Framside / Fotball / 6. strake siger for Syril mot Lærdal

6. strake siger for Syril mot Lærdal

Eivind Røysum sikra alle 3 poenga for Syril
med ein kjemperedning i sluttminuttane.

Syril vann i kveld 2-1 mot tabellnabo Lærdal. Syril sine mål vart scora av Anders Hjeltnes, og ein susar frå dagens syrilspelar Endre Navarsete.

Syril - Lærdal 2-1 (0-1)

0-1 Jan Andre Voll (26.min)
1-1 Anders Hjeltnes (57.min)
2-1 Endre Navarsete (72.min)

Syril - Lærdal 2-1 (0-1)

Syril stadion, 20. august 2010

4. divisjons karane held seg fortsat i "flytsona" og slo Lærdal 2-1. Kampen vart prega av tildels hardt spel og dommar Øyvind Grindheim frå Svelgen måtte henta fram det gule kortet mange gonger.

Syril sitt lag:
Eivind Røysum, Vegar Røysum, Jan Remø, Kai Henning Slinde, Aslak Djupedal, Endre Navarsete, Jan Tore Slinde, Per Eirik Lunde, Anders Hjeltnes, Steinar Henjum, Olav Selås Hauge

Reserve:
Daniel Carocca Montero (inn for Steinar Henjum i 84. minutt), Helge Henjum, Benjamin Hundershagen, Bjørn Orrestad, Ruben Tøfte (inn for Kai Henning Slinde i 15. minutt), Kristian Slinde (inn for Olav Selås Hauge i 89. minutt)

Lærdal har avspark. Dei fyrste minuttane av kampen er Syril det beste laget. Sjølv om Lærdal etter 2 min kjem på ein kontring so er heimelaget meir agressive i duellane og får til spelet sitt. Når klokka nærmar seg 10 minutt har Lærdal snudd kampen og får pressa Syril bakover på bana. Syrilspelarane blir springande mykje i mellom og klarar ikkje å komme seg ut av eige målområde. Kampen held fram i samme sporet dei 15 neste minutta. Syril får til nokre kontringar som fort kunne ha resultert i mål, men det vert berre nesten. 27 minutt er spelt når Lærdal får frispark 5 meter inn på Syril sin banehalvdel. Eit høgt innlegg vert møtt av ein Lærdalspelar som set inn 0-1 med hovudet. Slik kampen har utvikla seg er ikkje dette ufortent. Etter målet kjempar Syril seg høgare på bana og får ny sjansar på kontringar, men det vert for upresist. Mot slutten av omgangen har Lærdal teke over att og når dommaren bles av etter vel 46 minutt leiar Lærdal fortent.

Problemet i fyrste omgang har vore at det har vorte for stort strek i laget og at Lærdal har fått for store område å spele på. Planen for andre omgang blir å ligge meir kompakt og bruke overgangane som byr seg.

Dei 4-5 fyrste minutta av andre omgang føregår på midtbana, kanskje med eit lite overtak av Lærdal, men når omlag 50 minutt er spelt har Syril omgjort planen frå pausen til verkelegheit. Lagdelane heng mykje bedre saman og trøkket frå heimelaget er mykje bedre enn i fyrste omgang. 53 minutt er gått då Anders Lunde Hjeltnes får ein passning i bakrommet. I slike situasjonar er han meget god og han set ballen flott forbi målvakta til Lærdal, 1-1. Syril forset med tett og kompakt formasjon utover i omgangen og skapar fleire sjansar. Lærdal får til lite sjølv om dei er frampå nokre gonger. Vel halvtimen er spelt når Ruben Tøfte vert felt omlag 25 meter frå mål. Endre Navarsete tek frisparket og set ballen heilt oppe i vinkelen. 2-1.Kjempescoring! Etter dette vaknar Lærdal att og set inn ein sluttspurt og i perioden frå 78. minutt og til 85. minutt har dei fleire sjansar, men derifrå og ut so tek Syril stort sett kontroll att. 4 minutt vert lagt til.

Etter ein heller dårleg fyrste omgang synte Syril virkeleg styrke i andre omgang og sende gjestene heimatt med 0 poeng. Dette var Syril sin 8. strake kamp utan tap, og 6. strake siger.

Endre Navarsete vart stemt fram som den beste Syrilspelaren i dag.

Neste kamp er borte mot Kaupanger, torsdag 26.08.2010 kl. 19:00

Referat på Lærdal IL sine nettsider
Artikkel på sognavis.no

Terminliste/Tabell

Kommentarer