Hovudlaget
Nytt forum for bruktmarknad
Det har lenge vore ynskja eit forum for kjøp og sal av bruktutstyr i Leikanger. No er det på plass!
Bedrift ynskjer anna parkeringsløysing
Tidlegare har medlemar i Syril vorte oppfordra om ikkje å parkere utanfor Saften. No har også Hermansverk Servicesenter gitt beskjed om at dei treng parkeringsplassane sjølve.
Vi treng administratorar på syril.net
Er du interessert i data, idrett, eller rett og slett ynskjer å bidra til å gjere syril.net bedre? Då er kanskje administrator for ei av gruppene på syril.net tingen for deg.
Julekalendaren 2010
Syril sin julekalendar er no i sal. Ta godt imot seljarane som kjem på døra dykkar.
Latskap kan koste Syril 10.000 kroner!
Parkering ved Saften har ikkje fungert godt den siste tida, og Syril oppfordrar brukarar av Leikangerhallen og Idrettssenteret om å parkere bak bygget.
Treningstider i Leikangerhallen
Siste versjon av treningstider i Leikangerhallen. Sjå treningstider pr.28.10.10
Syril.net på facebook
No kan du følgje med og halde deg oppdatert på Syril Idrettslag også på facebook. Sjå syril.net på facebook og bli medlem her
Bildegalleri
Har du eit godt idrettsbilde du vil dele med andre? Send det til syril.net . Skriv namnet på fotograf, og litt om kva vi ser på bildet.
Bildegalleri finn du på menyen til venstre.
Registrer deg på syril.net!
Registrer deg som brukar og delta i forumet på syril.net. Det er oppretta eit forum på kvar gruppe, og fleire forum på gruppene som stiller fleire lag. Dette forumet er meint som ein enkel kommunikasjon mellom trenar, lagleiar, foreldre og medlemer i Syril Idrettslag.
(Bruk ditt eige namn som brukarnamn!)
Syril.net i ny drakt
Syril.net har eksistert på nett sidan oktober 2007, og har sidan den gong kun hatt ein person til å oppdatere. Nettsida har sidan starten hatt over 40.000 unike gjester innom fordelt på 133.000 besøk.
