Nye garderobar
Torsdag 25.mars 2010
: Dei nye garderobane på stadion tek no form og
vil vere klare til bruk om lag 1. mai. Slik bileta viser er mykje av flisinga
ferdig og dette gir lyse og trivelege garderobar som er lette å halde vedlike.
Dusjane er moderne med fotocellestyring.
Lærar og dommargarderobane er romslege med eigne
garderobeskap.
Det er også bygt nytt utstyrsrom til oss i SYRIL. Dette er noko større enn
vårt gamle (3 x 5 m). I tillegg har det hems i full høgde slik at vi får god
plass til ting som skal langtidslagrast. Innreiing av utstyrsrommet vil ta
til midt i april så snart golvet er ferdig støypt. Dette vil medføre ein del
dugnadsarbeid, men det kjem vi tilbake til.
Helsing
Nils Magne
- utstyrs og anleggsansvarleg i fotballgruppa -
- utstyrs og anleggsansvarleg i fotballgruppa -

