2010
Adeccoligadommar har meldt overgang til Syril
Adeccoligadommar Frode Ølmheim, busett på Leikanger,har meldt overgang til Syril.
Dette er ei positiv hending for Syril, så velkomen som medlem i vårt idrettslag!
Fotballfesten 2010 - kåringar og utmerkingar
60 festkledde deltok på ein triveleg fotballfest på Sognefjord Hotell laurdag. Her vart fleire hedra for sin innsats i årets sesong.
Fotballfesten 2010 - påminning
Årets fotballfest vert arrangert laurdag 6.november. I tillegg til seniorlaga med lagleiarar og trenarar, vert festen i år for alle andre som gjer ein innsats for Syril fotball. Vi minner no om påmelding for dei som enno ikkje har meldt seg på banketten.
Fotballfest
Årets fotballfest vert arrangert laurdag 6.november. I tillegg til seniorlaga med lagleiarar og trenarar, vert festen i år for alle andre som gjer ein innsats for Syril fotball.
Syril spelar 4.divisjonsfotball også neste sesong
Ein svært spanande serierunde i 4.divisjon der 5 lag kjempa om 4 plassar: Syril trengde eitt poeng borte mot Selje for å vera sikre. Det greidde dei! Selje - Syril 1-1 etter scoring av Jan Tore Slinde.
Følg 4.divisjon live
Du kan følgje skjebnerunden i 4.divisjon live på Firda.no . Kampstart kl.15.00. Følg kampane her
Syril - Årdal 2 5-4 (3-3)
Robin Moheim scora alle måla for Årdølene, medan Jan Tore Slinde (3) og Endre Navarsete (2) scora for Syril.
Damelaget spelte uavgjort i Sogndal
Sogndal 2 - Syril 1-1
Damelaget spelte sin siste kamp for sesongen fredag 24.september.
Eikefjord – Syril 2-3 (1-1)
Syril tok ein sterk bortesiger mot Eikefjord i dag. Systrendingane vann 3-2 og tok med seg 3 viktige poeng i kampen om fornya kontrakt i "nye" 4.divisjon. Anders Hjeltnes, Cato Aalen og Bård Henjum scora for Syril.
