei enkel nettside å oppdatere, så med litt opplæring og hjelp kan kven som helst klare dette.
Vi ynskjer engasjerte personar som ynskjer å bidra til å heve nivået på nettsida.
Ta kontakt dersom dette virkar interessant, eller dersom du har spørsmål.
E-post: Jan Rune Mardal (Mob: 90667236)

