Fellestur til Askvoll, J14 og G12
Laurdag 12.februar vart Syrilbussen og bilen til Geir på nytt fylt opp, denne gongen både med Syril sine lag i jenter 14- og gutar 12- årsklassen.
Kl.08.00 sette me, 9 jenter, 7 gutar, Geir, Per Ove og Tore kursen mot Askvoll og nye handballkampar. Jentene skulle spele to kampar og gutane ein. Defekt varmeapparat på bussen, frosne ruter og 23 minusgrader langs Jølstravatnet sette ikkje stoppar for turen. Allsong og stor stemning i bussen varma meir enn varmeapparatet.
Sterkt forseinka var me framme i Askvoll, og etter eit kjapp klebyte måtte kampen setjast i gang. Ikkje akkurat noko ideell oppvarming til kampen.
Jenter 14 i aksjon...
I første kampen møtte syriljentene 1.laget til Askvoll/Holmedal. Skade tidleg i kampen og at fleire av jentene våre ikkje var heilt i form gjorde at me kom "bakpå" heilt frå start av. Heimelaget fekk fleire raske mål utan at me greidde å fylgje opp. Fleire stolpeskot av Syril gjorde også sitt til at sluttresultatet i kampen enda med 19-5 seier til heimelaget.
Etter to timars pause var jentene våre klare til ny kamp, denne gangen mot 2.laget til Askvoll/Holmedal. 5 av jentene frå 1.laget stilte også opp i kampen for 2.laget til Askvoll/Holmedal. På grunn av skade og sjukdom hadde me avtala med A/H å spele med 6 i staden for 7 spelarar på kvart lag. Syril takkar heimelaget for dette.
I denne kampen hadde jentene bestemt seg for å yte det dei hadde igjen av krefter for å ta med poenga heim. Jentene gjekk tøft ut og scora jamt utover i kampen. Tidvis flott spel både i angrep og forsvar sikra at jentene hadde full kontroll gjennom heile kampen. Kampen enda til slutt 9-13 til Syril. Flott jenter, og tusen takk til dykk som stiller opp for kvarandre og vart med på Askvoll.
Og så var det gutar 12 sin tur
I siste kampen var det gutane sin tur. Med kun 7 spelarar med måtte alle spele heime kampen. Dette såg ikkje ut til å hemma dei i det heile. Gutane tok tidleg tak i kampen, og hadde etter kvart full kontroll. Sluttresultatet enda med seier 8-15 til Syril. Flott gutar.
... og Birte, Per Ove er knallbra til vindaugsvask!

