Nytt forum for bruktmarknad
Det har lenge vore ynskja eit forum for kjøp og sal av bruktutstyr i Leikanger. No er det på plass!
Mange har sikkert ein del sportsutstyr i bod og garasje som dei ynskjer å selje eller gje bort. Det er også mogeleg å leggja inn eit ynskje om ting ein vil kjøpe frå andre.
La ikkje godt utstyr støva ned, då det kanskje er andre som kan ha bruk for dette. Hjelp ein sambygding med å få på plass rett utstyr til å kunne delta på bygda sine mange aktivitetar.
Gå til bruktmarknaden her , eller klikk deg inn på hovudmenyen øverst på nettsida.
(Syril Idrettslag er ikkje ansvarleg for produkt eller betaling for varer som vert formidla)

