Ølmheim gjere comeback
Mandag 11. januar 2010: Joar som seinast i 2008 sesongen var kaptein og kanskje Syril sin viktigaste spelar har bestemt seg for å gjere comeback for Syril. Joar hadde som kjent eit fri år i 2009 sesongen, men har i år bestemt seg for å igjen å trekke på seg den gule trøya.
Det er ikkje til å legge skjul på att Joar var sterkt ønska foran årets sesong og når han sjølv og hadde lyst og ikkje minst tid til å igjen spele fotball, so er me glad for att han ville fortsette karrieren på Syril. Joar er ein leiartype og ein som alltid gjir alt for klubben..
Utenom Joar so har også Kai Henning Slinde sagt ja til å spele for Syril i år. Kai stilte opp ein del i fjor også, særleg når me sleit mykje med skadar.
Syril har i år mykje unge spennande spelara som har komt opp, og det er ikkje tvil om att det er viktigt med spelara som Joar, Kai Henning, Eivind og Cato i troppen. Dei unge vil lære mykje av dessa ringrevane.
Marius Midtun Aaberge har i vinter trena med Fjøra. Marius imponerte Fjøra og dei ynskte han i deira stall. Marius takka ja til det, og Syril ynskjer Marius lykke til i Fjøra.

