Framside / Friidrett / Olaug og Rolf Inge på NCC-leikane

Olaug og Rolf Inge på NCC-leikane

Rolf Inge Kristiansen på stafetten, der
Sogn og Fjordane dessverre vart sist..

Olaug Grut Andersen og Rolf Inge Kristiansen representerte Syril og Sogn og Fjordane på ein god måte på årets NCC-leikar på Osterøy.

Olaug Grut Andersen sprang 600 m på 1,58,78 (11.plass) og 1500 m på 5,50,90 (5.plass).

Rolf Inge deltok på 200 m. der han tok ein flott 5.plass med tida 27,94; mindre enn eit 1/2-sekund bak vinnaren. Han var og med på 60 m der han fekk resultatet 8,79 (11.plass), på 600 m. der han fekk 6,plass på 1,49,86 og i lengde der han fekk plass nr. 15 med 3,16 m.

God innsats av begge dei unge og lovande utøvarane frå Syril, som begge deltek i 13-års-klassa.

Foto: Trygve Feidje (http://picasaweb.google.no/TrygveFM ).