SYRIL MED ÅRETS FYRSTE 3-POENGAR
22. april 2010: Syril - Gaular 4-1
Syril Stadion
Syril stillte med følgande lag:
Eivind Røysum, Per Eirik Lunde, Jan Remø, Kai Henning Slinde, Joar Strand, Olav
Selås Hauge, Joar Ølmheim, Bård Henjum, Eivind Gjerald, Anders Hjeltnes, Jan Tore
Slinde. Reserve: Daniel Carocca Montero (inn for Kai Henning Slinde i 63. minutt),
Tomas Ølmheim (inn for Joar Strand i 78. minutt), Helge Henjum (inn for Jan Tore
Slinde i 86. min), Benjamin Hundershagen og Øystein Henjum.
Dei fyrste minutta av kampen er prega av at begge laga kjempar men skapar lite.
Etter kvart får Syril eit lite overtak og 10 min inn i kampen spelar Joar Ølmheim
Anders Hjeltnes fri , men skotet går dessverre over. Etter om lag 15 min har
Gaular ein kjempesjanse, langskot som smell i tverrliggaren. Syril fortset med press
og Jan Tore Slinde skapar stadig utfordringar for Gaular-forsvaret med fint
duellspel. Mellom anna stussar han eit utspel frå Eivind Røysum vidare til Anders
Hjeltnes som set ballen over. Etter om lag 30 min kjem Gaular meir med i spelet, men
forsvaret til Syril ryddar fint opp. Etter 41 min kjem 1-0. Syril får corner som
Gaular klarerar. Frå om lag 25 m skyt/lobbar Anders Hjeltnes ballen i lengste
hjørnet. 1 min vert lagt til i fyrste omgang.
2. omgang startar med ein kalddusj for Syril. 1 min ut i omgangen kjem ein
Gaular-spelar på gjennomløp og utliknar til 1-1. Syril fortset presset og 4 min
seinare står det 2-1. Jan Tore Slinde får ballen på midtbana, gjer ein flott
soloprestasjon og scorar frå 16 m. Utover i kampen fortset Syril med godt spel, men
Gaular er frampå fleire gonger med brot og gjennomspel. I det 79-ande min får Syril
straffe som Jan Tore set sikkert i mål. Gaular pressar på, men skapar ikkje dei
store sjansane. Syril er nær ny scoring då Bård Henjum set eit skot som keeperen so
vidt får fingrane på. Etter 86 spelte minutt vert det 4-1 til Syril. Eivind Gjerald
lobbar frå 30 m. Dommar Ragnar Aamodt legg til 3 min. og etter 48 min er fyrste
sigeren for Syril i 2010-sesongen eit faktum.
Joar Strand vart kåra til Syril sin beste spelar.
Neste kamp for Syrilherrane er borte mot Veitastrond torsdag 29. april kl.18.00.
Jan Tore Slinde vert gratulert av dagens Syrilspelar Joar Strand.
Kai Henning Slinde "ruvar" høgst i denne duellen.

