Framside / Hovudlaget / Syril.net i ny drakt

Syril.net i ny drakt

Den gamle nettsida har eksistert sidan oktober 2007, og har hatt over 40.000 unike gjester innom. No er den gamle nettsida historie.

Syril.net har eksistert på nett sidan oktober 2007, og har sidan den gong kun hatt ein person til å oppdatere. Nettsida har sidan starten hatt over 40.000 unike gjester innom fordelt på 133.000 besøk.

Administratorar
Ikkje alle gruppene i Syril har vore like flinke til å sende inn saker, men no vonar vi at innhaldet skal bli meir allsidig. Kvar gruppe skal no ha eigne administratorar som har ansvaret for sitt område. Når Syril.net no går over på ny plattform, håpar vi på ei betre nettside med god hjelp frå alle medlemer og lag. Har du ei sak til nettsida, send dette til administrator for den aktuelle gruppa.

Hovudnettsida Jan Rune Mardal post@syril.net
Fotball Sissel Espe sisselespe@gmail.com
Handball Jan Rune Mardal (Midlertidig) handball@syril.net
Friidrett Jørn Egil Gåsvær friidrett@syril.net
Ski Jan Rune Mardal (Midlertidig) syrilski@syril.net
Symjegruppa Christian Kleiven chris-kl@frisurf.no
Trimgruppa Jan Rune Mardal (Midlertidig) post@syril.net
Barnegruppa Jan Rune Mardal (Midlertidig) post@syril.net
Klatregruppa Jan Rune Mardal (Midlertidig) post@syril.net

Nyhende
Nyhende kan du lese under kvar gruppe. Dei 3 siste nyhendene vil ligge synleg på framsida.

Felles aktivitetskalendar
Vi har prøvd å lage den nye nettsida slik at folk kjenner seg att både med tanke på design og innhald. Nytt er felles aktivitetskalendar for heile Idrettslaget. Dei tre siste aktivitetane vil alltid vere synlege nederst på framsida.

Forum
Kvar gruppe har fått eigne forum som er tiltenkt ein enkel og grei informasjonsutveksling mellom medlemer, trenarar, lagleiarar og foreldre. Alle som skal delta her må registrere seg som brukar. Alle skal registrere sitt eige namn som "Brukarnamn". Eit slikt forum har eksistert på gamle nettsida, og har fungert veldig godt for dei gruppene som har brukt dette. Dersom forumet ikkje vert brukt til sitt formål vil denne bli fjerna.

Syril.net ynskjer alle ein fin sommar!

Kommentarer